MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Aktuelt | Rapphistorie på nynorsk
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar    onsdag 23. juni 2010 07:00    Skriv ut E-post
Rapphistorie på nynorsk

Runar Gudnason

Runar Gudnason i Side Brok fekk nyleg stipend frå Noregs Mållag. No skal han skrive rapplyrikkens poetikk.

– Kva betyr det for deg og Side Brok å få dette stipendet frå Noregs Mållag?

– Det betyr nok mest for meg personleg; som rappmusikar og hip-hoppar betyr det mykje for meg at eg får høve til å skrive om denne viktigaste nye lyrikkforma sidan rocken. Eg håpar det òg vil få betydning for norsk hip-hop.

– Kva skal stipendet brukast til?

– Eg vil fyrst og fremst skrive ein rapplyrikkens poetikk. Denne vil igjen vere ein viktig del av ei tekstsamling om rapp, eit prosjekt som treng endå meir midlar.

– Kva betyr nynorsken og dialekten for deg ?

Nynorsk er språket eg skriv, dialekten er språket eg snakkar. Så mykje betyr det, og det er ikkje lite.

– Kvifor vel de å synge på dialekt, og ikkje på engelsk?

– Det var verken eit spesielt gjennomtenkt eller språkpolitisk val. Eg ville berre lage rapp; altså skrive og rappe om meg sjølv og livet mitt, og eg veit ikkje korleis ein uttalar ”Hovdebygda” på engelsk.

– Kva betyr dialekt i musikken?

– Alle som rappar på norsk, rappar på dialekt, i motsetnad til i rock og pop, der det finst fleire som syng på nynorsk eller bokmål. Dei mestseljande norske rapparane akkurat no heiter Lars Vaular og Karpe Diem; dei rappar høvesvis på bergensdialekt og oslodialekt.

– Kva trur du om framtida til nynorsken?

– Eg er langt frå nokon fagmann på dette området, men mitt inntrykk er at nynorsk har vorte eit meir og meir finkulturelt språk. For på same tid som nynorsken er hardt pressa på skuleområdet og me mister fleire og fleire barn og unge, opplever eg støtt stigande aksept innanfor kulturlivet og det akademiske. Morgenbladet, til dømes, har ein god del nynorsk. Det var vel ganske utenkjeleg ein gong.

– Kva trur du er den største utfordringa for nynorsken framover?

– Det må då nettopp vere å vinne tilbake kvardagen. Spesielt viktig trur eg det er å satse på det digitale; styresystem til datamaskiner, mobiltelefonar og andre maskiner. Alt som har menyar på ein skjerm; her er det viktig å vise at nynorsk fungerer som kvardagsspråk. Alle systema mine er stilt inn på dansk inntil vidare.

Dessutan er det viktig å vere fyrst på nye områder, ta terreng. Som når det gjeld forsking på heilt nye lyrikkområde. Nokre vil kanskje ignorere rappen og vente på at det går over. Det er både historielaust, arrogant og ikkje minst dumt. Og rapp er ikkje berre ei ny lyrisk uttrykksform; det er ein kultur som i støtt større grad pregar kommunikasjonen blant dei unge, og det er den største slangprodusenten i vår tid. Og hugs, dei fyrste som skriv om noko nytt, får definere omgrepa.

– Kva er planane til Side Brok no framover?

Lage musikk! Me skal lage minst éi plate til, som sikkert kjem neste år. Men i år kjem det ei plate frå Thorstein Hyl sitt heilt nye prosjekt. Det er ikkje Side Brok, men det er rapp, og det er på norsk.

– Kva tilbakemeldingar får de på å bruke dialekt? Kva seier publikum?

I byrjinga fekk me ein del pes på grunn av dialekten, for den gongen var det stort sett rapparar frå austlandet som fekk merksemd. Derfor vart Tungtvann, Spetakkel og Side Brok kalla dialektrapparar. I dag har folk vorte vande til rapp på alle dialektar, og det er nesten ikkje eit tema lenger, ikkje utover at dei einskilde hip-hopparane, som alle andre, likar nokre dialektar betre enn andre. Likevel er der ein grunn til at me alltid har vore, og sikkert alltid vil vere, mest populære på Vestlandet.

– Kva betyr målrørsla for deg og Side Brok?

– For meg personleg betyr målrørsla mykje, både historisk og som eit miljø eg kan hente støtte og inspirasjon frå i dag. Side Brok er berre eit band som tilfeldigvis lagar musikk på norsk.

AKTUELT

Namn: Runar Gudnason

Bur: København

Aktuell: Tekstforfattar og rappar i bandet Side Brok. Fekk nyleg stipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag.

Alder: 38

Språk: Norsk

 

Sist oppdatert ( måndag 21. juni 2010 07:32 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009