ÅRSMELDING FOR LNK (1999-2000)

I INNLEIING

II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

- Arbeid overfor medlemene våre
- Arbeid inn mot sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar i kommunesektoren
- Medlemskontakt og informasjon

III FAKTA OM LNK

- Skipingsmøte og landsting
- Medlemstal
- Styret
- Økonomi
- Administrasjon
- Samarbeid


I INNLEIING

Meldingsåra 1999 og 2000 har vore spennande og utfordrande for LNK. Vi har funne fram til ei prosjektorientert arbeids- og organisasjonsform som ser ut til å fungera bra, samstundes som dette fører til lettare økonomistyring og ein meir fleksibel organisasjon.
Vi trivst godt i Pilestredet 8, saman med gode vener og nærskylde.

LNK er ein ung interesseorganisasjon. Fram til no har organisasjonen vakse jamt og trutt, men ser ut til å ha stabilisert seg med i overkant av 100 medlemer. Vi veit at vi har eit "vekstpotensial" på rundt 25 kommunar, og vi arbeider for å få desse på plass i samanslutninga. Men både nyrekruttering og det å halda på gamle medlemer krev at vi heile tida utviklar oss og tilbyr endå betre tenester.

Framleis er det dei økonomiske rammene som avgrensar ambisjonsnivået i LNK. Tilskotet over statsbudsjettet har ikkje blitt auka dei siste åra, trass i at styret ved fleire høve har dokumentert mange uløyste språkpolitiske oppgåver der staten bør kjenna eit medansvar.

I meldingsåra har LNK prioritert hovud-satsingsområdet: Nynorsk og data. I tillegg til eigeninnsatsen har strategien vår som liten organisasjon vore å arbeida for å skapa alliansar som og kunne vera opptekne av dette ansvarsområdet. Vi rettar ei stor takk til dei andre medlemene i Nynorsk Forum som har vore med og gjort ein stor innsats slik at det viser att etter nynorskrørsla på data-området.

Landssamanslutninga arbeider ut frå ein idé om språket som kulturell og nasjonal identitetsskapar. Dersom dei to målformene våre får høve til å utvikla seg side om side og på like vilkår, har me lagt grunnlaget for ein språkleg dynamikk som kan skapa kulturell vekst og sjølvkjensle.

Til toppen



II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

1. Arbeid overfor medlemene våre

* I arbeidsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for å få utvikla nynorsk bruksspråk innanfor alle sektorar. I meldingsåra har styret først og fremst konsentrert arbeidet om nynorsk og IKT.

* I arbeidsprogrammet står det at LNK skal utarbeida oversikt over nynorskmateriell som kan nyttast i offentleg administrasjon, skule, barnehage osb. Vi er no i gang med innhenting av tradisjonsstoff til bruk i barnehagar og skulefritids-ordningar. Målet er at dette skal resultera i ei bok eller ein CD-ROM der vi gjer materialet tilgjengeleg for medlemene våre. Dette arbeidet kjem til å få høg prioritet frametter, men føreset truleg eksterne tilskot.

* Som ein lekk i strategien for å sikra betre språk og meir vektlegging av lokal kultur i barnehagane har LNK oppretta stiftinga "Pirion" saman med Noregs Mållag. Stiftinga har som føremål å gi ut bladet "Pirion". Bladet er eit tilbod til alle styrarar og tilsette i norske barnehagar.

* I januar 2001 skipa LNK og Noregs Mållag til konferansen "Kulturarbeid i barnehagar". Konferansen samla meir enn 70 deltakarar, og har ført til at fleire kommunar har bedd om tilsvarande kursopplegg. Desse kursa skal førast vidare.

