Årsmelding 2011-2012

ÅRSMELDING 2011 OG 2012

 

Staten og språket

Våren 2011 fortalde LNK-avisa om nynorskkommunar som får så godt som alt tilfang frå departementa på bokmål, sjølv om dei har krav på å få alt på nynorsk. 

– Statsorgana må sørgje for at dei betrar praksisen sin og følgjer opp sitt eige lovverk. Det bør vere sjølvsagt at statsorgan skriv brev og e-postar på den målforma som kommunen har valt. Det er alvorleg at statsorgana ignorerer språkvala til kommunane, sa fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland den gongen. Ho oppmoda kommunane om å klaga på den departementale praksisen. For det er eit tankekors at berre 14% av kommunane seier at dei har klaga på desse statlege lovbrota – som dei møter så å seia kvar dag. Mange av dei som klagar, sender dessutan klagen sin direkte til det organet som bryt lova, utan å senda kopi til Språkrådet eller LNK. Det er lett å tenkja seg at slike klager aldri når fram til dei som har det overordna ansvaret for språk i staten.

Det er og grenser for kor lenge ein språkbevisst rådmann eller etatsjef orkar å bruka tid på å klaga, når det kvart år vert dokumentert at det ikkje fører til haldningsendringar i staten. I mars 2011 la Kulturdepartementet fram ”Språkstatistikk for departementa ”. Dette er eit ritual som gong på gong dokumenterer at mållova ikkje fungerer optimalt, så lenge ho ikkje har sanksjonar  knytt opp mot seg. Berre knapt halvparten av departementa oppfylte den lovheimla minimumskvoten på 25% av kvar språkform i Stortingsdokumenta sine. Gjennomsnittet for dei siste seks åra viser om lag 23%. Det er ei mager trøyst at det var endå verre før.

Statistikken for  ”andre dokument” er og trist lesnad: I kategorien ”dokument over 10 sider” er nynorskprosenten 9% , medan tilsvarande tal for kortare dokument er 21%. I ei pressemelding om saka kommenterer Kulturdepartementet statistikken slik: ”Det er likevel ingen tvil om at det gjennomgåande blir brukt nynorsk altfor sjeldan når departementa produserer dokument som brosjyrar, rettleiingar, rapportar, større høyringsbrev og liknande”.

Dersom me legg bak oss ein mistanke om at det er vond vilje eller likesæle som kjem til uttrykk i undersøkinga over og i språkstatistikken frå Kulturdepartementet, står me att med ei sannsynleg årsaksforklaring: Manglande språkkompetanse i departementa. I Stortingsmeldinga ”Mål og meining” frå 2008 heiter det:

-Departementet vil ta initiativ til å etablera  ein standard for språkleg kvalitet i staten.

-Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.

-Det blir lagt opp til at statlege organ skal ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde krav om bruk av nynorsk og bokmål.

Kunnskap er makt

Dei fleste politiske miljø er samde om kor viktig det er med kunnskap, danning og meir læring i skulen. I meldingsåra har fleire parti teke til orde for å gjera sidemålsundervisninga valfri. Dei vil at elevane skal ha rett til å velja vekk delar av norskfaget. Spør ein ein trettenåring om han kan tenkja seg å sleppa eit fag, eller ein del av eit fag, er det ikkje overraskande om svaret er ja. Samstundes vert det argumentert med at skulen treng sterkare sterkare satsing på teoretiske fag, opplæring i framandspråk frå første klasse, betre lærarar og strengare krav til orden og disiplin.  Linda Hofstad Helleland frå Høgre sa det slik: Nokre elevar ”slit med grammatikk  og sidemålsstilar”. Avisa Hallingdølen kommenterte lakonisk at ”dersom graden av ”slit” skal styre framtidig skulepolitikk, kan det etter kvart bli snautt med fag i grunnskulen». LNK meiner at dersom elevar slit i eit fag, bør det vel vera meir naturleg å styrkja lærarkompetansen og innsatsen i dette faget.

Diskusjonen rokkar ved eit 125 år gammalt prinsipp om at me har to likestilte skriftformer her til lands og at språket norsk er det same som nynorsk og bokmål – til saman.

Sidemål er sjølvsagt eit håplaust omgrep når me snakkar om to likestilte språkformer. For storparten av norske ungdommar er sidemål det same som nynorsk. For dei fleste elevar i medlemskommunane i LNK er sidemålet bokmål. Dersom sidemålsordninga blir svekka vil kanskje dei mest ressurssterke elevane i begge leirar velja å halda på heile norskfaget, men storparten vil truleg velja vekk ei språkform – rett og slett av di dei kan. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at sjølv gode nynorskforeldre vil rå ungane sine til i alle fall å læra seg majoritetsspråket, slik at dei ikkje vert utestengd frå store delar av arbeidsmarknaden, når så langt kjem.

Tid for endring av norskfaget?

Ei av dei store språkpolitiske drøftingssakene i meldingsåra har vore den nye læreplanen for norskfaget. Kunnskapsdepartementet/Utdanningsdirektoratet ville  tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget (!). Statsråden meinte på eitt tidspunkt at det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ønskte ein tydelegare og mindre omfattande læreplan.

Læreplanen treng sårt til ei revidering. I dag lærer mange av dei som har nynorsk som sidemål ikkje eingong dei grunnleggjande elementa i faget, av di dei knapt får undervisning i språkforma. Norskfaget har teke opp i seg så mange sjangrar og tema  at det ikkje vert tid til å undervisa i alt. Tida er overmoden for endring av norskfaget, men så er det dette med skilnaden på å barbera seg og skjera av seg haka.

