MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Høviske ord | Høviske ord juni 2009
Skrive av Vidar Høviskeland    måndag 08. juni 2009 00:00    Skriv ut E-post

vIDAR BYLINE

 

LNK-landstinget 2009 er over. Deltakarane har vonleg fått godt med faglege og sosiale stimuli og mykje påfyll.

Konferansedelen av landstinget hadde i år tre tema: Omdømebygging, arbeidsinnvandring og vern og vekst. Det er ikkje opplagt at desse områda har noko med kvarandre å gjera, men litt av målet med konferansen var å syna at det har dei:

Den største utfordringa for små og mellomstore kommunar frametter vert å rekruttera arbeidskraft - få folk til å ønskja å flytta til og bu i kommunane.  Dette postulatet kan høyrast merkeleg ut i ei tid der arbeidsløysa stig og mange vel å omskolera seg til yrke i sektorar som manglar arbeidskraft.

Sjølvsagt kan ein del av utfordringane løysast gjennom omorganisering: Alle kommunar treng ikkje ha alle sørvistilbod i gåavstand frå kommunesenteret. Det er mogleg å skapa gode tilbod i eit samarbeid med nabokommunar og. Dette kan føra til at det vert lettare å rekruttera kvalifisert personell. Og gjennom slike naboavtalar kan det vera lettare å oppretthalda folkevald styring over dei kommunale tilboda, enn når det vert oppretta til dømes  interkommunale aksjeselskap.

Men omsorgsyrka kjem til å ha bruk for å rekruttera stadig fleire medarbeidarar. I snitt kjem dei som er unge i dag til å leva til dei er hundre år, sa Stein Ringen i si innleiing. Dette er positivt, men det fører også med seg store utfordringar - ikkje minst for kommunane.

Utgangspunktet er ikkje så ille. Noreg er eit av dei få landa i Europa som har positiv folkevekst. Folketalet i kongeriket auka med 62 000 personar i fjor. Av desse var 42 000 inn-vandrarar.

Men me kan ikkje lena oss tilbake og slappa av med dette. Det er ikkje gitt at Noreg har nok tilgjengeleg arbeidskraft om ti år, sjølv om arbeidsløysa aukar nett no. Me har gjort oss heilt avhengige av arbeidsinnvandrarar innafor fleire sektorar. Det er ikkje berre berre å tinga mat på ein restaurant i Oslo, dersom du ikkje skjønar svensk. Og tek me ein tur innom ein norsk byggeplass, er det mange konsonantrike talemål å høyra. Ikkje lette å skjøna for dei fleste av oss, men vonleg forstår dei arbeidsleiarane sine.

Me ser tendensar til at tilbake-flyttinga har starta, først og fremst for arbeidsinnvandrarar, til dømes frå Polen. Graset i Noreg er ikkje så mykje grønare lenger, og det spirer og veks i heimlanda deira og.

Me har vore vande med at folk flyttar til Noreg av di dei må, ikkje av di dei nødvendigvis vil. Men dette flyttemønsteret er i ferd med å snu. Mange av dei som flyttar i dag gjer det av di dei ønskjer ein annan livsstil, dei tek eit verdival. Kommunane bør ha ein stretegi for å møta desse. Ein viktig del av denne strategien bør vera norskopplæring. Det å kunna nynorsk og bokmål er nøkkelen til all vellukka integrering. Knapt nokon flyktningar eller arbeidsinnvandrarar får fullgod norskopplæring i Noreg i dag.

Både Sylfest Lomheim og Jan Olav Fretland var uvanleg krasse i tonen då dei karakteriserte dagens språkopplæring i sine innlegg:

-Det går nedover med språkkunnskapen vår, og dette råkar og innvandrarane. Me treng ei ny og tøffare haldning til språkopplæring. Og me må hugsa at språkleg kvalitet heng saman med sosial kvalitet, sa Lomheim mellom anna.

Fretland kalla den norske språkstoda ”likesælesjuka”.

Kommunal og Regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa sa det slik:

- Kommunar som brukar nynorsk som hovudmål har funne seg ein eigen verdifull ståstad i møte med innflyttarar og innvandrarar. Dei kommunane som har valt nynorsk som målform er seg medvitne tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering.

Kampen for nynorsken har skapt større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa og la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet ikkje er motsetnader.
Dette er kloke ord. Lat oss kjempa for at dei ikkje blir for store.

Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK.

Sist oppdatert ( torsdag 10. februar 2011 09:34 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009