MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Høviske ord | Tid for endring av norskfaget?
Skrive av Vidar Høviskeland    onsdag 25. januar 2012 09:12    Skriv ut E-post
Tid for endring av norskfaget?

Byline Vidar

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer – på bakgrunn av eit notat frå Utdanningsdirektoratet - å tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet og satsa sterkare på norskfaget. Statsråden meiner det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ønskjer ein tydelegare og mindre omfattande læreplan.

Dette har ho sjølvsagt rett i, og læreplanen treng sårt til ei revidering. I dag lærer mange av dei som har nynorsk som sidemål ikkje eingong dei grunnleggjande elementa i faget, av di dei knapt får undervisning i språkforma. Norskfaget har teke opp i seg så mange sjangrar og tema at det ikkje vert tid til å undervisa i alt, og dette ser ut til systematisk å gå ut over opplæringa i sidemål.

Me ønskjer såleis arbeidsgruppa som no skal laga utkast til ein ny læreplan i norsk, lukke til med arbeidet, og vil vona at dei går djupare inn i problemstillingane enn det Utdanningsdirektoratet ser ut til å ha gjort – så langt. Tida er overmoden for endring av norskfaget, men så er det dette med skilnaden på å barbera seg og skjera av seg haka.

hoDen største endringa kunnskapsministeren skal vurdera i løpet av det neste året er nemleg å fjerna standpunktkarakterar og eksamen i sidemål. Dette er ein særs dårleg ide, og vil i praksis vera å rokka ved sjølve prinsippet for jamstelling av nynorsk og bokmål – stikk i strid med gjeldande norsk språkpolitikk. Me er sterkt kritiske til at ein faginstans som Utdanningsdirektoratet ser ut til å la fordommar og populisme få styra utviklinga av det norske språket ved å redusera kunnskapskravet i basisfaget norsk.

Ei tilnærming til omorganisering av norskfaget slik Kristin Halvorsen no tek til orde for, vil få konsekvensar langt ut over skuleverket. Lat oss ta eit døme frå ein av medlemskommunane våre: Bykle Arbeidarparti har kome med framlegg om at Bykle skal gå frå å vera nynorsk til språknøytral kommune. Hovudargumentasjonen var at det er så få saksbehandlarar som kan nynorsk - og at potensielle søkjarar til kommunale stillingar kvir seg for å søkja, når dei veit at dei ikkje kan språkforma. Ei likestilt språkform som dei altså skulle ha fått opplæring i gjennom fem år på ungdomsskule og vidaregåande. Det er noko fundamentalt gale med norskfaget generelt og med sidemålsopplæringa for bokmålselevar spesielt. Noko må altså gjerast.

Me er ikkje usamde i at norskfaget har blitt ein mastodont og har teke opp i seg alt for mykje marginalt stoff. Pensum kan med fordel kuttast ned, slik at elevane kan bruka meir tid på å læra basisdelane av faget. Det betyr ikkje at ein skal kutta ned på krava til kunnskap i nynorsk og bokmål - snarare tvert om: Ein gjer ikkje ein elev flinkare i norsk ved å gi han eller ho mindre norskopplæring!

Kanskje bør departementet heller gå inn i kjernen av problemet og gjera noko med norskfaget i lærarutdanninga. Her har det vore ein alt for låg standard i fleire generasjonar, og me slit med konsekvensane av dette i norsk skule i dag. Gi norsklærarar høgare løn og status, men set krav til kunnskap og motivasjon.

Frp og Høyre har signalisert at dei vil gjera sidemål (les: nynorsk) valfritt om dei kjem til makta i 2013, trass i sterk motstand i eigne rekkjer lokalt. Dei tre regjeringspartia gjekk derimot til val på at dei skulle styrkja nynorsken og arbeida for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. Lat oss håpa at utspelet frå Kristin Halvorsen fører til ei faktisk styrking av faget norsk.

Oppdatert 2. februar 2012

 

Sist oppdatert ( torsdag 02. februar 2012 09:59 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009