ÅRSMELDING FOR LNK (2001-2002)

I INNLEIING
- Innleiing


II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

- Arbeid overfor medlemene våre
- Arbeid inn mot sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar i kommunesektoren
- Medlemskontakt og informasjon


III FAKTA OM LNK

- Skipingsmøte og landsting
- Medlemstal
- Styret
- Økonomi
- Administrasjon
- Samarbeid


I INNLEIING

Målet med ein kvar interesseorganisasjon bør vere å gjere seg sjølv overflødig. Etter ti års drift kan det sjå ut som om dagen då samfunnet har vorte slik at LNK ikkje trengst lenger ligg noko fram i tid. Meldingsåra 2001og 2002 har vore spennande og utfordrande for LNK. Vi har vidareutvikla den prosjektorienterte arbeids- og organisasjonsforma som vart innført i år 2000 og vi har teke eit stort løft på informasjonssida ved å lage eit nytt aviskonsept som kjem ut seks gonger i året, samstundes som nettsidene våre vert oppdaterte kvar dag.
Det har og vore eit mål å tryggje økonomien i organisasjonen ved å forhandle fram nye økonomiske samarbeidsavtalar.
Prosjektorganiseringa har fungert bra, samstundes som den fører til lettare økonomistyring og ein meir fleksibel organisasjon.
Vi held framleis til i Pilestredet 8, saman med gode vener og nærskylde.

LNK er berre ti år gamal. Fram til no har medlemstalet vore stabilt rundt 100 medlemer.
Det er framleis minst 25 kommunar og tre fylkeskommunar som burde vore medlemmer i LNK, men som ikkje er det. Den økonomiske stoda i Kommune-Noreg er desverre slik at både nyrekruttering og det å halda på gamle medlemer etter kvart blir meir og meir utfordrande. Både rådmenn og politikarar leitar med lys og lykter etter budsjettpostar som ikkje er lovpålagde, for å sleppa å kutte meir enn høgst nødvendig i dei postane som er lovpålagde.
Det er sjølvsagt dei økonomiske rammene som avgrensar ambisjonsnivået i LNK. Tilskotet over statsbudsjettet har ikkje auka dei siste åra, trass i at styret ved fleire høve har dokumentert mange uløyste språkpolitiske oppgåver der staten bør kjenna eit medansvar.

I tillegg til eigeninnsatsen har strategien vår som liten organisasjon vore å skapa alliansar som kan arbeida saman med oss på dei ulike ansvarsområda våre. Vi rettar derfor ei stor takk til medlemene i Nynorsk Forum og til dei andre samarbeidspartnarane våre.

Landssamanslutninga arbeider ut frå ein ide om språket som kulturell og nasjonal identitetsskapar. Dersom dei to målformene våre får høve til å utvikla seg side om side og på like vilkår, har me lagt grunnlaget for ein språkleg dynamikk som kan skapa kulturell vekst og sjølvkjensle i heile landet.

Til toppen

II OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

1. Arbeid overfor medlemene våre

I arbeidsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for å få utvikla nynorsk bruksspråk innanfor alle sektorar. I meldingsåra har styret først og fremst konsentrert arbeidet om nynorsk og IKT og nynorsk for barn og unge.

LNK og Noregs Mållag oppretta i 2001 stiftinga Pirion. Stiftinga gir ut bladet Pirion, ein fargeklatt av ei inspirasjonskjelde for tilsette i barnehagar, førskulelærarar og andre interesserte. I tillegg til ein større Pirion-konferanse i Bergen vinteren 2001 har det vore ei rekkje Pirionkurs rundt om i landet i meldingsåra. Ingeborg Mjør er redaktør i bladet Pirion.

LNK har elles samarbeidsavtale med nettidsskriftet Magasinett og vi samarbeider nært med Norsk Barneblad og Bokklubben Blåmann.

I arbeidsprogrammet står det at LNK skal utarbeida oversikt over nynorskmateriell som kan nyttast i offentleg administrasjon, skule, barnehage osb. Vi er no i gang med innhenting av tradisjonsstoff til bruk i barnehagar og skulefritids-ordningar. Målet er at dette skal resultera i ei bok eller ein CD-ROM der vi gjer materialet tilgjengeleg for medlemene våre. Dette arbeidet vil gå over fleire år og føreset ekstern finansiering. Informasjon og tilbod om kurset "På saklista - nynorsk språk- og dokumentlære" vert sendt til medlemene ein gong i året. Heftet er gitt ut i samarbeid med Fagbokforlaget.