Den største endringa kunnskapsministeren skal vurdera i løpet av det neste året er nemleg å fjerna standpunktkarakterar og eksamen i sidemål. Dette er ein særs dårleg ide, og vil i praksis vera å rokka ved sjølve prinsippet for jamstelling av nynorsk og bokmål – stikk i strid med gjeldande  norsk språkpolitikk.

Me er ikkje usamde i at norskfaget har blitt ein mastodont og har teke opp i seg alt for mykje marginalt stoff. Pensum kan med fordel kuttast ned, slik at elevane kan bruka meir tid på å læra basisdelane av faget. Det betyr ikkje at ein skal kutta ned på krava til kunnskap i nynorsk og bokmål - snarare tvert om: Ein gjer ikkje ein elev flinkare i norsk ved å gi han eller ho mindre norskopplæring!

Kanskje bør departementet heller gå inn i kjernen av problemet og gjera noko med norskfaget i lærarutdanninga. Her har det vore ein alt for låg standard i fleire generasjonar, og me slit med konsekvensane av dette i norsk skule i dag. Gi norsklærarar høgare løn og status, men set krav til kunnskap og motivasjon.

Boklov eller frislepp?

I 2012 var det tunge diskusjonar  i norske aviser om Noreg skal få ei boklov eller sleppa marknadskreftene laus også på denne delen av kulturområdet. Etter berre nokre veker i den nye stolen sin slo kulturminister Hadia Tajik fast at Noreg skal få ei boklov.

Litteraturen er den viktigaste bæraren av nasjonalspråka våre, og ei boklov vil utan tvil kunna vera med på å oppretthalda språkmangfaldet  i landet. Det er mellom anna ut frå ein slik språkpolitisk argumentasjon Frankrike har vald å halda på si  boklov. For eit lite språkområde som Noreg vert dette argumentet endå viktigare.

I dag er det om lag 60 bokhandlarar i LNK-kommunane  –  og slett ikkje alle er eigde av dei store forlaga.  Driftsgrunnlaget for mange av dei kan verta drastisk endra dersom det vert innført fri pris på bøker. Ei eventuell sanering av små bokhandlarar – og svært mange av desse ligg i område der det berre er ein bokhandel, vil føra til at det vert generelt vanskelegare å få tak i litteratur. Dette vil kunna  forsterka ei kulturell og intellektuell utarming av distrikta.

Dersom marknadskreftene aleine skal avgjera bokprisane, kan det til dømes over tid verta vanskeleg å halda oppe prinsippet om at skulebøker på nynorsk og bokmål skal ha lik pris – sjølv om dette er lovfesta i dag. Fri pris på bøker kan altså få som konsekvens at den reelle valfridomen elevar skal ha til å velja anten nynorsk eller bokmål, vert endå meir uthola enn i dag.

Noreg treng såleis ei boklov  som sikrar utgjevingar  av nynorsk litteratur, av debutantar, av smale litterære sjangrar og av litterære prosjekt som krev ein viss økonomisk risiko av forlaga.

Tospråkleg?

Sommaren 2012 spurde Språkrådet om lag 3300 statstilsette korleis det står til med språkarbeidet i staten. Så godt som alle dei spurde meinte det er viktig at staten arbeider med å gjera språket til dei tilsette betre. Samstundes meinte ni av ti at dei sjølve har god nok kompetanse i rettskriving, medan 62% svarte at dei ikkje har god nok kunnskap i begge målformer.

Alle som svarte meinte det er viktig at mottakaren skjønar innhaldet i det som vert skrive – samstundes som berre ein tredel av dei meinte det er viktig å kunna både nynorsk og bokmål.

Tendensen er altså at dei som har svart meiner at statstilsette har eit altfor dårleg språk, men at dette ikkje gjeld dei sjølve. Samstundes vedgår dei at dei berre kan ei av dei norske målformene.

Språkrådet la samstundes fram ei undersøking om kva tospråksituasjonen i Noreg har å seia for korleis me lærer språk. Professor Mila Vulchanova frå NTNU i Trondheim kunne dokumentera at folk som skriv nynorsk ofte, er raskare til å kjenna att ord frå både nynorsk og bokmål – i tillegg til at svara deira vert meir presise og korrekte. Nynorskbrukarar har altså ein fordel framfor bokmålsbrukarar – dei vert reelt tospråklege og rett og slett betre i norsk – av di dei faktisk lærer begge språkformene. Vulchanova oppmoda skulane til å utnytta det  fleirspråklege potensialet på ein betre måte enn i dag, ved å auka motivasjonen blant elevane og få dei til å tenkja gjennom den språklege bakgrunnen sin.

Dette bør ein ta lærdom av når innhaldet i det nye norskfaget skal bestemmast. Der bør det vera eit mål å gjera alle norske elevar reelt tospråklege – og såleis betre i norsk.

 

l.  OPPFØLGING AV ARBEIDSPROGRAMMET

 

Språkopplæring

Mange kommunar rapporterer om nytilsette, gjerne med høgare utdanning, som  har vanskar med å gjera seg forstått skriftleg. I nokre høve skuldast dette at dei har bokmålsbakgrunn og rett og slett ikkje har lært nynorsk på skulen. Løysinga for ein travel rådmann kan då vera å stilltiande akseptera at vedkomande brukar bokmål, noko som på sikt vil uthola den kommunale språkpolitikken. Men vel så ofte handlar dette om unge, nyutdanna som ikkje har grunnleggjande kunnskapar i korkje bokmål eller nynorsk.

