Årsmelding 2005–2006

INNLEIING
Det har skjedd mykje interessant i nynorskverda dei to siste åra. Den raudgrøne regjeringa stod fram med klåre haldningar til norsk språk i Soria Moria-erklæringa.og dei har konkretisert ein del av visjonane i statsbudsjetta
for 2006 og 2007. Eit digitalt leksikon på nynorsk er umåteleg viktig for nynorskelevar og andre nynorskbrukarar. Tiltaket har vore prioritert på topp både av LNK og dei andre nynorskorganisasjonane i fleire år, og endeleg har det kome ei opningsløyving på statsbudsjettet. Det er enno noko uklart kva som skjer på dette området, og kor lang tid det vil gå før produksjonen av leksikondelen kan starta opp. Dette bør vera ei prioritert oppgåve for nynorskrørsla også i åra som kjem.

Utdanningsdirektoratet har teke initiativet til Forum for nynorsk i skolen. Forumet er sett saman av folk frå direktoratet og frå fleire nynorskorganisasjonar, mellom anna LNK. Forumet skal gi råd og samarbeida om tiltak som kan gi alle elevar meir lesetrening, som kan sikra at læringsressursar kjem ut på same tid og til same pris både på nynorsk og bokmål, og som kan betra opplæringa i nynorsk som hovudmål og som skriftleg sidemål. I 2007 har arbeidet mellom anna resultert i ein strategiplan for nynorsk i opplæringa.

Utdanningsdirektoratet har òg engasjert seg sterkt i ei sak som er viktig for mange nynorskkommunar: opplæringsspråk for vaksne innvandrarar. Det offentlege Noreg er den desidert største språkprodusenten i landet og såleis ein viktig språkpåverkar. Det offentlege påverkar språket ikkje berre ut frå dei ufatteleg store tekstmengdene som vert produserte kvar dag: Offentleg språk fargar måten vi skriv på, måten vi oppfattar tekst på, og snik seg inn i vårt eige daglegspråk om vi vil eller ikkje. Også derfor er det viktig at kommunane og staten har ei medviten haldning til språk og språkkunnige medarbeidarar. I 2006 henta Nynorsk kultursentrum og LNK inn ein del opplysningar om korleis kommunar og fylkeskommunar oppfattar at staten praktiserer mållova, og korleis kommunane sjølve forvaltar sine språklege pund.

Spørjeundersøkinga viste at svært mange kommunar definerer seg som nynorskkommunar ut frå at dei har gjort vedtak som krev at staten skal bruka nynorsk når dei vender seg til kommunen. Mange har ikkje gjort eksplisitte vedtak om at nynorsk skal vera administrasjonsspråk. Fleire av dei som ikkje har gjort slike vedtak, har likevel med i overordna planverktøy at dei skal vera nynorskkommunar.

I 2006 fekk Noreg utkast til ei kulturlov. Lova skal tydeleggjera det offentlege sitt ansvar på kulturfeltet. Regjeringa har argumentert med at ei kulturlov vil vera tenleg for å synleggjera den viktige rolla kulturen
har i samfunnet, og gi det kulturpolitiske feltet yngd og status. Lova er i skrivande stund ikkje vedteken, men kan lett verta så generell at ho i praksis berre signaliserer god vilje. Eit krav frå språkrørsla må vera at lova er tydeleg på at heile grunnlaget for norsk kulturpolitikk kviler på at språket norsk er sett saman av formene nynorsk og bokmål – og at desse formene er likestilte. LNK har ved fleire høve retta lyset mot dei teknologiske
nyvinningane som har endra, eller kjem til å endra, måten vi brukar språket vårt på. Det var ikkje mange som snakka om e-post, blogging, SMS og breibandportalar for femten år sidan.