* Informasjon og tilbod om kurset "På saklista - nynorsk språk- og dokumentlære" vert sendt til medlemene ein gong i året. Vi får særs gode tilbakemeldingar på både hefte, kurs og kurshaldarar, men alt for få gjer seg nytte av kurset. Heftet er gitt ut i samarbeid med Fagbokforlaget, og LNK har ein stab ar kurshaldarar rundt om i landet. Nokre av kurshaldarane kjem til å få tilbod om oppfriskingskurs hausten 2002.

* Om lag 35 av medlemskommunane våre har no arbeidd fram/vedteke målbruksplanar. Dei fleste byggjer på malen som LNK sender ut, men oftast med lokale justeringar og tillegg.


2. Arbeid inn mot sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar i kommunesektoren

* I 2000 gav LNK, saman med Det Norske Samlaget, ut kursheftet: "På saklista - nynorsk språkbruk i statsforvaltninga". Heftet byggjer på "På saklista"-kurset for kommunetilsette, er skrive av Jan Olav Fretland og tilrettelagt av Asgeir Olden. LNK heldt kurs for nye og gamle kurshaldarar i mai 2000, og har no opp mot 20 kurshaldarar rundt om i landet. Både kurset og heftet kan vera nyttige verkty for mange statstilsette, men sal av kurs og hefte har vore skuffande til no, trass i fleire marknadsføringstiltak, både frå Samlaget og LNK si side.

* Nynorsk og data har vore det viktigaste satsingsområdet for LNK i meldingsperioden. I januar 1999 skipa vi til konferansen "Kven styrer språket" saman med Det Norske Samlaget. Sidan har det uformelle samarbeidsorganet for nynorskorganisasjonane, Nynorsk Forum, sett opp nynorsk og data som hovudsatsingsområde, noko som forpliktar heile nynorskrørsla. LNK, Nynorsk Kultursentrum og Det Norske Samlaget har saman finansiert Aksjon nynorsk data 2000. Aksjonen samla mellom anna inn underskrifter frå 110 ordførarar og om lag 500 rektorar som krev at administrativ programvare som skal brukast i det offentlege, skal liggja føre i nynorsk versjon.
Det viktigaste kravet vårt er at det kjem inn føringar om målbruk i programvare i forskriftene til "Lov om offentlige anskaffelser".
Kravet vart først presentert for dåverande statsråd Lars Sponheim.
Statsråd Grete Knudsen overtok ansvaret for "innkjøpslova" og vart samstundes IT-minister i 2000. Då statsråden fekk overlevert ordføraroppropet i mars 2001, kalla ho det for eit "rettvist" krav at administrativ programvare til bruk i statsadministrasjonen skal finnast både i nynorsk- og bokmålsversjon.
Forskriftene til lova skal liggja føre sommaren 2001.

* Styret ønskjer vidare å setja språkspørsmål på dagsordenen ved å synleggjera samanhengane mellom språk og identitet, slik seminardelen av Landstinget 1999 la opp til. Hausten 2000 sette LNK opp regionale seminar om dette i Bykle og på Otta. Begge tilskipingane måtte avlysast grunna for dårleg påmelding. Eit liknande seminar vert sett opp att hausten 2001, men då med alle medlemene som målgruppe.

* Kommunenes Sentralforbund (KS) fekk i 1996 inn eit punkt om språkleg jamstilling i langtidsplanen for 1996-1999. Vedtaket kom som eit resultat av det arbeidet LNK, saman med medlemene våre, la ned i saka. Det verkar ikkje som om KS ønskjer eller har kompetanse til å følgja opp vedtaket, og dette er ei sak som styret ønskjer å fylgja opp.

* Styret har i 2000 dessutan arbeidd med nye verkeområde for mållova og ordninga med øyremerkte midlar til kommunar med språkdelte klassar.


3. Medlemskontakt og informasjon

* I meldingsåra har LNK-nytt kome ut med ni utgåver. Bladet vert no sendt til formannskapskontoret i medlemskommunane, og meininga er at alle etatsleiarar og kommunestyrerepresentantar skal få det utsendt saman med sakspapir til kommunale møte osb. I tillegg vert bladet sendt til alle bibliotek i landet, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrifter og til Stortinget.