 

I handlingsprogrammet for meldingsåra heiter det at LNK skal arbeida for å styrkja språkopplæringa i kommunar og stat. Høgskulen i Sogn og Fjordane har no formelt og praktisk ansvar for gjennomføring og kvalitetssikring av alle ”På saklista”- kursa våre. På grunn av mange uro-meldingar frå medlemene om sviktande språkkunnskapar hos  nytilsette, gjorde styret i 2010 vedtak om at alle medlemer skal få tilbod om ”På saklista”- kurset  – gratis. Interessa for kursa tok seg då monaleg opp. LNK arrangerte om lag 30 ”På saklista”- kurs i medlemskommunane i meldingsåra. Dette var så mange som det var rom for økonomisk.

 

Med jamne mellomrom sender LNK ut språknøklar (minigrammatikkar) til kommunane. Organisasjonen får svært gode tilbakemeldingar på dette, og kjem til følgja opp tiltaket. I 2012 kom det ut ein ny versjon av Språknøkkelen, tilpassa den nye nynorsknormalen som tok til å gjelda frå 1. august i 2012. Språknøklane blir produserte og distribuerte i samarbeid med Dag og Tid.

 

Konferansar

LNK skal arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell samanheng og syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur og samfunnsutvikling.

Dette prinsippet ligg som ein raud tråd i mykje av det arbeidet LNK no gjer, både gjennom kurs, konferansar og gjennom reportasjar i LNK - avisa. I tillegg skal slike samanhengar koma fram gjennom dei prosjekta LNK vel å engasjera seg i.

 

I meldingsåra arrangerte LNK fire større konferansar, alle knytte opp mot pågåande prosjekt. I 2011 vart det arrangert tre konferansar, medan den usikre økonomiske stoda gjorde at det berre blei arrangert ein konferanse i 2012. I 2011 arrangerte prosjektet ”Mot til å meina” ein konferanse i Oslo. Landstinget 2011 vårt vart skipa til på Sand i Suldal, og knytt opp mot tema litteratur for barn og unge og språksituasjonen i Europa. To av konferansane hadde prosjektet Diktarvegen som tema.

 

Prosjektet Diktarvegen

Andre dagen handla programmet om vidareføring av Diktarvegen som eigen organisasjon/selskap. Etter råd frå Telemarksforsking vart Prosjektet Diktarvegen i 2011 slått saman med vegorganisasjonen IS Fjordvegen, og det var meininga at dei to skulle gå vidare som ”Fjordvegen Diktarvegen as”. Det nye selskapet skulle eigast av kommunane langs vegen (RV/FV 13 frå Bryne til Fjaler).

 

Den fjerde og siste Diktarvegkonferansen vart skipa til på Lofthus i Ullensvang i mars 2012. Under denne konferansen var det eit eige seminar der «kulturentreprenørar» langs vegen var inviterte til å koma med innspel til den vidare drifta av selskapet. Meir enn 30 engasjerte personar møtte fram og var positive til å vidareføra ideen. Men eigarane valde likevel å leggja ned det nye selskapet og avslutta prosjektet, ut frå at Diktarvegen aldri vart fullfinansiert. Som ein førebels delkonklusjon kan ein vel og oppsummera at avstanden mellom veg og kultur var større enn mange hadde tenkt.

 

Prosjektet skal evaluerast i år, og rapporten vil bli lagt ut på LNK.no. 

 

Nynorsk på nett

Nynorsk på nett er viktig for LNK og organisasjonen har dei siste åra hatt eit nært og godt samarbeid på dette området med strategiske medspelarar som mellom anna ABC Startsiden og Fagforbundet.

LNK er for tida med på å drifta nettstadane LNK.no, Magasinett.no, Framtida.no, Startsida.no (nynorskversjonen av katalog- og søkesida Startsiden.no) og Pirion.no.

Alle desse sidene er også tilgjengelege på smarttelefonar og nettbrett.

I 2011 innleidde LNK dessutan eit samarbeid med Fagforbundet om tilgang til og bruk av forbundet sitt videokonferanseutstyr over heile landet.

 

Framtida.no

Framtida.no , ein nettstad med nytt for unge, kom på plass hausten 2010, etter å ha vore planlagd i mest eitt år. Framtida.no var dei tre første åra eit spleiselag mellom LNK, ABC Startsiden, Kulturdepartementet, Landslaget for lokalaviser (LLA), prosjektet Mot til å meina, stiftingane Magasinett og Pirion. Frå og med 2013 vert nettstaden drifta av LNK og ABC Startsiden.

Framtida nådde inntektsmål og mål for tal på brukarar med god margin i meldingsåra. I 2012 var det budsjettert med jamt stigande annonseinntekter, og frå år 2013 har det vore meininga at Framtida.no skal vera sjølvfinansierande. Me ser at dette kan bli ei utfordring dersom ikkje annonsemengda veks monaleg.

 

I løpet av 2012 har over 200.000 unike brukarar vore innom Framtida.no. Det er 30.000 fleire enn i 2011. I løpet av ei veke er trafikken no på vel 7500 unike brukarar. Dette er opp 25 prosent frå same periode i 2011.

 

Svein Olav Langåker er prosjektansvarleg og skrivande journalist i Framtida.no. Prosjektansvarleg har arbeidsstaden sin i redaksjonslokala til ABC-Startsiden, og adm. direktør i ABC Startsiden, Espen Udland, er også ansvarleg redaktør for Framtida.no.

 

I 2012 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande to årsverk. I tillegg har prosjektet hatt ein journalist i praksis i åtte månader. Om lag 20 unge skribentar bidreg som kommentatorar på Framtida.no

 

Eigenproduksjonen har auka, og også omtalen. Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt 319 gonger i norske medium i 2012, mot 103 gonger i 2011.

 

Til saman samarbeider prosjektet no med 15 lokalaviser.

