|
|||
| Språkdirektøren |
Sylfest Lomheim (65) meiner Språkrådet bør jobba med haldningane me har til språket vårt. Til sommaren går han av som språkdirektør.– Korleis blir det å gå av som språkdirektør? – Både fint og vemodig – slik det skal vera. Fint fordi eg må vera ærleg nok til å seia at det på desse snart sju åra har skjedd det med Språkrådet og språkpolitikken som eg hadde vona. Vemodig fordi det er ein viktig arbeidsperiode – sikkert den viktigaste i livet mitt – som no i 2010 blir avslutta. – Kva er den største utfordringa for nynorsken framover? – Det er (for å ta ein Kolberg, jamfør ein tale han heldt på landsmøtet): produksjon – produksjon – produksjon! Det må produserast tekster på nynorsk, så mykje som råd, og med så godt språk som råd. Manglande lærebøker på nynorsk, manglande artiklar på nynorsk i VG, manglande nynorsk i turistbrosjyrar frå Hardanger; alt dette utgjer det største overgrepet på det nynorskbrukande mindretalet. Utan at folk les nynorsk, kan dei ikkje skriva nynorsk. – Korleis kan ein få fleire aktørar i næringslivet til å bruke nynorsk? – Ved å få næringslivsleiarar til å forstå at innteningsevna i mange samanhengar, men ikkje alle, kan bli betre ved å satsa på nynorsk – De har nettopp lagt fram Språkstatus 2010. Kva er dei største trekka der? – Det blir brukt stadig mindre norsk i høgre utdanning og forsking, kvaliteten på læremiddel i norskfaget er i ein del tilfelle uakseptabel dårleg, elevane både rettar og ler, kvar fjerde ungdom trur at engelsk er eit betre språk enn norsk, men popartistane bruker meir norsk i tekstene sine i 2010 enn for fire-fem år sidan. – Kva har vore din språklege kampsak? – Endra folks oppfatning av Språkrådet og språkpolitikken – Kva er den største utfordringa for språkutviklinga i Noreg? – Det er å ta vare på norsk skriftspråk som eit fullverdig og funksjonelt uttrykksmiddel for oss som bur i Noreg – Kva betyr målrørsla for deg? – Ho har vore min einaste trufaste åndelege følgjesvein i livet sidan eg forlét gardstunet på Lomheim som 19-åring. Andre grunnsyn og retningar kan ha veksla litt. – Korleis kan ein stimulera til meir nynorsk i barnehagen? – Nynorsk i barnehagen er eit middel – ikkje eit mål – for å utvikla så slitesterke haldningar til morsmålet at dei held livet ut. Berre fantasien set grenser for korleis ein gjennom song og leik kan byggja opp haldningar til språk i barnehagen. Bokstavering og ”skule” i den alderen bør det ikkje vera mykje av. Det er ikkje godt for utviklinga, sjølv om mange vaksne trur det. – Tre av fire statsorgan bryt mållova. Kva kan ein gjera med det? – Svaret er enkelt: gjennom politisk styring frå statsråden og nedover. Etatsleiarar må ikkje få høve til å gløyma kva dei har som ansvar. – Kva trur du om framtida til nynorsken? – Den er god nok dei neste hundre år, berre nynorskbrukarane brukar nynorsk. – Kva bør Språkrådet arbeide med framover? – Kvaliteten på norskundervisninga frå barnehage til vidaregåande, gode fagspråk på norsk i høgre utdanning og ein heil haug med andre ting – men først og sist: haldningar, haldningar, haldningar! AKTUELT Bur: Oslo/Kristiansand Aktuell: Til sommaren går han av som direktør i Språkrådet, etter sju år i jobben. Språk: På jobb i Språkrådet skriv Lomheim både bokmål og nynorsk. Elles berre nynorsk. Alder: 65 |
| Sist oppdatert ( onsdag 15. september 2010 12:27 ) |