Samstundes som nynorsk språk vinn fram på stadig nye kulturelle og kommersielle område, har det skjedd ei polarisering av haldningane til språket. Fleire i næringslivet ser den marknadsmakta som ein firedel av Kommune-Noreg og 600 000–700 000 språkbrukarar representerer, og tilpassar produkt og marknadsføring til dette. Samstundes har vi sett at nokre politiske miljø og prestisjetunge læringsinstitusjonar – som til dømes Universitetet i Oslo – gong etter gong viser fram kunnskapsløyse og haldningar som grensar til nynorskfobi.

I meldingsåra gjennomførde Noregs Mållag ein prisverdig underskriftskampanje for å fjerna yrkesforbodet som gjeld for nynorskbrukande journalistar i Dagbladet og i VG. Kampanjen fekk brei støtte. Når språkformene våre er jamstilte: Er det journalisten eller styret i avisa som avgjer kva språkform som skal brukast? Handlar det om redaksjonell profil eller om individuelle språklege rettar?

Språket er ein viktig del av identitets- og nasjonsbygginga i Noreg. Dersom dei to målformene våre får høve til å utvikla seg side om side og på like vilkår, har vi lagt grunnlaget for ein språkleg dynamikk som kan skapa kulturell vekst og sjølvkjensle i heile landet. Dersom språk vert redusert til eit reint praktisk kommunikasjonshjelpemiddel, har vi gitt slepp på ein viktig del av vår eigen identitet og kultur.

LANDSTINGET 2007 - ÅRSMELDING
1. Arbeid overfor medlemene våre
Språkopplæring
I handlingsprogrammet for meldingsåra heiter det at LNK skal arbeida for å styrkja språkopplæringa i kommunar og stat, utvikla eit nytt ”På saklista”- kurshefte og vurdera ei omlegging av kursverksemda. I 2006 vart det laga eit nytt kurshefte som kom ut på Fagbokforlaget. Forfattar er Jan Olav Fretland frå HISF. Atle Vik i Kommuna  Kompetanse har skrive eitt kapittel.

Våren 2006 vart det halde kurs for kurshaldarar i Oslo. Kulturdepartementet sa nei til å støtta tiltaket, men ei løyving frå Fagforbundet sikra marknadsføring og gjennomføring av kurset. LNK har seinare formalisert eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Høgskulen har no formelt og praktisk ansvar for gjennomføring og kvalitetssikring av alle ”På saklista”- kursa våre. Denne ordninga skal evaluerast i 2010. Det ligg føringar, både i Soria Moria-erklæringa, mållovsmeldinga og i ”Norsk i hundre” om at staten, mellom anna ut frå demokratiomsyn, vil ta opp att satsinga på ein ”klårt språk”-politikk. LNK gjekk i 2006 inn i eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kan no tilby kurs i ”klårt språk”. HISF er fagleg ansvarleg for kursa, som høver godt for tilsette i stat og kommunar.

Syn samanheng mellom språk, identitet, kultur ogsamfunnsutvikling
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell samanheng og syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling. Dette prinsippet ligg som ein raud tråd i mykje av det arbeidet LNK no gjer. Temaet for Landstinget 2005 var kulturbasert næringsutvikling, tema for Nordsjøkonferansen i april 2006 var kommunal informasjon og merkevarebygging, og på Landstinget 2007 er hovudtema kulturbasert næringsutvikling, utviklingstrendar i eit distriktspolitisk perspektiv og reiseliv. Like eins har LNK-avisa hatt ei rekkje reportasjar og intervju der desse samanhengane har vore tema.

Nynorsk og ny teknologi
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for at nynorsk får ein rettmessig plass innanfor IKT. LNK har i meldingsåra hatt eit nært og godt samarbeid med mellom anna ABC Startsida og Microsoft Norge. I løpet av 2007/2008 vil LNK og ABC Startsida gå ut med eit tilbod om regionvise dagskonferansar der tema mellom anna skal vera informasjonsteknologi i den kommunale kvardagen. LNK har ”kopla” terminologimiljøa i KS og UNIFOB ved UiB for å sikra at dei nye innkjøpsdatabasane som no vert utvikla for kommunane (GAR), kjem parallelt på nynorsk og bokmål.