 

Framtida.no har òg gjort det mogleg for brukarane å abonnera på rss-feedar frå kvart enkelt tema, anten det er snakk om politikk, litteratur, bokmeldingar eller yrkesval. 

 

Framtida.no fekk i meldingsåra støtte frå Eurodesk, Vinjefondet, Fritt Ord, Oslo Nye Sparebanks fond, Fagforbundet(via LNK) og Riksfondet for nynorsk i pressa til drift og til forskjellige innhaldsprosjekt.

 

Magasinett

Som ein lekk i strategien for å styrkja arbeidet mot barn og unge har LNK overteke ansvaret for drift av Magasinett og presenterer kvart år dette nettidsskriftet som eit tilbod til elevar og lærarar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Så langt me kjenner til er Magasinett.no og Framtida.no framleis dei einaste ungdomsretta nettstadene som er redigerte på nynorsk.

 

Styret i Magasinett har dei siste åra lagt sterkare vekt på tilnærming til skulebruk. Magasinett har mange skarpe pennar og kjappe tastatur, og er eit særs godt og relevant tilbod til lærarar og elevar som slit med dårleg motivasjon i norskfaget. Frå januar 2012 fekk Svein Olav Langåker redaktøransvaret for Magasinett, og det vert for tida arbeidd for å få til ei tettare integrering mellom Framtida.no og Magasinett.

Magasinett hadde nær 25.000 unike brukarar i løpet av 2012. Viss ein samanliknar 2. halvår i 2011, med 2. halvår i 2012, så har talet på unike brukarar auka med over 16 prosent. Talet på sidevisingar har gått opp med 5,7 prosent. Magasinett har i løpet av hausten knytt til seg fleire nye skribentar gjennom nettverket til Framtida.no. Mellom desse er forfattarane Atle Berge og Kristina Leganger Iversen. Magasinett har arrangert to skrivekonkurransar og ei fototevling i samarbeid med Framtida.no. I tillegg har Magasinett oppgradert publiseringsplattforma si, og gjort det enklare for brukarane å dela innhaldet i sosiale media.

 

LNK har i fleire år hatt ein avtale med Fagforbundet som sikrar midlar til marknadsføring og vidareutvikling av Magasinett. Avtalen vart reforhandla i 2012 og gjeld no fram til 2017. Stiftinga Magasinett er elles finansiert gjennom tilskot frå Utdanningsdirektoratet og LNK.

 

 

Pirion

Stiftinga Pirion gir ut fagbladet Pirion for tilsette i barnehagar, SFO og grunnskular. Pirion kjem ut med åtte utgåver i året. Ideen bak Pirion er å stimulera barnehagane og dei andre målgruppene til å ta utgangspunkt i lokal kultur og språk når årsplanane skal leggjast.

 

Stiftinga Pirion arrangerer og kurs. Pirion-kursa rettar seg mot det pedagogiske personalet i barnehagane og har som føremål å auka refleksjonen kring barnehagen si rolle som kulturformidlar i det moderne mediesamfunnet.  Pirion-kursa leverer og innspel til det praktiske arbeidet i barnehagen.

 

Pirion er eit viktig tilbod til styrarar og andre tilsette i barnehagar, SFO og dei lågaste klassane i grunnskulen.

 

Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar står bak stiftinga Pirion.

Ein avtale LNK har med Fagforbundet sikrar at Pirion kjem ut som stifta vedlegg til Fagbladet i om lag 38 000 eks. åtte gonger i året. Avtalen gjeld fram til 2017. I tillegg hadde Pirion om lag 300 betalande abonnentar i meldingsåra, sjølv om alt stoffet ligg fritt tilgjengeleg på Pirion.no. Styret har vedteke å leggja ned den postdistribuerte papirversjonen frå januar 2013. Som ei følgje av dette ønskjer styret å auka den redaksjonelle aktiviteten på pirion.no, facebook.com/pirion og twittersida@avisapirion.

 

Norsk Plan as har for tida det redaksjonelle ansvaret for bladet og bruker eigne og innleigde journalistar til å skriva det redaksjonelle stoffet. I tillegg bidreg ulike spaltistar til den faste spalta PitParion. På www.pirion.no finn lesarar alt tilgjengeleg materiell frå bladet, pluss somme bokmeldingar og lenker til andre gode nettstader.

 

I meldingsåra har dagleg leiar i LNK vore styreleiar i dei to stiftingane. Pirion får no driftsstøtte frå Kunnskapsdepartementet, Fagforbundet og frå LNK.

 

Nye tider – nynorsk

I meldingsåra har LNK samarbeidd med åtte kommunar i Nordhordland om prosjektet ”Nye tider – nynorsk”. Prosjektet går ut på å synleggjera den nynorske barne- og ungdomslitteraturen i folkebiblioteka. «Nye tider – nynorsk» gjekk over tre år og var svært velukka. Prosjektet vart avslutta i 2012 og sluttrapporten kan lastast ned frå LNK.no.

 

Nytt korrektursystem for kommunar

I 2012 har LNK samarbeidd med Tansa Systems as om utvikling og testing av eit korrektursystem til bruk i det offentlege og i næringslivet. Tansa er marknadsleiar på slike system for aviser i Noreg, men ønskjer no altså å nå andre grupper. Vågå kommune har alt teke programmet i bruk og tre andre kommunar har og sagt ja til å prøva ut systemet.

 

Språkbruksplanar

Om lag 35 kommunar har laga sin eigen språkbruksplan, dei fleste tufta på den malen LNK har lagt ut på LNK.no. Malen er laga av Jan Olav Fretland. I 2006 svarte berre 15 kommunar at dei har slike planar og i 2011 svarte 10 kommunar ja på det same spørsmålet. Det kan såleis sjå ut som om fleire av dei kommunane som faktisk har laga målbruksplanar, ikkje brukar dei – og i nokre tilfelle ikkje er klår over at dei finst!