Informasjon og tilbod om kurset: "På saklista - nynorsk språkbruk i statsforvaltninga" vert sendt ut ein gong i året. Heftet er gitt ut i samarbeid med Det Norske Samlaget.

LNK har ein stab av kurshaldarar rundt om i landet. Vi får særs gode tilbakemeldingar på både hefte, kurs og kurshaldarar, men alt for få gjer seg nytte av kursa. Nokre av kurshaldarane vil få tilbod om oppfriskingskurs i 2003. I meldingsåra vart det tilsaman halde ni På saklista-kurs i regi av LNK. Om lag 35 av medlemskommunane våre har no arbeidd fram/vedteke målbruksplanar. Dei fleste byggjer på malen som LNK sender ut, men oftast med lokale justeringar og tillegg.

Til toppen

2. Arbeid inn mot sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar i kommunesektoren

Nynorsk og data har vore det viktigaste satsingsområdet for LNK sidan år 2000. Etter kvart ser me resultata av denne satsinga. Målet har vore å få ein nynorskversjon av dei dataprogramma som vert mest nytta i kommunane. Microsoft har vedteke å laga ein nynorskversjon av Office-pakken sin. Pakken vert i desse dagar omsett til nynorsk av Nynodata i Bø. Micosoft Office er marknadsleiar på området administrativ programvare og er klart den mest brukte "kontorpakken" i norske kommunar. Microsoft Norge opplyser at nynorskversjonen vil vere ferdig i løpet av 2003, medan ein nynorsk versjon av operativsystemet Windows vil kome i 2004. Bakgrunnen for at Microsoft har snudd i denne saka er nok presset frå LNK og dei andre nynorskorganisasjonane og god drahjelp frå staten. Aksjon nynorsk data samla mellom anna inn underskrifter frå 110 ordførarar og om lag 500 rektorar som kravde at administrativ programvare som skal brukast i det offentlege skal liggja føre i nynorsk versjon.

Dei viktigaste samarbeidspartnarane i arbeidet for nynorsk programvare har vore Skole-Linux- og det såkalla NIO-prosjektet (Nynorsk inn i IKT-opplæringa). I tillegg har eit fylkeskommunalt prosjekt (der Møre og Romsdal, Akershus og Sør-Trøndelag har vore mest aktive) arbeidd parallelt med omsetjing av programvarepakken "Open Office". Desse programma er basert på open kjeldekode og vert utvikla både for Linux og for Windows-miljø. Kommunane vil kunne ta programma i bruk mest gratis. Dessutan er det viktig at det finst reelle alternativ til Microsoft sin "nynorskpakke". LNK har forhandla fram ein samarbeidsavtale med Norsk Kommuneforbund som vil kunna sikra at desse miljøa får tilført midlar til å ferdigstilla ein pakke med kontorprogramvare på nynorsk og i neste omgang få skular og kommunar til å ta desse nye arbeidsreiskapane i bruk.

Vi har enno ikkje fått gjennomslag for eit krav om at det kjem inn språklege føringar i forskriftene til "Lov om offentlige anskaffelser".

Statsråd Grete Knudsen overtok ansvaret for "innkjøpslova" og vart samstundes IT-minister i 2000. Då ho fekk overlevert ordføraroppropet frå Aksjon nynorsk data i mars 2001, kalla ho kravet om at administrativ programvare til bruk i statsadministrasjonen skal finnast både i nynorsk- og bokmålsversjon for "rettvist".
LNK vil arbeide vidare med dette.

Styret ønskjer vidare å setja språkspørsmål på dagsorden ved å synleggjera samanhengane mellom språk, kultur og identitet og lokal næringsutvikling. I november 2002 skipa LNK til ein konferanse i Suldal om dette temaet, saman med Nynorsk Kultursentrum, Suldal utviklingsselskap og RK13-festivalen. Om lag 75 personar var med på konferansen.

I meldingsåret måtte eit LNK-seminar på Beitostølen om samanhengen mellom språk, marknadsføring og reiseliv avlysast grunna for dårleg påmelding/for lite interesse. Temaet for seminaret er viktig og LNK vil freista å ta opp att dette seminaret seinare.