LNK skal arbeida for å synleggjera kva konsekvensar nyare breibandteknologi kan ha for språkutviklinga. Dette arbeidet tok vi til med hausten 2004, med konferansen ”Breiband i Distrikts-Noreg”. På Nordsjøkonferansen
i april 2006 skulle statssekretær Steinulf Tungesvik innleia om den raudgrøne regjeringa sin politikk på dette området. Tungesvik måtte melda forfall, og vi fekk i staden ein statusgjennomgang av utbygginga fram til no, og kva tekniske moglegheiter teknologien opnar for.

Nynorsk for barn og unge
Etter at Landstinget vedtok at nynorsk for barn og unge skal ha prioritet, har LNK satsa mykje på utvikling av Pirion og Magasinett. LNK har i meldingsåra arbeidd fram ein avtale med Fagforbundet som sikrar at Pirion i dag kjem ut som stifta vedlegg til Fagbladet i 38 000 eks. åtte gonger i året. Avtalen er no reforhandla og gjeld fram til 2009. I tillegg har Pirion om lag 500 betalande abonnentar. Pirion har klart skifte av redaktør på ein god måte, men den usikre økonomien i stiftinga har gjort at styret har måtta velja ei relativt dyr driftsform. I ein periode har det vore vanskeleg å få kurshaldarar til Pirion-kursa – som i si tid var utgangspunktet for
bladet. Det har teke noko tid, men stiftinga kan no tilby nye Pirion-kurs att. Eit fleirtal i Utdanningskomiteen går inn for at Pirion skal inn på statsbudsjettet. Pirion er eit viktig tilbod til styrarar og andre tilsette i barnehagar, SFO og dei lågaste klassane i grunnskulen.

Som ein lekk i strategien for å styrkja arbeidet mot barn og unge har LNK utvikla samarbeidet med Magasinett vidare og presenterer kvart år dette nettidsskriftet som eit tilbod til elevar og lærarar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Den store utfordringa for Magasinett er å få elevar og lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen til å ta i bruk tilbodet. Gjennom ”Strategiplan for nynorsk i skolen”, arbeidet i ”Forum for nynorsk i skolen” og gjennom eit nært samarbeid med Senter for nynorsk i opplæringa i Volda har styret i LNK no von om at det vert teke grep som gjer det lettare å nå desse målgruppene.

LNK har teikna kontrakt med Fagforbundet som sikra at vi kunne bruka midlar til marknadsføring og vidareutvikling av Magasinett i meldingsåra. Denne kontrakten er no reforhandla og gjeld fram til 2009. Eit fleirtal i Utdanningskomiteen har signalisert at dei ønskjer at Magasinett skal inn på statsbudsjettet. Magasinett er framleis det einaste ungdomstidsskriftet på Internett som er redigert på nynorsk. Tidsskriftet har mange skarpe pennar og kjappe tastatur, og bør vera eit særs godt og relevant tilbod til lærarar og elevar som slit med dårleg motivasjon i norskfaget.

Målbruksplanar
På grunnlag av meldingar som har kome inn frå medlemene dei siste åra, har LNK gått ut frå at om lag 35 kommunar har laga sin eigen målbruksplan, dei fleste tufta på den malen LNK har laga og lagt ut på www.
LNK.no På direkte spørsmål i spørjeundersøkinga i 2006 svarar berre 15 kommunar at dei har slike planar. Det kan såleis sjå ut som om fleire av dei kommunane som faktisk har laga målbruksplanar, ikkje brukar dei – og i nokre tilfelle ikkje er klår over at dei finst! Etter kommunevalet i 2007 vil LNK gå gjennom den malen som alt er laga, og eventuelt justera han, og så oppmoda medlemene om å gjera vedtak om eigne målbruksplanar.