* Innhaldet i LNK-nytt vert og lagt ut på LNK sine internettsider, som stadig får fleire brukarar (om lag 1500 treff per månad). Det er naturleg å gradvis satsa meir på nettstaden vår.

* I år 2000 vart det arbeidd ut ein ny informasjonsbrosjyre og nye brosjyrar om dei ulike tilboda organisasjonen har.

* Alle medlemene i LNK skal ha peika ut medlemskontaktar, men det syner seg at denne ordninga ikkje fungerer like godt alle stader. Ordninga bør såleis evaluerast i perioden som kjem.

* Arbeidsprogrammet og informasjonsplanen ligg no i botnen av informasjonssatsinga i organisasjonen. Informasjonsplanen er frå 1997 og skal rullerast hausten 2001.

* Det vert rutinemessig sendt ut pressemeldingar om alle tilskipingar, prinsipielle fråsegner og aktuelle saker som organisasjonen arbeider med.

* Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremja nynorsk språk, men kan og gjevast til einskildpersonar. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva.

Prisvinnarar til no er:
o Ullensvang herad
o Vågå reiselivslag
o Fylkesmannen i Rogaland
o Fjell kommune
o Sogn og Fjordane Idrettskrins
o Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)

Til toppen

III FAKTA OM LNK

Skipingsmøte 1993
Landssamanslutninga av nynorskkommunar vart skipa i 1993.

Landstinget 1995
Landstinget 1995 vart halde i Ullensvang herad 7.-9. juni 1995. 42 medlemer var representerte. I alt var det 95 personar til stades.

Landstinget 1997
Landstinget 1997 vart halde i Ål 26.-28. mai 1997 og samla i alt 89 deltakarar. 49 medlemer var representerte.

Landstinget 1999
Landstinget 1999 vart halde i Førde 1. og 2. juni 1999. 84 deltakarar var til stades, og 44 medlemer var representerte.

Medlemstal
1. januar 2001

* 106 medlemer
* 99 kommunar (96 nynorsk- kommunar, tre språknøytrale)
* 3 fylkeskommunar
* 4 interkommunale tiltak

Sidan sist landsting har Osterøy, Nord-Fron, Sør-Fron, Fyresdal og Skodje meldt seg ut av samanslutninga.
Det har kome til ein ny medlem i same periode: Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).
Medlemstalet har såleis vist ein svak nedgang. Rundt kvart årsskifte - når kommunane arbeider med budsjetta sine - får vi fleire utmeldingar. Dei fleste av desse kjem "på plass att" - når dei ser at utmeldinga ikkje fører til kortsiktige økonomiske innsparingar. Etter føresegnene til LNK får ei utmelding verknad først to fulle kalenderår etter at slik melding er komen inn til styret. Argumenta for å melda seg ut har stort sett vore økonomiske. Men det kan likevel sjå ut som om ei medverkande årsak til utmeldingane er at språkspørsmål har låg prioritet i kommunane. I Sør-Fron verkar det som om det har lege språkpolitiske føringar bak utmeldinga: Like etter at kommunen hadde meldt seg ut, gjorde kommunestyret vedtak om å gå frå å vera nynorskkommune til språknøytral kommune.

Styret
Styret har vore samansett slik:

* Leiar Nils Taklo, Ørsta kommune
* Nestleiar Magne Rommetveit, Stord kommune
* Styremedlem Arnfinn Vigrestad, Time kommune
* Styremedlem Vigdis Midtbø, Solund kommune
* Kari Elin Sperstad, Skjåk kommune
* 1. varamedlem Øystein Strømme Rasmussen, Odda kommune
* 2. varamedlem Grethe Sørbø Solstad, Vinje kommune
* 3. varamedlem Oddvar Grøthe, Hemsedal kommune

Styret har i perioden hatt 9 møte og behandla 83 saker.
Styrehonorar er utbetalte i samsvar med vedtak på landstinget 1993: Kr 7 000 per år til styreleiar og kr 500 per møte til styremedlemene.