I meldingsåra har LNK arrangert seminaret "Linux i skulen" saman med Nynorsk Kultursentrum. Styret har i 2000 dessutan arbeidd med nye verkeområde for mållova.

Til toppen

3. Medlemskontakt og informasjon

LNK har sidan vi starta opp hatt oppnemnde medlemskontaktar i kommunane. Dette har fungert godt hos nokre medlemer, men systemet er særs personavhengig. I tida frametter vil meir av kontakten mellom LNK og medlemene gå direkte til ordførar eller rådmann.

Arbeidsprogrammet og informasjonsplanen ligg i botnen av den ambisiøse informasjonssatsinga i LNK. I 2002 vart gode gamle LNK-nytt erstatta av LNK-avisa som kjem ut seks gonger i året og som går direkte til alle kommunestyrerepresentantar og etatsleiarar i kommunen. I tillegg vert bladet sendt til alle skular, barnehagar og bibliotek i "vårt" område, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrifter og til alle stortingsrepresentantar.

Internettsidene våre heiter LNK-nytt.no og vert oppdaterte kvar dag. Sidene vert meir og meir brukt og har i dag om lag 3000 treff kvar månad.

Det vert rutinemessig sendt ut pressemeldingar om alle tilskipingar, prinsipielle fråsegner og aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. Desse opplysningane vert og lagt ut på LNK-nytt.no.

Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men kan og gjevast til einskildpersonar. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva.

Prisvinnarar til no er:

* Ullensvang herad
* Vågå reiselivslag
* Fylkesmannen i Rogaland
* Fjell kommune
* Sogn og Fjordane Idrettskrins
* Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)
* Arne Brimi

Til toppen

III FAKTA OM LNK

Skipingsmøte 1993
Landssamanslutninga av nynorskkommunar vart skipa på Bryne i 1993.

Landstinget 1995
Landstinget 1995 vart halde i Ullensvang herad 7. til 9. juni 1995. 42 medlemer var representerte. I alt var det 95 personar til stades.

Landstinget 1997
Landstinget 1997 vart halde i Ål 26. - 28. mai 1997 og samla i alt 89 deltakarar. 49 medlemer var representerte.

Landstinget 1999
Landstinget 1999 vart halde i Førde 1. og 2. juni 1999. 84 deltakarar var til stades og 44 medlemer var representerte.

Landstinget 2001
Landstinget 2001vart halde på Bryne 7. og 8. juni 2001. 81 deltakarar var til stades og 37 medlemer var representerte.

Til toppen


Medlemstal
Per 1. januar 2003 hadde LNK 102 medlemer. Av desse er det:

* 95 kommunar (92 nynorsk- kommunar, tre språknøytrale)
* 3 fylkeskommunar
* 3 interkommunale tiltak

Sidan sist landsting har 7 kommunar og eitt interkommunalt tiltak meldt seg ut av landssamanslutninga. Alle kommunane grunngjev utmeldinga med skral kommuneøkonomi.

Medlemstalet har såleis vist ein viss nedgang i meldingsåra. Rundt kvart årsskifte - når kommunane arbeider med budsjetta sine - får vi fleire utmeldingar. Dei fleste av desse kjem "på plass att" - når ein ser at utmeldinga ikkje fører til kortsiktige økonomiske innsparingar. Etter vedtektene i LNK får ei utmelding verknad først to fulle kalenderår etter at slik melding er komen inn til styret.

Til toppen


Styret
Styret har vore samansett slik:

* Leiar Nils Taklo, Ørsta kommune
* Nestleiar Magne Rommetveit, Stord kommune
* Styremedlem Kari Elin Sperstad, Skjåk kommune
* Styremedlem Øystein Strømme Rasmussen, Odda kommune
* Styremedlem Gunnar Siqveland, Hå kommune
* 1. varamedlem Kjellaug Veivåg Høyvik, Askvoll kommune
* 2. varamedlem Grethe Sørbø Solstad, Vinje kommune
* 3. varamedlem Oddvar Grøthe, Hemsedal kommune

Styret har i perioden hatt 6 møte og behandla 68 saker.
Styrehonorar er utbetalt med: Kr 7 500 per år til styreleiar og kr 500 per møte til styremedlemene. Det er gjort vedtak om at styrehonoraret vert auka til kr 10 000 per år for styreleiar og til kr 1 000 per møte for styremdlemer. Dei nye satsane gjeld frå 1. mai 2003.