Verkeområde for mållova
Styret i LNK har ved fleire høve drøfta verkeområde for mållova – ikkje minst på bakgrunn av at nye organisasjons- og selskapsformer vert tekne i bruk i offentleg sektor. Det er ei utfordring at både kommunane og staten ofte organiserer arbeidet sitt på andre måtar enn tidlegare. Både interkommunalt samarbeid og kommunale selskap kan lett bera i seg språkpolitiske utfordringar, og slik er det òg i dei nye statlege underbruka. Ikkje alle desse vert automatisk fanga opp av mållova. Spørjeundersøkinga som LNK og Nynorsk kultursentrum gjennomførde i 2006, fortel oss at 35 % av kommunane ikkje er nøgde med korleis staten praktiserer mållova. Mållova har vore og er ein særs viktig kulturpolitisk reiskap. Men lova fangar i dag ikkje opp ein del sentrale kulturpolitiske prosessar som har endra samfunnet vårt sterkt dei siste åra.

LNK har ved fleire høve kome med innspel til Kulturdepartementet om dette – seinast i samband med rullering av forskrifta til mållova i 2006. Formuleringar som ligg i mållovsmeldinga, i ”Norsk i hundre” og i fleire presiserande skriv frå Kulturdepartementet til statsetatar, tyder på at regjeringa ser utviklinga og ønskjer å ta aktive styringsgrep. LNK bør også her vera vaktbikkje og pådrivar for at dei politiske signala vert tekne på alvor.
LNK vil òg arbeida for at krav til målform vert teke med i kontraktane/konsesjonsvilkåra ved utsetjing og
privatisering av kommunale oppgåver.

2. Arbeid mot sentrale styremakter og andre samarbeidspartar
LNK har ved fleire høve dei siste åra etterlyst ein overordna norsk språkpolitikk. I meldingsåra la regjeringspartia fram sitt manifest ”Soria Moria”, med klåre språkpolitiske føringar, regjeringa har lagt fram ei relativt offensiv mållovsmelding, og hovudinnhaldet i Språkrådet sin strategirapport ”Norsk i hundre” er i tråd med synspunkt LNK har kome med tidlegare. Oppbygginga av det nye Språkrådet er godt i gang, og LNK har i meldingsåra hatt god kontakt med rådet. Samstundes har nynorskorganisasjonane, gjennom arbeidet i Nynorsk Forum, formulert eit eige samla språkpolitisk manifest: ”Politikk for nynorsk”, som er lagt ved papira til landstinget. Det at nynorskorganisasjonane no står samla om ein felles språkpolitikk, er særs viktig og truleg historisk.

Språk og kommuneøkonomi
I arbeidsprogrammet til LNK står det at organisasjonen skal arbeida for at rammeoverføringane til kommunane og føringane for desse ikkje gjer språk og språkspørsmål til ein salderingspost i ein stram kommuneøkonomi. Vidare skal organisasjonen arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk eller av di dei har språkdelte parallellklassar/grupper i grunnskulen.

Kommune-Noreg har fått eit tydeleg økonomisk lyft dei siste åra. For første gong på åtte år kom det i løpet av budsjetthausten 2005 ikkje ei einaste utmelding frå LNK. Hausten 2006 kom det to utmeldingar, men
begge desse er alt trekte attende. Slike utmeldingar plar, utan unnatak, vera grunngitt med dårleg kommuneøkonomi. Tendensen er no at kommunar som har meldt seg ut i løpet av dei siste åra, melder segminn att. LNK hadde ved årsskiftet 2006/2007 sju fleire medlemskommunar enn ved sist landsting.

