MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | På kommunevis | Hordaland og det velsigna vatnet
Skrive av Torill Selsvold Nyborg    tysdag 17. november 2009 14:00    Skriv ut E-post
Hordaland og det velsigna vatnet

Torill Selsvold NyborgPÅ KOMMUNEVIS: Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.
Etter kvart forstår vi at vatn er drivkrafta og eksistensgrunnlaget for alle oss som er busette her vest. Ja, ikkje berre her, for vatnet gjev også store inntekter til staten.

Vassdirektivet til EU stiller krav til kvalitet. Mange kommunar har god kvalitet på vatnet, medan andre arbeider med saka. Kommunane har ei viktig rolle i å sikra ferskvasskjelder for hushald og næringsliv. Nedbørsfelt må bandleggjast og sikrast i arealplanar, og ny utbygging må koplast til tenlege leidningsnett. Giardia-saka i Bergen viser kor ille det kan gå når noko sviktar. Rundt 4000 menneske vart sjuke, og så mange som 400 vart langtidssjuke. Tilsvarande hendingar kan også skje i andre kommunar. Vi må læra av Giardia-saka, og difor vert det så viktig å ha fokus på vasskvalitet ikkje berre på plansida, men også politisk.

Hordaland fylkeskommune blir forvaltingsorgan for vassregion Vestlandet frå nyttår, og kommunane vil få sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det gode samarbeidet mellom kommunar og mellom kommunar og fylke vert umåteleg viktig for å få gode resultat. Vassdirektivet til EU gjeld for Noreg og skal setjast i verk gjennom regionale planar. Det vert eit krevjande arbeid å laga planar for dei mange vassområda i fylket. Men målet er å oppnå god vasskvalitet, og då er samarbeid løysinga.

Her i Hordaland har vi mykje å tapa dersom vårt gode rykte for reint vatn, reint hav og reine næringsmiddel vert truga. Difor er vi veldig glade for at fylkeskommunen no får ansvaret for forvaltinga av vassressursane.

Hordaland og det velsigna vatnet

 

Her i fylket er vi i gang med å rigga oss til for nye gjeremål. Frå nyårsskiftet vert det fleire oppgåver å forvalta, og vi treng både folk og kompetanse for å få det til. Eit av områda fylkeskommunen skal forvalta, er vassressursane. På ein kommuneplankonferanse vi hadde nyleg, vart vassressursane kartlagde frå kjelde til kyst. Her i Hordaland er vi velsigna med rikelege mengder vatn både i form av nedbør, vassdrag med stor fallhøgde og produktive fjordarmar som strekkjer seg inn til alle dei 33 kommunane. Opp gjennom hundreåra har vi utnytta desse ressursane som vasskjelde, til matforsyning og til energiføremål. På 1800-talet fekk fjordane, fossane og breane også ein verdi for turistane.

Etter kvart forstår vi at vatn er drivkrafta og eksistensgrunnlaget for alle oss som er busette her vest. Ja, ikkje berre her, for vatnet gjev også store inntekter til staten.

 

Vassdirektivet til EU stiller krav til kvalitet. Mange kommunar har god kvalitet på vatnet, medan andre arbeider med saka. Kommunane har ei viktig rolle i å sikra ferskvasskjelder for hushald og næringsliv. Nedbørsfelt må bandleggjast og sikrast i arealplanar, og ny utbygging må koplast til tenlege leidningsnett. Giardia-saka i Bergen viser kor ille det kan gå når noko sviktar. Rundt 4000 menneske vart sjuke, og så mange som 400 vart langtidssjuke. Tilsvarande hendingar kan også skje i andre kommunar. Vi må læra av Giardia-saka, og difor vert det så viktig å ha fokus på vasskvalitet ikkje berre på plansida, men også politisk.

 

Hordaland fylkeskommune blir forvaltingsorgan for vassregion Vestlandet frå nyttår, og kommunane vil få sentrale oppgåver i dette arbeidet. Det gode samarbeidet mellom kommunar og mellom kommunar og fylke vert umåteleg viktig for å få gode resultat. Vassdirektivet til EU gjeld for Noreg og skal setjast i verk gjennom regionale planar. Det vert eit krevjande arbeid å laga planar for dei mange vassområda i fylket. Men målet er å oppnå god vasskvalitet, og då er samarbeid løysinga.

 

Her i Hordaland har vi mykje å tapa dersom vårt gode rykte for reint vatn, reint hav og reine næringsmiddel vert truga. Difor er vi veldig glade for at fylkeskommunen no får ansvaret for forvaltinga av vassressursane.

Sist oppdatert ( tysdag 17. november 2009 14:14 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009