Til toppen


Økonomi
Rekneskapstala for 2001 og 2002 syner eit overskot på til saman kr 16 242. I 2001 vart det eit underskot på kr 67 590 medan 2002 gav eit overskot på kr 83 832. Ein del av bakgrunnen for dette er at ei løyving på kr 60 000 (stiftingskapital Pirion) var budsjettert i 2002, men måtte førast på 2001 av rekneskapstekniske grunnar. Statstilskotet har lege fast i perioden, med berre mindre justeringar. Tilskot frå ulike økonomiske samarbeidspartar har auka monaleg i 2002.
Økonomien til landssamanslutninga er tilfredsstillande, og likviditeten er god. Driftsmodellen som styret har valt gjer det lett å ha god kontroll med driftsutgiftene i organisasjonen.

Til toppen


Administrasjon
LNK held til i Pilestredet 8 i Oslo. Lokala leiger vi hos Dag og Tid som vi og har eit nært kontorteknisk samarbeid med.
Vidar Høviskeland har vore dagleg leiar i meldingsåra. Høviskeland har delvis kontor i Tysnes kommune. Styret evaluerte denne ordninga våren 1999 og konkluderte med at den har fungert bra. Høviskeland er frikjøpt tilsvarande om lag 10% stilling i samband med politiske verv i heimkommunen.
Kontoret har no berre dagleg leiar tilsett, medan dei fleste nye tiltak og ekstraordinære arbeidsoppgåver vert prosjektorganiserte.
I meldingsåra har Margunn Sundfjord, Malin Tvedt Petterson, Berit Krogh, Elna Rivedal, Åsne Oftedal Holte, Einar Schibevaag, Atle Faye og Einar Sele vore leigde inn som prosjektmedarbeidarar og hatt ansvar for kontor- og informasjonstenester.
Margunn Sundfjord har vore redaktør for LNK-nytt, Malin Tvedt Petterson har hatt ansvar for internettsidene våre og Einar Schibevaag har vore redaktør for LNK-avisa, medan Berit Krogh har ført rekneskap og hatt ansvar for fakturering.
Varden revisjonskontor har vore revisor.

Til toppen
Samarbeid
LNK er medstiftar i Nynorsk Kultursentrum, og ønskjer å ha eit nært samarbeid med Ivar Aasen-tunet. Nils Taklo er LNK sitt medlem i rådet i Nynorsk Kultursentrum, medan Vidar Høviskeland er varamedlem.

LNK har ein aksje i Norsk Plan - selskapet vi kjøper ein stor del av informasjonstenestene våre frå.
Magne Rommetveit representerte samanslutninga i Nynorskrådet i Fokus Bank fram til dette vart lagt ned.
Einar Schibevaag representerer LNK i styret for stiftinga Pirion.
Gunnar Skjølberg representerte LNK i styringsgruppa for Nynorsk++ - prosjektet (nettbasert nynorskopplæring for framandspråklege).
Vidar Høviskeland representerer LNK i kontaktgruppa i NIO-prosjektet (Nynorsk inn i IKT-opplæringa).

Arbeidet med å skaffa nye strategiske samarbeidspartnarar har vore prioritert i meldingsåra, og har mellom anna ført til samarbeidsavtalar med Norsk Kommuneforbund, Best Western Hotell Bondeheimen, Bladet Sunnhordland, Fjord Line AS og med KLP-Forsikring.
Styret har og prioritert samarbeidet med dei nærskylde organisasjonane gjennom samarbeidsorganet Nynorsk Forum.
LNK har vore til stades på landsmøta til Noregs Mållag og Landslaget for lokalaviser.
Vi har elles eit godt samarbeid med naboane i Pilestredet 8: Dag og Tid, Nynorsk Pressekontor, Norsk Barneblad og Landslaget for lokalaviser.
LNK har avtale med Dag og Tid om rabatt på lysingar. Vi har vidare avtale med Hotell Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen i Bergen om rabatt på overnattingar.

Til toppen

Utskrift E-post