MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Kommentar | Seks kommunale språkval
Skrive av Håvard B. Øvregård    måndag 07. november 2011 16:26    Skriv ut E-post
Seks kommunale språkval

KOMMENTAR: I Noreg i dag er liva våre djupt vovne inn i det offentlege; det er få område i kvardagen som ikkje er i anten beinveges eller omveges kontakt med det offentlege. Det offentlege sine val kan slik gje innbyggjarane både hinder og hjelp

Dei fleste vala som dei folkevalde og tilsette i kommunen gjer, er språkval. Vedtak og avgjerder vert forma i skrift og språk. Kommunikasjon med innbyggjarane gjennom skrift og tale er språk. Nokre val, vedtak og avgjerder har større språklege følgjer enn andre. Det viktigaste som kommunen avgjer, er vilkåra for den grunnleggjande språklæringa til alle unge og mange vaksne.

Gjer kommunen gode eller dårlege val? Sjekk sjølv gjennom å spørje dei seks spørsmåla under til din eigen kommune! Eller til deg sjølv som rådmann, ordførar, tilsett eller folkevald.

1) Møter borna nynorsk i barnehagen?

Kommunen har eit ansvar for barnehagane, anten dei er privat eller offentleg eigde. Språkutvikling er noko av det viktigaste i barnehagane. I ein nynorskkommune skal borna for det meste ha nynorsk som opplæringsmål. Korleis er samanhengen mellom opplæringsmålet i barnehagen og barneskulen? Driv kommunen aktiv påverknad av barnehagane for at dei skal føre borna inn i den nynorske skriftkulturen? Vert barnebøker lesne på nynorsk, og er songane på nynorsk?

2) Møter elevane nok nynorsk i skulen?

Kommunane vedtek kva som skal vere opplæringsmålet på kvar skule. Korleis sikrar ein at elevane kan verte trygge i hovudmålet sitt? Kva rutinar har kommunen for å sikre at dei tilset lærarar som er kvalifiserte til å undervise i og på nynorsk, og som har gode haldningar til nynorsk? Korleis møter skulen det massive bokmålspresset elevane møter utanfor skulen? Korleis sikrar ein at elevane møter nok nynorsk til at dei vert trygge språkbrukarar i hovudmålet sitt?

3) Er norskopplæringa for vaksne innvandrarar på nynorsk?

Mange kommunar har vaksne innvandrarar som ikkje enno har lært seg tilstrekkeleg norsk. Kva språk skal kommunane lære dei? Ikkje sjeldan tilbyr kommunane innvandrarane opplæring i og på bokmål, og er slik med på å rive vekk grunnen for sin eigen språkpolitikk. Er det naudsynt å halde fram med denne praksisen? Kva opplæringsmål for vaksne innvandrarar er det beste for kommunen og innvandrarane sjølve.

4) Gjer kommunen nynorsk synleg i utetterretta kommunikasjon?

Utanom lokalavisene er det fyrst og fremst gjennom skriftleg kommunikasjon med kommunen og i butikkane at folk møter skrift. Brukar kommunen nynorsk i all utetterretta kommunikasjon? Og korleis møter kommunen den store utfordringa det er at svært mange butikkar og andre verksemder mest berre brukar bokmål?

5) Meistrar dei tilsette i kommunen nynorsk?

Når kommunen søkjer etter ingeniørar, byråkratar, kulturarbeidarar og andre – kva gjer ein når det viser seg at dei nye tilsette slett ikkje meistrar nynorsk og helst ikkje vil bruke nynorsk som arbeidsspråk? Korleis gjere dei som alt er tilsette, trygge i sin bruk av administrasjonsspråket? Kva opplæring og språkstøtte tilbyr ein dei tilsette? Finst det eit system for dette, eller skjer problemløysinga etter innfallsmetoden?

6) Seier kommunen frå når statsetatar sender brev og informasjon på bokmål?

Etter mållova pliktar staten å nytte nynorsk når han vender seg til nynorskkommunar. Det gjer staten slett ikkje alltid. Korleis reagerer kommunen då? Kva rutinar finst for å fylgje opp slike brot på mållova? Kontaktar kommunen Språkrådet i slike saker?

Språkleg medvit

Har din kommune reflektert over desse seks spørsmåla? Kommunar som ikkje har gjort dette, gjev ikkje sine innbyggjarar det kommunale tilbodet innbyggjarane fortener og bør forvente. Omsut for innbyggjarane si språklæring og språkbruk krev språkleg medvit. Dei aller fleste ønskjer å fylle denne forventninga, eg vonar desse seks spørsmåla kan gjere utfordringa lettare.

Håvard B. Øvregård er leiar i Noregs Mållag

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009