 

LNK samarbeidde i meldingsåra med Språkrådet og Nynorsk kultursentrum om ei ny kartlegging av språket i nynorskkommunane. Resultatet av denne undersøkinga vart lagt fram våren 2011.

 

Verkeområde for mållova

I  2006 var 35 % av kommunane misnøgde med korleis staten praktiserer mållova. Statistikk frå 2011 viser at talet er meir nedslåande i dag. I målbruksmeldinga frå  Kulturdepartementet i 2006 heiter det «Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har og gir eit klart og utvitydig signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane heretter skal følgjast til punkt og prikke.»

Fjell kommune gjorde si eiga undersøking hausten 2010. Meir enn 80% av tilfanget frå staten kom på bokmål. Ikkje eitt av skriva frå nokon av departementa var på nynorsk i kontrollperioden. Ut frå Mållova skal alt som kjem frå statsetatar til nynorskkommunar vera på nynorsk.  Kulturdepartementet, som Språkrådet sorterer under, har eit overordna ansvar for at staten følgjer opp mållova. Ironisk nok kom også skriva frå dette departementet på bokmål.

Undersøkinga tyder på at store deler av staten ignorerer mållova. Signal i stortingsmeldinga ”Mål og meining”, skulle tyda på at regjeringa ønskjer å ta aktive styringsgrep på dette området, men knapt noko har skjedd til no.

 

Nye organisasjons- og selskapsformer vert tekne i bruk i offentleg sektor og det er ei språkleg utfordring at både kommunane og staten ofte organiserer arbeidet sitt på andre måtar enn tidlegare. Både interkommunalt samarbeid og kommunale selskap kan lett bera i seg språkpolitiske utfordringar, og slik er det òg i dei nye statlege underbruka. Ikkje alle desse vert automatisk fanga opp av mållova. LNK arbeider for at formuleringar om språkbruk vert tekne med i vedtektene for kommunale selskap.

 

LNK arbeider og for at krav til målform skal takast med i kontraktane/konsesjonsvilkåra ved utsetjing og privatisering av kommunale oppgåver.

 

 

Arbeid mot sentrale styremakter og andre samarbeidspartar

Stortingsmeldinga ”Mål og meining” tydeleggjer ein overordna norsk språkpolitikk. Meldinga er ambisiøs og har meir enn hundre tiltakspunkt. Diverre er skuffande få av desse punkta følgde opp i ettertid.

 

I ”Mål og meining” ligg det føringar om at staten, mellom anna ut frå demokratiomsyn, tek opp att satsinga på ein ”klårt språk”-politikk. LNK kan, i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, tilby kurs i ”klårt språk”. HISF er fagleg ansvarleg for kursa, som høver godt for tilsette både i stat og kommunar.

 

LNK arrangerer kvart år fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene og andre om aktuelle tema for å spreia informasjon og å skapa positive haldningar.

 

 I meldingsåra har LNK gitt uttrykk for språkpolitiske haldningar gjennom ei rekkje høyringsfråsegner,

og arbeid i fleire rådgjevande statlege utval. LNK har mellom anna delteke i ei  ressursgruppe som Kunnskapsdepartementet peikte ut i 2012. Gruppa fekk i mandat å koma med forslag om tiltak som kunne styrke nynorsk som hovudmål. Ressursgruppa har hatt fem samlingar, og forslaga ligg føre i ein rapport til departementet.

 

 

 

Språk og kommuneøkonomi

I arbeidsprogrammet til LNK står det at organisasjonen skal arbeida for at rammeoverføringane til kommunane og føringane for desse ikkje gjer språk og språkspørsmål til ein salderingspost i ein stram kommuneøkonomi. Vidare skal organisasjonen arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk, eller av di dei har språkdelte parallellklassar i grunnskulen. I meldingsåra er det mellom anna arbeidd med å dokumentera korleis dei statlege kompensasjonsmidlane for kommunar med meirutgifter som følgje av språkdelte klassar, blir tildelt. Desse midlane er trekte ut frå rammeoverføringane til kommunane, og blir fordelte etter søknad til fylkesmannen. Det kan sjå ut som om denne praksisen, som er tufta på skjønn, fungerer noko ulikt frå fylke til fylke.

 

Læremiddelsituasjonen

LNK skal arbeida for at ein større del av materiell til bruk i kommunesektoren skal liggja føre på nynorsk. Skule og barnehage har vore prioriterte sektorar for LNK i meldingsåra.

Det er etablert eit formalisert samarbeid med Utdanningsdirektoratet der mellom anna spørsmål om læremateriell skal drøftast. LNK er representert i ”Forum for nynorsk i opplæringa”, saman med fleire andre organisasjonar. Forumet har vore ein viktig premissleverandør til den strategiplanen Utdanningsdirektoratet la fram i etterkant av språkmeldinga ”Språk bygger broer” våren 2008, men LNK og dei andre eksterne medlemmene av forumet har vore svært skeptiske til framlegga frå direktoratet om å redusera krava til kompetanse og eksamen i sidemålet i norskfaget.

 

Læremiddel for framandspråklege

Manglande  opplæring i nynorsk for innvandrarar som har slått seg ned i nynorskkommunar er eit problem som går att i norske kommunar.  Hovudproblemet  var i mange år mangel på læremiddel på nynorsk for desse gruppene, men det handlar òg om haldningar hos lærarar og administrasjon i vaksenopplæringa.