Læremiddelsituasjonen
I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal arbeida for at ein mykje større del av materiell til bruk i kommunesektoren skal liggja føre på nynorsk. Skule og barnehage er prioriterte sektorar for LNK.
Det er i meldingsåra etablert eit formalisert samarbeid med Utdanningsdirektoratet der mellom anna spørsmål om læremateriell skal drøftast. Ein strategiplan som drøftar denne tematikken, vart lagd fram våren 2007.
LNK er representert i ”Forum for nynorsk i opplæringa” som vart etablert i 2005. Forumet har vore ein viktig premissleverandør for LNK på dette politiske området. LNK har òg hatt eit tredje kontaktpunkt med  Utdanningsdirektoratet: eit forum som skal drøfta læremateriellstoda for vaksne innvandrarar i nynorskkommunar. I meldingsåra har det vore stort trykk frå medlemene våre på å få til betre og meir materiell på nynorsk for
denne målgruppa. LNK-landstinget 2005 vedtok ei fråsegn om språkleg integrering av innvandrarar. Meir enn 2000 vaksne framandspråklege får i dag norskopplæringa si på bokmål – i nynorskkommunar. Den opplagde grunnen til dette er mangel på læreverk. På nynorsk finst ei prøveutgåve av læreverket «Ny i Noreg» frå tidleg 1990-tal. Det finst ingen ordbøker, ingen lydbøker, ingen arbeidsbøker, ingen lesebøker osb. Utanom det nettbaserte læreverket «Nynorsk pluss» finst det mest ingen ting på nynorsk. Lærarar som underviser vaksne innvandrarar i nynorskkommunar, fortel at det er vanskeleg å gi tilfredsstillande norskopplæring på nynorsk utan dei læremidla som trengst. I 2005 sette Utdanningsdirektoratet ned ei gruppe som skulle arbeida med desse problemstillingane. Styreleiar representerte LNK i denne gruppa. Hausten 2006 vart det lyst ut ei støtteordning for tilrettelegging av læremiddel for framandspråklege – på nynorsk.

LNK har arbeidd for innføring av språkdelte lærebøker i vidaregåande skular. I meldingsåra er LNK sitt syn på språkdelte lærebøker/middel grundig presentert for Utdanningsdirektoratet og for dei andre  nynorskorganisasjonane. LNK fekk diverre ikkje gjennomslag for å ta med dette synspunktet i ”Politikk for nynorsk”. Samarbeid med kommunale organisasjonar LNK har hatt som mål å styrkja samarbeidet med dei kommunale organisasjonane – både på arbeidsgivar- og arbeidstakarsida. Fagforbundet er frå 2007 ein av hovudsamarbeidspartnarane våre, og vi har eit særs godt samarbeid med den politiske leiinga i forbundet. I meldingsåra har me òg hatt god kontakt med UNIO og Norsk Tjenestemannslag (NTL).

Adm. dir. i KS, Olav Ulleren, var innleiar på LNK-landstinget i 2005. Det var då semje om å føra samarbeidet om kulturbasert næringsutvikling vidare, men dette har det ikkje kome noko meir utav til no. Hausten 2005 samarbeidde LNK med KS om nynorskversjon av eit elektronisk innkjøpsregister for kommunar (GAR).


Kurs og konferansar
LNK arrangerer kvart år fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene og andre om aktuelle tema for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar. Slike kurs og konferansar vert ofte arrangerte saman med andre aktørar. Landstinget 2005 fungerte godt og hadde rekordstor påmelding, men konferansen ”Kven styrer språket” i 2005 måtte avlysast på grunn av for låg interesse.

Nordsjøkonferansen 2006, som vart arrangert saman med Kommunalbanken, hadde kommunalt informasjonsarbeid som hovudtema. Sosialt og fagleg fungerte konferansen godt, men konferanselokala om bord på Fjord-Norway var for dårlege. Kommunalbanken og LNK er samde om å halda oppe tradisjonen med Nordsjø-konferansar annakvart år, men ramma rundt konferansane kjem truleg til å verta endra noko. I 2006 gjekk LNK inn i eit samarbeid med Landslaget for lokalaviser om m.a. fleire kurs for journalistar om kommunaljournalistikk og kunnnskapspåfyll om korleis lokaladministrasjonen fungerer. Dette kursopplegget skal vera ferdig i god tid før kommunevalet 2007.

