MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Kommentar | Den nynorske grunnmuren
Skrive av Haakon Skjerdal    torsdag 25. november 2010 16:41    Skriv ut E-post
Den nynorske grunnmuren

I år er det 5 år sidan Nynorske Litteraturdagar (NL) i Aurland vart arrangert for første gongen, og då kan det høve godt både å sjå litt attende og å tenkje framtid for dette unike tiltaket i kommunal samanheng.

For det mest særmerkte ved denne festivalen er truleg at han både starta og framleis blir driven som eit kommunalt prosjekt. Utgangspunktet i 2006 var eit resultat av ei medviten satsing på å utvikle ulike kulturtilbod i Aurland kommune med rot i den nynorske identiteten. Det heile byrja med at ordføraren, Olav J. Ellingsen, tok til å dele ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Dette er no innført som ei fast ordning.

Seinare kom "Song for livet", ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeider barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei fekk lese og analysere nynorsk samtidslitteratur.

Nynorske Litteraturdagar er ei naturleg vidareutvikling av desse tiltaka. Målet har vore å etablere eit større årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Slagorda folkeleg, raus, levande er valde med omhug. NL skal vere eit arrangement som appellerer til ulike målgrupper både i høve alder og interesseområde, og som slagorda gjev eit vink om; dette er ikkje arenaen for målsak. Likevel fell det stundom naturleg å problematisere rundt nynorsken sitt utfordrande tilvere i eit samfunn som blir stadig meir urbanisert, og der påverknaden frå andre språk – i første rekkje engelsk – er jamt aukande. Døme på dette kan vere eit tema me løfta fram for to år sidan, med utgangspunkt i at mange verksemder i det nynorske kjerneområdet framleis meiner at det er nødvendig å marknadsføre seg på bokmål for å lukkast. Som eit sanningsvitne for det motsette kunne då storkonsernet Lerum fortelje si suksesshistorie, og dei var slett ikkje aleine. Reint lokalt har hovudsponsoren vår, Aurland Sparebank, vore bevisst og konsekvent på bruk av nynorsk i marknadsføringa si. Me trur at ei balansert blanding av variert litteratur, folkeleg humor, lokal kunst og god mat er ein meny der alle finn noko for sin smak, og eit tiltak som såleis gagnar nynorsken på lang sikt. Det er tøft å snakke dialekt!

Det er den nynorske litteraturen som er grunnmuren i festivalen, og forlaga Samlaget, Selja og Skald er dei viktigaste støttespelarane våre når me skal komponere årets meny. Og sjølvsagt treng me "bestseljarane" som trekkplaster, men samstundes ynskjer me òg å synleggjere både debutantar og dei "smalare" titlane. Erfaringane våre er at litteratur som i utgangspunktet appellerer til dei få, blir opplevd som spennande og interessant når forfattaren/omsetjaren får høve til å presentere han i ein intim atmosfære. Og intimt er det under Nynorske litteraturdagar i Aurland! Her kjem publikum og aktørar tett inn på kvarandre, noko som blir opplevd som positivt for begge partane.

Grunnlaget for den gode nynorskbruken må leggjast tidleg, og her spelar barnehage og skule ei viktig rolle. Dei fire første åra har skulane i kommunen kvart år fått tilbod om opplegg tilpassa sine årsplanar. Nytt det 5. året er at også barnehagane får ein forfattar på besøk.

Mange vil nok hevde at det nynorske språket ikkje er det enklaste utgangspunktet for å skape eit kulturtilbod med brei publikumsoppslutnad. Trass i det syner utviklinga at Nynorske Litteraturdagar er i ferd med å få på plass det publikumsgrunnlaget som skal til for å etablere seg som ein fast årleg kulturfest.

Når me no feirar fem år med Nynorske Litteraturdagar, så er det først og fremst med eit sterkt ønskje om at stadig fleire får augo opp for dei mange fascinerande kulturskattane som har ankerfeste i nynorsken, dialektane og det nære.

Haakon Skjerdal er prosjektansvarleg i Aurland kommune for Nynorske Litteraturdagar

Sist oppdatert ( tysdag 09. august 2011 11:43 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009