LNK arbeider for at læremiddel for flyktningar og innvandrarar skal verta  utvikla på begge målformer. LNK er mellom anna med i ei arbeidsgruppe i VOX som arbeider med slike saker.

Det er framleis slik at kommunar som tilbyr bokmålsopplæring har svært mykje meir å velja i når det gjeld læremiddel for innvandrarar og flyktningar, men det er viktig at det som er blitt produsert av læremiddel på nynorsk blir teke i bruk i nynorskkommunane. At læremiddel på nynorsk verkeleg vert nytta, er eit godt argumentet for meir rettferd og større valfridom. Det motsette vil vera svært øydeleggjande for arbeidet med å integrera framandspråklege og gjera nynorsken synleg på dette området.

Nokre kommunar har opna for at dei som underviser dei framandspråklege sjølve avgjer kva målform som skal brukast. Dette er uheldig og LNK arbeider for at kommunar som har slik praksis tek tilbake den politiske styringsretten på dette området.

LNK har i meldingsåra engasjert seg sterkt i prosjektet «Arbeidsinnvandring frå EU – språklege rettar». Bakgrunnen er at fleire og fleire EU-borgarar vert tilsette i norske kommunar, utan at dei kan norsk. Med dagens system har dei heller ikkje rett på den minimumsopplæringa som andre innvandrarar får – og dette utgjer ein tryggleiksrisiko. LNK si haldning er at også EU-borgarar må få rett til gratis språkopplæring til liks med andre framandspråklege.

 

3. Medlemskontakt og informasjon

Dei siste 11 åra har organisasjonen gitt ut LNK-avisa seks gonger i året. Avisa vert sendt direkte til alle kommunestyrerepresentantar og etatsleiarar i medlemskommunane. I tillegg vert avisa sendt til alle skular, barnehagar og bibliotek i ”våre” område, til forskingsinstitusjonar, aviser og tidsskrift og til alle stortingsrepresentantar. Avisa har eit opplag på om lag 6000.

 

I tillegg til å informera om kva organisasjonen steller med, skal avisa synleggjera medlemene i landssamanslutninga. Annonseinntektene var lenge stabile, men har gått ned i dei siste åra. Styret vurderer heile tida om informasjonsstrategien bør leggjast om, og at midlane som i dag går til avisa heller bør brukast til auka nettsatsing.

 

LNK-avisa har også i meldingsåra kome med 12 utgåver.  Avisa arbeider stadig med å balansere organisastorisk stoff med kommentarstoff både frå eigen organisasjon og eksterne kjelder, samt aktuelle nyhendesaker og magasinstoff som rører ved sentrale problemstillingar i nynorskmiljøet/kommunenoreg. Den grafiske profilen i avisa vart stramma opp i 2012. Redaksjonen opplever at avisa blir lest og at den blir tatt positivt imot. 

 

Redaksjonen har dei siste åra jobba med å auke synergiane mellom LNK-avisa og LNK.no. Dette arbeidet vil halda fram. Strategien er at lnk.no skal levere aktuelle nyhendesaker, og at ein kan få meir bakgrunnstoff og større reportasjar i LNK-avisa. Både lnk.no og LNK-avisa blir ofte sitert i andre medium. Nettstaden LNK.no blir meir og meir brukt – og blir tilført meir og meir ressursar. LNK.no vert oppdatert fleire gonger per dag. Sidene hadde i meldingsåra i snitt 12 000 besøkande kvar månad.

 

I 2012 har vi sett ei stor auke i bruk av sosiale medium. LNK har meir aktivitet på Twitter  og Facebook enn tidlegare, og fleire lojale følgjarar som deler og kommenterer det som skjer. Statistikken til LNK.no viser at vi i meldingsåra har hatt besøk av omlag 1900 unike brukarar per månad. Brukarane held seg framleis mest på pc, medan omlag 10% av dei besøkande ser sida på ein mobil. På Twitter har LNK 249 følgjarar og på Facebook 389. 

 

Pris for offentleg målbruk

Styret i LNK deler ut ein pris for god offentleg målbruk annakvart år, i samband med landstinget. Prisen skal markera det positive haldningsskapande arbeidet som LNK ønskjer å driva. Prisvinnarar i 2011 vart Sogndal Fotball.

Tidlegare prisvinnarar er Ullensvang herad, Vågå reiselivslag, Fylkesmannen i Rogaland, Fjell kommune, Sogn og Fjordane Idrettskrins, Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM), Lotteritilsynet, Arne Brimi, Odd Nordstoga, Peer Gynt-spelet og Hordaland Teater.

 

Prisen for 2013 vert delt ut under landstinget på Voss.

 

Pris for årets nynorskkommune

Frå og med 2009 vart Pris for offentleg målbruk samordna med utdelinga av Kommunal- og regionaldepartementet sin Pris for årets nynorskkommune. I meldingsåra har dagleg leiar vore med i juryen for denne prisen.

I 2011 gjekk prisen til Fjell kommune medan Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk prisen i 2012. Tidlegare har kommunane Stord og Seljord fått prisen.

 

III FAKTA OM LNK

Skipingsmøte 1993

Landssamanslutninga av nynorskkommunar vart skipa på Bryne i 1993 og er altså 20 år i år.

 

Landstinget 1995

Landstinget 1995 vart halde i Ullensvang herad 7. til 9. juni 1995. 42 medlemer var representerte. I alt var det 95 personar til stades.

 

Landstinget 1997

Landstinget 1997 vart halde i Ål 26. til 28. mai 1997 og samla i alt 89 deltakarar. 49 medlemer var representerte.

