MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Kommentar | Språk og terror
Skrive av Alf Skjeseth    torsdag 01. september 2011 21:11    Skriv ut E-post
Språk og terror

KOMMENTAR: Det er somme oppleste og vedtekne sanningar etter 22. juli, som ikkje er ukompliserte. Ei slik sanning er at vi treng ein meir open samfunnsdebatt, og ikkje eit hemma ordskifte, slik det av gode grunnar var dei første vekene. Band på debatten vil svekkje ytringsfridomen og drive dei mest ubehagelege straumdraga – særskilt i innvandringsdebatten – inn i mørke krokar der det kan bli avla ny, farleg ekstremisme.

Dette er sant, men samansett. «Innhaldet står fjellstøtt» skreiv Oslo Framstegspartis leiar Christian Tybring-Gjedde då han beklaga forma i sin mykje kritiserte kronikk i Aftenposten om det fleirkulturelle elende, som han gav Arbeidarpartiet skulda for. Då var kanskje ikkje orsakinga verd noko? Innhaldet er jo viktigare enn ordbruken. Men det er ikkje råd å trekkje eit skarpt skilje mellom innhald og ordbruk. Då Tybring-Gjedde dempa ordbruken, dempa han også den aggressive bodskapen. Det gjorde ikkje mirakel, men det var positivt. Då er det verre at partiet sin leiar Siv Jensen held fram med å bruke sitt infame «snikislamisering», eit skrekkdøme på skremselspropaganda i ei sømeleg form.

Alle minnemarkeringane etter tragedien har demonstrert krafta i språket og kor viktig det er å finne dei rette orda. Medan det omvendte – negativ, hatefull, stemplande, stigmatiserande ordbruk – er skadeleg i seg sjølv, ikkje berre som innpakningspapir for ein bodskap.

Den svenske forfattaren Ola Larsmo skreiv i Dagens Nyheter få dagar etter terrorhandlingane tankevekkjande om korleis språk kan vera med på å bane vegen for massemord. Ein treng ikkje gå tilbake til Goebbels-propagandaen, som la eit mentalt slør over holocaust i det tyske samfunnet, sjølv om dette er eit historisk døme utan sidestykke. Folkemordet i Rwanda i 1994 og Srebrenica i Bosnia året etter er i same gate. Ved begge høve var intens hatpropaganda eit viktig førebuande verkemiddel for å snakke ned menneskeverdet til dei som skulle takast. Hutu-militsen sin radio i Rwanda skråla om tutsiane som «kakerlakkar» i dagevis før nedslaktinga tok til. Det er lettare å trakke ein kakerlakk under foten enn ein granne som er tutsi.

Dette kan vera meir relevant for vår heimlege debatt enn vi likar å tenkje på. Larsmo minner om den giftige tonen i omtalen av innvandrargrupper og framande kulturar og religionar i Sverige på 1990-talet, eit samfunn som trudde at rasisme var eit marginalt problem, og som ikkje hadde eit stort populistparti til høgre, slik Noreg lenge har hatt. Det er vanskeleg å observere langsiktige samfunnsendringar medan ein står midt oppi dei, og før ein visste ordet av det, rykte dei sterkt framandfiendtlege Sverigedemokratane inn i Riksdagen for full musikk i fjor.

Eg intervjua tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett for Klassekampen få dagar etter terroraksjonane. Han tek for gjeve at det blir ei varig endring i den politiske retorikken heretter, og seier at ingen politikar kan sjå seg sjølv i spegelen om dei held fram med stigmatiserande og generaliserande retorikk som set folkegrupper i systematisk negativt lys. Han løftar ikkje berre peikefinger mot Framstegspartiet, det mest opplagte målet for slike peikefingrar, men seier at alle må sjå til å snakke på ein annan måte. Regjeringa også.

Det står att å sjå om Stålsett er for optimistisk. Vi må jobbe hardt for å halde ved like dei positive samfunnsendringane etter 22. juli, sa den 18 år gamle, overlevande AUF-jenta Prableen Kaur til meg. Vi har alle eit ansvar for orda vi nyttar, kvar einaste dag, skriv Ola Larsmo.

Alf Skjeseth er journalist i Klassekampen

 

 

 

 

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009