LNK representerer kommunar med om lag ein halv million innbyggjarar og om lag 100 000 offentleg tilsette. Medlemsmassen representerer ei formidabel marknadsmakt. Dette ligg i botnen av LNK sin argumentasjon, i møte med staten, andre organisasjonar og med private leverandørar. Det ligg føringar, både i Soria Moria-erklæringa, mållovsmeldinga og i ”Norsk i hundre” om at staten, mellom anna ut frå demokratiomsyn, tek opp att satsinga
på ein ”klårt språk”-politikk. LNK gjekk i 2006 inn i eit samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kan no tilby kurs i ”klårt språk”. HISF er fagleg ansvarleg for kursa, som høver godt for tilsette i stat og kommunar.


LNK har hatt som mål å styrkja samarbeidet med dei kommunale organisasjonane – både på arbeidsgivar- og arbeidstakarsida. Fagforbundet er no inne som ein av hovudsamarbeidspartnarane våre. I meldingsåra har vi òg hatt god kontakt med UNIO og Norsk Tjenestemannslag (NTL). Adm.dir. i KS, Olav Ulleren, var innleiar på LNK-landstinget i 2005. Det var då semje om å føra samarbeidet om kulturbasert næringsutvikling vidare, men dette har det ikkje kome noko meir utav til no. Hausten 2005 samarbeidde LNK med KS om nynorskversjon av eit kommunalt elektronisk innkjøpsregister (GAR).

LNK arrangerer kvart år fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene og andre om aktuelle tema for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar Landstinget 2005 fungerte godt og hadde rekordstor påmelding, men konferansen ”Kven styrer språket” i 2005 måtte avlysast på grunn av for låg interesse. I 2006 gjekk LNK inn i eit samarbeid med Landslaget for lokalaviser om m.a. fleire kurs for journalistar om kommunaljournalistikk. Hausten 2006 vart rapporten om LNK i Europa frå 2004 følgd opp gjennom eit temanummer om EU i LNK-avisa.

3. Medlemskontakt og informasjon
LNK-avisa er nok framleis den viktigaste kontaktkanalen mellom LNK og medlemene, sjølv om nettstaden www.LNK.no òg får mange treff. Avisa er no inne i den femte årgangen, kjem ut seks gonger i året og vert send direkte til alle kommunestyrerepresentantar og etatsleiarar i medlemskommunane. I tillegg vert bladet sendt til alle skular, barnehagar og bibliotek i ”vårt” område, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrift og til alle  stortingsrepresentantar. I tillegg til å informera om kva organisasjonen steller med, skal avisa synleggjera medlemene i Landssamanslutninga. Avisa har funne ei god form som kan utviklast vidare. Annonseinntektene har vore stabile, medan utgiftene i samband med produksjonen generelt har gått mykje opp.

Nettstaden www.LNK.no vert oppdatert kvar dag (ikkje i juli). Sidene vert brukte meir og meir og har no om lag 14 000 treff kvar månad. Det vert rutinemessig sendt ut pressemeldingar om alle tilskipingar, prinsipielle fråsegner og aktuelle saker som organisasjonen arbeider med. Desse opplysningane vert òg lagde ut på www.LNK.no.  I 2005 vart drifta lagd om, og det vart teke i bruk nye tekniske løysingar for nettstaden, noko som gjer det lettare å vedlikehalda og oppdatera sidene. I handlingsprogrammet heiter det at LNK skal utvikla samarbeidet med lokalavisene vidare.

Administrasjonen prioriterer kvart år landsmøtet i Landslaget for lokalaviser – ein svært viktig møteplass. I tillegg er samarbeidsavtalen med Bladet Sunnhordland viktig for LNK. Dagleg leiar i LNK er med i styringsgruppa for prosjektet ”Me er med”, eit LLAprosjekt som skal sikra betre kommunaljournalistikk fram mot valet i 2007 – og som ein konsekvens av dette – høgare valdeltaking.

Pris for offentleg målbruk
Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk.
Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremja nynorsk språk, men kan og givast til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva.
Prisvinnarar til no er:
-Ullensvang herad
-Vågå reiselivslag
-Fylkesmannen i Rogaland
-Fjell kommune
-Sogn og Fjordane Idrettskrins
-Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM)
-Lotteritilsynet
-Arne Brimi
-Odd Nordstoga

Utskrift E-post