Økonomi
Rekneskapen for 1999 og 2000 gjev samla eit resultat på - kr 33 025. I 1999 hadde LNK eit overskot på kr 78 823, medan drifta i 2000 syner eit underskot på kr 111 848. Eigenkapitalen 31. desember 1999 var på 235 697, medan eigenkapitalen per 31.12.2000 var på kr 123 849.
Resultatet i 2000 kjem hovudsakleg av at eit kurs for kurshaldarar i "På saklista - stat" vart flytta frå 1999 (der det var budsjettert) til mai 2000, og at LNK hadde monaleg høgare aktivitet enn planlagt i samband med Aksjon Nynorsk Data 2000.
Statstilskotet har lege fast i perioden, med berre mindre justeringar.
Økonomien til Landssamanslutninga er tilfredsstillande, og likviditeten er god. Driftsmodellen som styret har valt, gjer det lett å ha god kontroll med driftsutgiftene i organisasjonen.

Administrasjon
LNK held til i Pilestredet 8 i Oslo. Lokala leiger vi hos Dag og Tid, som vi og har eit nært kontorteknisk samarbeid med.
Vidar Høviskeland har vore dagleg leiar i meldingsåra. Høviskeland har delvis kontor i Tysnes kommune. Styret evaluerte denne ordninga våren 1999 og konkluderte med at ho har fungert bra. Høviskeland er frikjøpt tilsvarande om lag 10 % stilling i samband med politiske verv i heimkommunen.
Kontoret har no berre dagleg leiar tilsett, medan dei fleste nye tiltak og ekstraordinære arbeidsoppgåver vert prosjektorganiserte.
I meldingsåra har Margunn Sundfjord, Eva Borkhus, Berit Krogh, Elna Rivedal, Ragnhild Bjørge og Einar Sele vore leigde inn som prosjektmedarbeidarar og hatt ansvar for kontor- og informasjonstenester. Margunn Sundfjord har vore redaktør for LNK-nytt, for internettsidene våre, og ho har hatt ansvar for ein del andre informasjonstenester, medan Berit Krogh har ført rekneskap og hatt ansvar for fakturering.
Varden revisjonskontor har vore revisor.

Samarbeid
LNK er medstiftar i Nynorsk Kultursentrum, og ønskjer å ha eit nært samarbeid med Ivar Aasen-tunet. Arnfinn Vigrestad er LNK sin medlem i rådet i Nynorsk Kultursentrum, medan Magne Rommetveit er varamedlem.
LNK er og medstiftar i stiftinga Garborg-året 2001.
Magne Rommetveit representerer Landssamanslutninga i Nynorskrådet i Fokus Bank. Einar Schibevaag representerer LNK i styret for stiftinga Pirion.
Arbeidet med å skaffa nye strategiske samarbeidspartnarar har vore prioritert i meldingsåra, og har mellom anna ført til ein treårig samarbeidsavtale med KLP-Forsikring.
Styret har og prioritert samarbeidet med dei nærskylde organisasjonane gjennom samarbeidsorganet Nynorsk Forum. LNK har vore til stades på landsmøta til Noregs Mållag og Landslaget for lokalaviser. Vi har elles eit godt samarbeid med naboane i Pilestredet 8: Dag og Tid, Magasinett, Nynorsk Pressekontor, Norsk Barneblad og Landslaget for lokalaviser.
LNK har avtale med vekeavisa Dag og Tid om rabatt på lysingar. Vi har vidare avtale med Hotell Bondeheimen i Oslo, Hordaheimen i Bergen, Rainbow-hotella, Norlandia-hotella og Saga hotell i Tromsø om rabatt på overnattingar.

Utskrift E-post