MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Aktuelt | Portrett | Kvifor er det slik, Solveig?
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar    måndag 21. september 2009 08:16    Skriv ut E-post
Kvifor er det slik, Solveig?

Solveig Hareide

I haust undrar Solveig Hareide (26) seg blant anna over kvifor dinosaurane var så store, eller kvifor eit kokt egg ikkje sprett like godt som ein sprettball. Det er ikkje alltid like enkelt å finne svara.

Fotografen er elektrisk i auga. Ho har nettopp sett eit fyrverkeri. Solveig Hareide og Newton har nemleg besøkt barn rundt omkring i landet. Denne gongen var det Haugaland Kraft som inviterte. Og Solveig leverte underhaldning, stunt og konkurransar. Og det på klingande Florø-dialekt.

– For meg er det heilt naturleg å bruke dialekten. Då eg byrja i Newton, kunne eg velje om eg ville prate dialekten min eller normere språket. Men det er eit styr å normere. Eg ville vere ein så god programleiar som mogleg, og då er eg best på dialekt. Men elles, til dømes på bloggen vår, skriv eg alltid nynorsk, seier Solveig som er i ferd med å etablere seg som tv-fjes.


Den unge programleiaren har studert medieproduksjon ved NTNU,
og i 2005 gjekk ho på Nynorsk Mediesenter. Etter kvart byrja ho som vikar i NRK P3 og enda til slutt opp i barne-tv.

– Mitt første møte med barne-tv var i Tromsø, der me laga Påskemorgen og Sommermorgen. Etter kvart vart eg programleiar i barne-tv frå Oslo. Eg trur nettopp dialekten min var viktig for at eg fekk den jobben. NRK er opptekne av mangfald, kanskje spesielt i barne-tv, slår ho fast.

Nynorsk er då også tradisjon i Newton. Det er i alle fall ikkje noko nytt med nynorskbrukande programleiarar i vitskapsprogrammet, meiner Solveig.

– Dei siste 6–7 åra har det no i alle fall berre vore brukt nynorsk, seier ho og nemner programleiarar som Per Olav Alvestad og Unni Eikeseth.

Det handlar om identitet. For sjåarane er det viktig å kunne kjenne seg att og identifisere seg med den som er på skjermen, meiner Solveig.

– Me veit jo at fleire jenter ser på programmet når det er ei jente som er programleiar. Det er litt slik med dialektar og. Det er viktig at born på vestlandet også får høyre dialekten sin på tv somme gonger. Det er ikkje bra viss det berre er austlendingar som slepp til. Ungane må kjenne seg att.

– Kva kan NRK gjere med det?

– Eg synest det er kjempebra at NRK tenkjer på dette, og meiner dei er på rett veg. NRK Super er i alle fall opptekne av breidd og mangfald. Men dei kan sjølvsagt også bli betre.

Møtet med NRK i Førde var også ei god oppleving.

– Tida på Nynorsk mediesenter var veldig lærerik. Det var ein super måte å setje seg inn i journalistikk på tv, radio og nett på. Men det var også litt skummelt; eg måtte arbeide ein del med nyhende i praksisen, og det er ikkje heilt mi greie, seier ho.

– Eg har lese ein stad at du skjermar privatlivet ditt frå pressa?

– Tja, eg kan ikkje hugse at eg har sagt det. Men det er jo litt sant. Eg stiller gjerne opp i media og kan strekkje meg til å vise hunden min. Er jo litt glad i merksemd. Men det blir ikkje meg og sambuaren min med Se&Hør-flaske i badekaret nei.

Solveig var jenta som laga stinkbomber og grov etter makk saman med gutane. I dag er ho like nyfiken, og i tillegg byrjar ho å bli kjendis. I alle fall kjenner borna henne ofte igjen på gata. Og då kjem spørsmåla. Spørsmål som krev svar.

– Me får mange spørsmål frå barn. Det er kjempebra, då har me jo klart det me prøver på. Men når spørsmåla kjem på gata, dukkar problemet opp. Dei trur jo eg har svaret på alt, og det stemmer sjølvsagt ikkje.
Solveig ler. Også ho må lese for å finne ut kvifor smøret vert gulare når det vert smelta.

– Det var det nokre foreldre som spurde om. Dottera på 5 lurte på kvifor smøret forandra farge, og dei klarte ikkje å svare. Det er ofte slik.

