MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Kommentar | Noko med språk
Skrive av Jens Kihl    fredag 10. februar 2012 11:52    Skriv ut E-post
Noko med språk

KOMMENTAR: Ivar Aasen inviterer til 200-årsdag og har bede ein 25-åring frå Oslo vest om å vere partyfiksar. Velkomen til Språkåret 2013.

Det er februar 2011, og eg stryk skjorter. Midt inne i arbeidet med eit litt uregjerleg erme ringjer telefonen, og før eg får teke han, har den som ringte, lagt att ei melding om at eg må ringje opp att. Det var Ottar Grepstad, og han ringte ikkje berre for å skravle. Dersom vi spolar to månader fram i tid, har eg plutseleg fått jobb som prosjektleiar for Språkåret 2013 og skal vere sekretær for ei styringsgruppa med mange av dei fremste – og beste – språkpampane i landet.

200-årsjubileet til Ivar Aasen og 100-årsjubileet til Det Norske Teatret skal saman danne utgangspunkt for ei brei og rik feiring av alt norsk språk og språk i Noreg. Vi skal bli språkleg rausare med kvarandre, og nynorskbrukarar skal bli litt rettare i ryggen. Sjefen seier han vil ha 2013 arrangement i år 2013. Det er så stort at for ein liten mann er det nesten umogleg å skjøne. Slik planen er no, inviterer vi til ein 365 dagar lang heime-åleine-fest for opne dører i Nynorskens hus. Eg veit ikkje heilt kva type fest han ville ha ynskt seg, men eg reknar med at han ville ha ynskt seg noko med språk.

Eg kan ingenting om jubileumsbransjen. Ja, det tok litt tid i stillinga før eg oppdaga at det fanst ein jubileumsbransje i Noreg. Men eg er ganske god på å gå på fest, og eg er veldig glad i alskens språk – og med eit særleg stort hjarte for nynorsken. Så med desse to kjernekompetansane i bagasjen la eg ut på tur for å snakke med mange titals ulike miljø og fortelje dei kvifor det var viktig at nett dei gjorde noko i Språkåret 2013.

Eg kan liste opp nokre funn etter denne feltstudien i norsk kultur-, utdannings- og samfunnsliv med tilliggjande herlegdomar:

1. Ein går veldig lei av å høyre seg sjølv halde den same innleiinga 70 gonger. Den same vitsen er ikkje like gøyal å fortelje etter fem månader på vegen.

2. Nynorskbrukarar er jamt over opptekne av å breie ut perspektiva, medan bokmålsbrukarar over heile landet har – uavhengig av kvarandre – konkludert med at det er nynorsken sin tur i 2013.

3. Målsak er litt som fleinsopp: Folk blir spinnville og fulle av idear. Språkåret 2013 har klare og viktige politiske siktemål, men i underskogen av tiltak kan eg ope og ærleg innrømme at det berre finst éin raud tråd: noko med språk.

Eg følte botnen var nådd då eg sat med feber på Molde folkebibliotek og panikkskreiv sakspapir til styringsgruppa – dagevis etter sakspapirfristen, høg på Paracet og langt heimanfrå. Høgdepunkta har det derimot vore mange fleire av, og dei knyter seg til alle dei møta der Språkåret 2013 plutseleg har blitt til røyndom og levd sitt eige liv, der nye, store idear har oppstått, og perspektiv eg ikkje ante eksisterte, framstår som sjølvsagte og naudsynte.

Kva er resultatet etter eit halv årsverk arbeid, nokre tusen kilometer med reise og veldig mykje overtidsmat frå Fjordland?

Ei breitt samansett styringsgruppe har sendt frå seg ei tilråding som styret i Nynorsk kultursentrum har slutta seg til på så og seie alle punkt. Og her om dagen fekk eg halde den endelege rapporten på hundre sider i handa rett før ho skulle leverast i Kulturdepartementet. Eg innrømmer gjerne at eg skalv litt – dette er store greier for ein kar som meg. For nøyaktig seksten og ein halv million kroner kan Noreg få eit språkleg lyft for nynorsk, dialektar, urfolksspråk, minoritetsspråk, innvandrarspråk, teiknspråk, nabospråk og framandspråk – ja, til og med for bokmål. Eit slikt lyft kan ikkje målast i kroner, arrangementstal, spørjeundersøkingar eller røystetal i Stortinget. Det kan berre målast når du kjenner etter sjølv og veit at du er bittelitt meir stolt av å bu i eit land som tek språkmangfaldet på gledeleg alvor.

Vi har utfordra alle samarbeidspartnarar, vener og idealistar til å gjere tilskodarane til deltakarar. Vi har diskutert store perspektiv og ørsmåe detaljar. Vi har vore yrande samde og rykande usamde. Og vi har – så vidt eg kan skjøne – gjort kva gjerast skulle. Kvifor? Av di vi veit at det engasjerer når det er noko med språk.

Jens Kihl, tidlegare prosjektleiar for Språkåret 2013

Sist oppdatert ( fredag 10. februar 2012 11:59 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009