 

Landstinget 1999

Landstinget 1999 vart halde i Førde 1. og 2. juni 1999. 84 deltakarar var til stades, og 44 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2001
Landstinget 2001vart halde på Bryne 7. og 8. juni 2001. 81 deltakarar var til stades, og 37 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2003
Landstinget 2003 vart halde i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda 24. og 25. april. 101 deltakarar var til stades, og 41 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2005

Landstinget 2005 vart halde på Rauland i Vinje kommune 27. til 29. april. 146 deltakarar var til stades, og 43 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2007

Landstinget 2007 vart halde i Vågå kommune 27. og 28. august . 150 deltakarar var til stades, og 30 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2009

Landstinget 2009 vart halde i Stryn kommune. 118 deltakarar var til stades, og 34 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2011 vart halde på Sand i Suldal kommune og hadde om lag 130 deltakarar, 36 medlemer var representerte.

 

Landstinget 2013 vert halde på Voss i april 2013.

 

 

Medlemstal

Per 31. desember 2012 hadde LNK 122 medlemer. Av desse var:

101 kommunar

4 fylkeskommunar

17 interkommunale tiltak/regionråd

 

Medlemstalet er stabilt. Styret prioriterer kvart år to veker med besøk i medlemskommunar kombinert med rekrutteringsarbeid.

 

Styret

Etter Landstinget i 2011 har styret vore sett saman slik:

Leiar Astrid Myran Aarvik, Årdal kommune

Nestleiar Rune Øygard, Vågå kommune

Styremedlem Solfrid Borge, Ullensvang herad

Styremedlem Laura Seltveit, Sauda kommune

Styremedlem Gunnar Strøm, Volda kommune

1. vara  Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane fylkeskommune
2. vara  Hallvor Lilleslett, Gol kommune

3. vara  Bjørn Fredrik Nome, Fyresdal kommune

I meldingsåra hadde styret åtte møte og behandla 84 saker.

Styreleiar og nestleiar i styret har vore forhandlingsutval/arbeidsutval i LNK.

Godtgjersla til styret har dei siste åra vore knytt opp mot løn for stortingsrepresentantar. Styreleiar si årvisse godtgjersle er 3 % av stortingsløn, og godtgjersla til styremedlemer er 3 promille av stortingsløn per møte.

 

 

Økonomi

 

I 2010 vart det gjort vedtak om at «På saklista»-kursa skulle gjerast gratis for medlemer. Dette førte til eit relativt stort, men venta driftsunderskot i 2011. Sidan dei økonomiske utsiktene for 2012 var usikre, vart ein del prosjekt og aktivitetar sette «på vent». Etter at samarbeidsavtalane til LNK vart reforhandla, er aktiviteten no attende på eit «normalt» nivå.

 

Medlemskontingenten vert kvart år auka tilsvarande konsumprisveksten.

Satsane er per 1.01 2013:

Einskildkommunar kr 6 000 per år pluss kr. 0.90 per innbyggjar.

Fylkeskommunar kr 31 500 per år.

Interkommunale tiltak kr 7 700 per år.

Regionråd der minst ein av medlemene er betalande medlem i LNK, har rett til gratis medlemskap.

 

Medlemspengane tilsvarar om lag ein firedel av inntektene i organisasjonen. Statstilskotet vart meir enn dobla i 2009, men har seinare vore stabilt og utgjer om lag 20% av omsetnaden.

 

Om lag 30% av inntektene til LNK kjem som tilskot frå økonomiske samarbeidspartnarar.  Avtalane med Fagforbundet, KLP-Forsikring, Kommunalbanken og Hotell Bondeheimen vart alle reforhandla i 2012 og har i dag ein bruttoverdi på om lag 1 800 000. Ein del av dette er knytt til rabattar på trykking, distribusjon og overnatting, men om lag 1 500 000 er dokumentert i rekneskapen. Avtalen med Bladet Sunnhordland skal reforhandlast i 2013.

 

Den siste firedelen av inntektene er eigeninntekter og prosjekttilskot.

 

I meldingsåret  2011 hadde LNK eit «styrt» underskot, som følgje av at «På saklista»-kursa vart gjort gratis. I 2012 hadde organisasjonen eit «nær null-resultat».  Økonomien i Landssamanslutninga er i dag tilfredsstillande, og likviditeten er bra. Det vil likevel bli lagt vekt på å styrkja eigenkapitalen noko i åra som kjem. Styret har valt ein driftsmodell som gjer det relativt lett å ha kontroll med driftsutgiftene i organisasjonen.

 

Administrasjon

LNK held til i Pilestredet 8 i Oslo, der vi leiger lokale hos Dag og Tid, som vi òg har eit nært kontorteknisk samarbeid med.

Vidar Høviskeland har vore dagleg leiar i LNK sidan 1. januar 1998.

Svein Olav Langåker vart tilsett som prosjektansvarleg for Framtida.no frå 1. mars 2010.

I meldingsåret var i gjennomsnitt to årsverk knytt til Framtida.no.

Jan Magne Dahle arbeider på timebasis med norskfaglege saker, og saker som vedkjem framandspråklege.

Berre dagleg leiar og prosjektansvarleg for Framtida.no er tilsette i 100 prosent stillingar, informasjonstenester vert kjøpt inn gjennom årskontraktar, rekneskapstenester vert kjøpt på timebasis, medan storparten av drifta elles er prosjektorganisert. Det vil seia at kompetanse vert leigd/kjøpt inn etter behov. Styret vurderer fortløpande om dette er den beste organisasjonsforma, og har fram til no konkludert med at modellen skal førast vidare.

