Bli med på 25-årsjubileet til LNK! Meld deg på landstinget vårt no!

Skrive av Svein Olav Langåker .

 
 
Landssamanslutninga av nynorskkommunar inviterer til landsting i Førde 6.-7. juni på Scandic Sunnfjord Hotell. LNK vil samstundes feira 25-årsjubileet sitt.
Landstinget er ein viktig møteplass for dei over 100 nynorskkommunane, og me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
 
Landstinget har fire hovudtema:
• Den digitale framtidsskulen på nynorsk
• Klarspråk i kommunereforma
• Mediemeldinga og framtida for nynorsk i lokale media
• Med nynorsk på tanken: om korleis stimulera til fleire nynorske kulturproduksjonar gjennom Kulturtanken/DKS.
 
Til festkvelden kjem Tore Renberg og Tønes for å spela og samtala på Larris Scene på Scandic Sunnfjord Hotell.
Tore Renberg er ein strålande vikar for Ragnar Hovland som først var sett opp saman med Tønes.
 
MELD DEG PÅ HER: https://sfj.pameldingssystem.no/landsting
Påmeldingsfrist: 24. mai
NB: Hotellet er fullt frå onsdag til torsdag, men det er enno plassar frå torsdag til fredag.
 

PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK

Torsdag 6. juni

Tema:

09.00   Registrering

10.00   Opning: Velkomen til Førde v/ordførar Olve Grotle og styreleiar Solfrid Borge

10.20   Statssekretær Atle Hamar helsar frå regjeringa

10.35   Kulturell opning med fløyte- og slagverkduoen Helga Lied Wyrtz og Thomas  Aanonlie.

Tema: Klarspråk og nynorsk inspirasjon

10.50   Ole John Østenstad innleier om klarspråkarbeid i den nye Sunnfjord kommune

11.00   Samtale om klarspråk med Ole John Østenstad, statsekretær Atle Hamar (V) og  Steffen Rogne, kommunikasjonsansvarleg i Hå kommune, Årets klarspråkkommune. Ordstyrar: Vigleik Brekke, informasjonsleiar, Fjell kommune

11.40   Nynorsk inspirasjon: 
Om nynorskkurs for foreldre ved Petter Steen jr., prosjektleiar i  Sveio kommune

Prosjekt «Stolt av eige språk» ved Jorid Saure, Fjell kommune

Rom for ord – eit nynorsk litteraturhus  for distrikta, ved Janne Karin Støylen, Svidal Skriveri

12.30   Lunsj

Tema: Med nynorsk på tanken

13.30   Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune innleier

13.35   Med nynorsk på tanken – korleis få fleire produksjonar på nynorsk gjennom  Kulturtanken? Ved direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik.

1350: Samtale om nynorsk i Den kulturelle skulesekken: Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Bodil Kvamme, teatersjef, Sogn og Fjordane Teater, Ingebjørg Erikstad, Janne Karin Støylen, Svidal skriveri og Rom for ord og Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken.

14.30  Pause, kaffi, frukt, utstillarar

Tema: Nynorsk i media

14.50  Nynorsk i media: Mediemeldinga er lagt fram, og ny språkmelding kjem. Kva er utfordringane, og korleis kan nynorsken styrkast som mediespråk?  – med Rune Hetland, generalsekretær Landslaget for lokalaviser og Kai Aage Pedersen, ansvarleg        redaktør i Firda. Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker.

16.00   Årsmøte LNK

16.30   Møteslutt

18.00   Aperitiff og middag

20.00   Tønes og Tore Renberg reddar kvelden - prat, poesi, song og spel på Larris-scenen.

Fredag 7. juni

Tema: Nynorsk og digitalisering av skulen

08.45   Leiartale ved Solfrid Borge og framhald av årsmøte i LNK.

09.30   Pause og utsjekk

10.00   Den digitale framtidsskulen, ved Ingvild Vikingsen Skogestad, prosjektleiar Digg  læring ved Knappskog skule. Kva er det som gjer at sjefar i Google og It's Learning kjem på besøk for å læra korleis ein skule i Fjell kommune jobbar med digitale læremiddel?

10.20   Språkdirektør Åse Wetås om digitale læremiddel på nynorsk

10.50   Det digitale læringsmiljøet i nynorskskulen – innleiing ved høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk, Hjalmar Eiksund.

11.10   Om digitale skulesatsinga til LNK ved Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker

11.20   Samtale om korleis digitale læremiddel og dei nye læreplanane kan styrkja  nynorsken. I panelet: Åse Wetås, Hjalmar Eiksund, Ingvild Vikingsen Skogestad m.fl.

12.10   Jens Kihl, kommentator i BT, kåserer og utfordrar nynorskkommunane før slutt

12.40   Møteslutt og lunsj

Det kan bli nokre mindre justeringar i programmet. Me har sett av éin time til korte presentasjonar av gode nynorsktiltak i kommunane. Har du innspel til tiltak som fleire bør få vita om – ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.!
 
Slik kjem du deg til Førde:
Ekspressbussruta Fjordekspressen går frå Bergen og frå Trondheim, og passar slik for både reisande frå nord og sør på Vestlandet.
Det er òg mogleg å ta fly med Widerøe til Førde frå Bergen og Oslo.

Utskrift