– Hender det at de får inn spørsmål om språk?

– Det er ikkje så ofte. Men me har fått inn spørsmål om kvifor det er ulike språk i landet, eller kvifor me har ulike dialektar.

Noko blir det også for vanskeleg for Newton-redaksjonen å gi eit godt og kort svar på.

– Me har ei spalte der me gir korte svar på innsende spørsmål. I dag sat eg faktisk med eit spørsmål me ikkje klarte å gi eit kort nok svar på: kvifor det er lettare å sykle fort enn sakte?

– Eit godt spørsmål, kvifor er det eigentleg slik?

– Jo, altså.

Solveig sukkar.

– Det er litt vanskeleg ser du. Men det har noko med gyrokrefter å gjere. Det er eit slikt spørsmål som fortener eit heilt program i grunn.

Ingen tema er for store i Newton, ingen for små.

Det er ikkje noko latmannsliv å vere programleiar i Newton. Solveig ville då også bli journalist for å få ein sosial jobb der ho kunne lære nye ting. Det fekk ho så absolutt. Pulsen er til å ta og føle på i den vesle redaksjonen. Nyleg kom Solveig heim frå reportasjetur til Skottland, og nett no har programmet fått tre nye Newton-barn. Dei er med som programleiarar og kan kome med innspel til innhaldet i programmet. Det er hektiske tider. Solveig skal bli kjent med dei nye programleiarvennene sine, manus skal skrivast og øvast på. Og heile tida står produsenten og hamrar henne på skuldra.

– Det er som regel dei som er oppriktig nyfikne og har glimt i auga, som får vere med,  seier Solveig om dei som møtte på rolleprøve.

Newton er i dag det einaste tv-programmet som handlar om natur og vitskap for barn.

– Eg trur programmet kan hjelpe dei som har interessa i seg, til å dyrke den vidare. Me har tema som dei kanskje ikkje får sjå i andre tv-program. Men det er ikkje jobben vår å produsere fleire forskarar, slår ho fast. Programmet er for dei mellom 8 og 12 år, difor er det viktig å fornye seg innimellom.

– Programleiarane i Newton kan ikkje vere lenger enn tre år, og det er lurt.

Sjølv har Solveig hatt drøymejobben det siste året.

– Ja, eg har alltid drøymt om å jobbe i Newton, og no er eg her.

– Kva skal du drøyme om no då?

– Eg har mange idear til gode familieprogram som handlar om natur og vitskap. Me får sjå kva det blir til.

Elles drøymer ho om sterke naturopplevingar på safari i Afrika, men her heime handlar det meir om å nyte naturen saman med hunden Toller på snart to år.

– Eg er glad i å gå på tur ja, og så vil eg gjerne ha tak i alle kantarellane i heile Trøndelag, ler ho.

– Kva minnest du best frå tida i Newton?

– Eg fekk vere med på ein fødsel, det var heilt sjukt. Me hadde bede ei jordmor om å spørje dei som skulle føde, om det var greitt at me var der. Ei firebarnsmor takka ja. Eg har aldri følt meg så dum, eg berre sto der og sa ingenting.

– Programmet handla om fødslar?

– Ja, og om morkake. Ofte ser ein jo berre fødselen. Det er ikkje så mange som snakkar om kva som skjer med morkaka.

– Og firebarnsmora var så rutinert at ho sa ja til å bli filma med ein gong?

– Vel, først sa ho nei, sidan ho hadde hatt så mange studentar med på dei tre første fødslane. No ville ho ha ro. Likevel ombestemte ho seg etter at ho fekk lystgass. Men ho fekk sjå opptaket, altså, før det gjekk på lufta.

SJØLVMELDING

Namn: Solveig Hareide
Alder: 26
Bur: Trondheim
Aktuell: Er programleiar i Newton på NRK. Programmet handlar om natur og vitskap for barn mellom 8 og 12 år. Blir sendt på søndagskveldane og har om lag 400 000 sjåarar.
Les: Stieg Larsson, naturmagasin og hundeblad.
Høyrer på: Mykje radio. NRK P3 og litt P1 når sambuaren får styre.
Førebilete: Morfar (den mest leikne 87-åringen i Florø)

Sist oppdatert ( måndag 21. september 2009 08:29 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009