MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Kommentar | ”Ska di tukla me nynorskjen no igjen?”
Skrive av Sylfest Lomheim    onsdag 09. september 2009 13:36    Skriv ut E-post
”Ska di tukla me nynorskjen no igjen?”

Ja, det melde NRK og vestlandspressa nyleg. Oppdraget til Språkrådet kjem frå Kulturdepartementet – og i siste instans Stortinget, som i det omfattande vedtaket den 28. april i år om ein ny språkpolitikk hadde dette som ei av rundt hundre enkeltsaker.

Men ein rettskrivingsrevisjon reiser likevel automatisk ei rekkje spørsmål. Blir det ikkje – igjen – berre ein periode med ufruktbar usemje blant målfolket? Er det ikkje heilt andre grep som må takast for å styrkja nynorsken i samfunnet? Kven er rettskrivinga til for?

For det første: Stortinget og Kulturdepartementet har gått inn for dette fordi dei meiner at rettskrivinga for bokmål og nynorsk i prinsippet bør vera på linje. Etter 2005 er ikkje det lenger tilfellet. Det året godkjende departementet ei forenkling av bokmålet ved at alle klammeformer då fall bort. Valfridom er det framleis svært mykje av i bokmål, men no er det berre valfridom mellom likestilte former. Nynorskseksjonen i det som i 2003 heitte Norsk språkråd, fekk òg sjansen, men greidde ikkje å semjast om ei tilsvarande forenkling for nynorsken. Skal ein no med opne auge gå inn i nye rundar med debatt? Svaret er at viss ein vil unngå strid om rettskriving, kan ein knappast gjera noko med ei rettskriving. Få tykkjer det er eit fornuftig prinsipp.

For det andre: Mange, også Språkrådet, meiner at det ikkje er rettskrivingsjusteringar som avgjer om nynorsken vil halda seg. Styrken til nynorsken blir avgjort av den kollektive interessa for og viljen til å bruka nynorsk. Likevel trur Språkrådet at det ikkje er likegyldig korleis rettskrivinga ser ut. Me trur at ei funksjonell og oversiktleg rettskriving er ein styrke. Og viss dét stemmer, må me gjera det me kan med rettskrivinga.

For det tredje: Fleire, ikkje minst forfattarar, har reagert på at ny rettskriving kan resultera i mindre valfridom. I så fall går dei hardt imot. Dei ønskjer å skriva som før. Det er her eg må seia så tydeleg eg kan: rettskrivinga i nynorsk er – i utgangspunktet – ikkje for forfattarar eller andre privatskrivande. Rettskrivinga både i nynorsk og bokmål gjeld to grupper i samfunnet: Unge som skal læra å skriva norsk, og vaksne som i jobben er pålagde å følgja offisiell rettskriving. For alle andre – aviser, forfattarar, forlag, næringsliv osv. – er rettskrivinga eit tilbod og ei rettesnor. Og det er tradisjon i landet vårt for at forfattarar ikkje nødvendigvis følgjer rettskrivinga i detalj!

Hamsun-året gjer det freistande å sitera høvdingen : ”Næsten alle er enige om at vi skal ødelægge Sproget, det er Tempoet i Tingen de strides om.” (Sproget i Fare, 1918) Hamsun skriv godt, men det som skal skje med nynorsken, skal ikkje bidra til øydelegging.

Sylfest Lomheim er direktør i Språkrådet

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009