 

Alt i alt tilsvarar aktiviteten i LNK (prosjekt medrekna) om lag sju årsverk. I tillegg til det generelle politiske arbeidet er det innafor desse årsverka oppgåver som rekneskap, annonsesal, journalistikk, kursverksemd, tilrettelegging av konferansar,  framforhandling av økonomiske samarbeidsavtalar, politiske og juridiske utgreiingar innafor spesialiserte fagfelt, o.a.

Sjølv om det i dag nok er økonomisk grunnlag for å ha fleire fast tilsette i LNK, ville det truleg ikkje vera råd å få tak i personar som dekkjer alle desse fagområda. Med lønsutgifter for til dømes fire fast tilsette ville det heller ikkje vera økonomisk rom i organisasjonen for å kjøpa den kompetansen som ville ha mangla.

 

I meldingsåra har Toyni Tobekk, Judith  Sørhus Litlehamar, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Bente Kjos-Wenjum, Frank Hondsmark, Gerhard Stoltz, Einar Schibevaag, Jan Olav Fretland, Tone Skjerdal, Mathias Øvsteng, Åsmund Lien, Jostein Mo, Arvid Brurok, Aud Søyland, Trygve Kvandal, Ola Relling, Arve Tokvam, Arnfinn Vigrestad, Jan Magne Dahle, Nina Østebø, Anne Ottermo, Henrik Aakre, ofl. vore med som prosjektmedarbeidarar. I tillegg kjem spaltistar/journalistar/frilansarar som skriv for LNK-avisa, LNK.no, Diktarvegen.no og alle som skriv for Framtida.no, Magasinett og Pirion.

 

Bente Dammen har vore prosjektansvarleg for bibliotekprosjektet ”Nye tider – nynorsk”, som for tida er under evaluering.

 

Toyni Tobekk, og Judith Litlehamar har vore redaktørar for LNK-avisa og hatt ansvar for LNK.no. Berit Krogh i Noregs Mållag har ført rekneskap og hatt ansvar for fakturering.

 

Prosjektstyringsgruppe for Diktarvegen har vore: Solfrid  Borge, Sigurd Kvikne, Nils Moldøen, Margrete Reisæter, Helene Barkved, Bjørn Andresen, Randi Bårtveit. Etter at prosjektet vart slått saman med IS Fjordvegen i det nye aksjeselskapet Fjordvegen Diktarvegen AS, vart det nye styret sett saman slik: Solfrid Borge (styreleiar), Arne Kleppa, Vidar Høviskeland og Margrete Reisæter. Leiv Vambheim og Trude Rinaldo frå Hardangerrådet har vore administrative leiarar av aksjeselskapet. Både dette aksjeselskapet og prosjektet Diktarvegen vert avvikla i desse dagar.

 

Styre for Magasinett og Pirion har vore: Gunhild Hammeraas, Vivian Kjøpstad og Vidar Høviskeland. Ola Relling har vore rekneskapsførar for stiftingane Magasinett og Pirion i meldingsåra, og Ernst & Young har vore revisor.

 

Vardens Revisjonskontor har vore revisor for LNK.

 

Samarbeid

Styret har prioritert samarbeidet med dei nærskylde organisasjonane gjennom aktiv deltaking i samarbeidsorganet Nynorsk Forum.

LNK er medstiftar i Nynorsk Kultursentrum, og legg vekt på å ha eit nært samarbeid med denne institusjonen. Styreleiar Astrid Myra Aarvik har vore LNK sin medlem i rådet i Nynorsk Kultursentrum, medan Rune Øygard har vore varamedlem i meldingsåra. Styreleiar og dagleg leiar har representert LNK på Dei Nynorske Festspela.

Dagleg leiar i LNK har vore styreleiar i stiftingane  Pirion og Magasinett. Styra i desse to stiftingane er personidentiske.

LNK har og hatt eit nært og godt samarbeid med ABC Startsiden i meldingsåra, særleg når det gjeld drift av Framtida.no og Startsida.no.

LNK har vore til stades på landsmøta til Noregs Mållag og Landslaget for lokalaviser (LLA).

LNK har 20 aksjar i Norsk Plan, kvar pålydande kr 500.-. Dette gir oss høve til å vera til stades på generalforsamlingane i selskapet vi for tida kjøper ein stor del av informasjonstenestene frå.

LNK har avtale med Dag og Tid om leige av kontorlokale og om rabatt på lysingar.

LNK har avtale med Hotell Bondeheimen i Oslo, Hotell Hordaheimen i Bergen og Best Western Hotels sentralt om rabatt på overnattingar.

LNK har avtale om rekneskaps- og faktureringstenester frå Noregs Mållag.

LNK har avtale med konsulentselskapet Norsk Plan AS om drift av LNK-avisa, LNK.no, Diktarvegen.no, Magasinett.no og Pirion.no. Frå januar 2012 fekk Svein Olav Langåker redaktøransvar for Magasinett.

LNK hadde i meldingsåra avtale med konsulentselskapet Tømmerflåt AS om sal av annonsar. Frå januar 2013 overtek Nina Østebø dette ansvarsområdet.

LNK har i meldingsåra hatt eit nært og godt samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) om mellom anna Framtida.no og valprosjektet «Ung og engasjert».

Sidan 2004 har LNK laga eit fordelskort som er blitt distribuert til alle medlemer annakvart år. Kortet gir mellom anna rett til rimelege overnattingar på Best Western Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotell Hordaheimen i Bergen. I 2013 kjem det ein ny og oppdatert versjon av dette kortet. Konsulentfirmaet Rådgjevaren har ansvaret for dette prosjektet.

 

Framlegg til vedtak:

”Årsmeldinga 2008 – 2009 vert å leggja fram for Landstinget slik ho ligg føre”

Utskrift E-post