MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Høviske ord | Språkrådet: "Lagret lengst – verdt å vente på"
Skrive av Vidar Høviskeland    onsdag 29. desember 2010 01:00    Skriv ut E-post
Språkrådet: "Lagret lengst – verdt å vente på"


"Lagret lengst – verdt å vente på" heiter det i ein reklametekst for eit velrenommert bryggeri. Mest som Språkrådet. Kulturstatsråden har nyss oppnemnt eit nytt styre for rådet som i ein periode no har vore utan både direktør og styre.

Den første store oppgåva for styreleiar Ottar Grepstad og resten av styret vil vera å få på plass ein ny administrativ leiar. Sylfest Lomheim har vore ein sterk og profilert leiar gjennom seks og eit halvt år, og det skal godt gjerast å finna hans like. Men det er ikkje sikkert at det er hans like Språkrådet treng denne gongen. Ein god leiar evnar å finna personar med kompetanse og stil som utfyller eigne eigenskapar, og her er det mange ressursar å spela på, både i og utanfor Språkrådet.

Dette hastar. Etter at stortingsmelding nr. 35 (2007–2008), Mål og meining, gav Språkrådet og Kulturdepartementet eit overordna, sektorovergripande ansvar for å forvalta "ein heilskapleg norsk språkpolitikk", står Språkrådet framfor store oppgåver og eit enormt forventningspress. Rådet har nok ikkje noko sterkt ønske om å stå fram som eit superdirektorat, men det skal mykje godt informasjonsarbeid til for at det ikkje blir slik ...

I vinter sender Språkrådet, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar, ut eit spørjeskjema til ein del norske kommunar. Målet er å kartleggja haldningar til språk. For oss som har kommunebriller på, er det gledeleg at Språkrådet no tek på seg eit fagleg ansvar også for dette forvaltningsnivået.

Kven som har ansvar for språket i ein kommune, er ikkje opplagt. Sjølvsagt har rådmannen per definisjon ansvar for alt som skjer, men kva etat har det faglege ansvaret for språk? Er det skulekontor, kulturkontor, rådmannskontor eller kanskje biblioteket? I nokre få kommunar er dette definert i det kommunale planverket eller i delegasjonsregelverket, men desse kommunane hører til unnataka. Her trengst ein innsats, mellom anna frå Språkrådet.

I språkmeldinga står det lista opp godt over 100 meir og mindre konkrete tiltak som skal gjennomførast for å vitalisera norsk språk. Fleire av desse oppgåvene er formidable. Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for at oppgåvene blir løyste, men det er Språkrådet som er utøvande organ og skal gjera jobben.

Norsk Språknemnd vart skipa i 1952. Seinare har nemnda, Norsk Språkråd og Språkrådet traska lenge langs dårlege vegar med avgrensa utsikt, for ikkje å seia utsikter. Med nytt styre, ny direktør og nye omfattande og viktige ansvarsområde kjem dei no til eit vegskilje. Rådet har vore lagra lenge, men me trur det har vore verdt å venta på.

Sist oppdatert ( måndag 03. januar 2011 14:53 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009