|
|||
| Heidra profil |
|
Han skriv ikkje for å tekkast publikum. Einar Økland (70) meiner kunsten skal stå på eigne bein. – Det er jo ein skrekkeleg ting. Eg er debutant i dette, eg har aldri vore med på det før, seier Økland om det å bli 70. – Du veit, eg dreg aldri på ferie. Men det skal me altså nå, ler han. – Men først er det feiring? – Det er Samlaget sin idé dette, eg feirar aldri meg sjølv. Eg vil heller krype under teppet. Men det er nå stas også, eg beklagar det ikkje, seier han med ettertanke. – Samlaget gir også ut ei ny novellesamling av deg, Forteljingar og fablar frå andre tider, og 1968-boka, Vandreduene, kjem i ny utgåve. I tillegg lanserer dei boka Skriftfest. Einar Økland 70? – Ja, men det er andre som har ynskt dette. Hadde det vore opp til meg, hadde eg ikkje kome med ny bok i år. Eg jobbar jo med noko heile tida, men no skal eg først og fremst overleve desse feiringane. – Eg skal snakke om det i helga, på Litteraturhuset. Kva erfaringar litteraturen har gitt meg. – Kva vil du snakke om då? – Eg veit ikkje heilt. Eg må sjå det litt an. Dersom det sit 16 eldre koner der i kåpene sine, får eg prøve å få til ein fellesskap med dei. Det same viss det sit 24 forfattarkollegaer der. Kjem det berre nokre få, er det mykje betre om me går ein tur på kafé og drikk ein kopp kaffi. – Du er ein spontan talar? – Ja, og eg har lett for å snakke samanhengande i tre kvarter. Det står ikkje på det. Men å lese opp frå eit ferdig manus er kjedeleg. Det skal vere noko inkluderande og privat over det. Dei som sit i salen, er jo komne for å høyre på meg, det er ei samværsform. – Men, kva erfaringar har du gjort deg? – Å det er så mange. Det kan vere erfaringar med deg sjølv, forlagsverda, publikum, sjangrar eller media. Men eg kjem til å snakke om forfengelegskap. Det handlar om kva ein forfattar vil bli kjent for, kva ein meiner er skammeleg. – Fryktar du forfengelegskapen? – Nei, eg likar deler av den. Eg likar til dømes å halde avtalar. Eg vil gjerne framstå som sannferdig i det eg skriv. Men forfattarar som peikar på seg sjølv heile tida og vil vise seg fram, er fjernt for meg. Eg vil heller bli oppdaga av ein tilfeldig lesar enn å bli tatt i mot av dei som er opptekne av kva som er kjent her og nå. Eg skal leve lenger enn det, slår han fast. – Det var modig gjort? – Jo, det var nok det. Det er noko ein berre kan gjere når ein ikkje har noko å tape. Me arbeidde gratis, det var ikkje noko ærefullt den gongen. Seinare la forfattarane meir merke til kvarandre, me lét oss oppmuntre av kvarandre. Styrken vår var at me var så ulike, og det trudde ikkje publikum. Dei trudde me var ein flokk einsarta forfattarar. – Kva var målet? – Det kan eg seie no. Det var å skaffe oss arbeid. Me ville berre få fred og kunne skrive. Og dei fleste av oss har jo blitt forfattarar på heiltid. Det er ingen som har ynskt å bli avisredaktørar eller ministrar, sjølv om mange kunne blitt det. Kjartan Fløgstad kunne lett vore debattredaktør i Aftenposten, og Jan Erik Vold kunne vore kulturredaktør i Dagbladet. Men me hadde ikkje sosiale ambisjonar. Me ville berre vere sjølvstendige kunstnarar. – Men me treffest i jobbsamanheng. Me veit kva dei andre tenkjer, og me får med oss kva dei andre gjer. Einar Økland kunne like gjerne blitt bonde. Han er oppvaksen som einebarn på ein gard i Valevåg. 14 år gamal flytta han vekk, og i mange år var han eit bymenneske, busett i Oslo og på Stord. Men så kom odelsguten heim igjen. I dag bur han heime på garden. – Eg er ikkje bonde. Men eg ryddar skogen og slår ekrene, slik at det ikkje gror igjen. Det er meir enn mange bønder klarer å gjere i dag. Dei slår jo berre det dei kjem til med traktor. – Det er nesten imponerande? – Det er vanskeleg å vite. Eg skriv ikkje psykologiske romanar, psykologane er betre på dette enn forfattarane. Forfattarane har lite nytt og fagleg å kome med. – Korleis har du utvikla deg som forfattar? – Det var først i 1967-68 eg skjønte at eg ikkje var viktig. At eg kunne skrive om tema som ikkje var personlege, og likevel gjere det personleg. Eg lærte å bli personleg gjennom det upersonlege, kan ein seie. – Det er samtida og miljøet mitt som har forma språket mitt. I tillegg skjønte eg at eg ikkje beherska dei store formene, at eg heller ville skrive små dikt, noveller og prosatekstar. Det var eit hopp i utviklinga. Einar Økland er også ein nynorskmann. – Eg er på nynorskens parti – mest så ved å vere orientert mot bruken. Nynorsken skal vere upåfallande, tilforlateleg og brukeleg på alle område. Nynorsken er ennå i utvikling. Korleis nynorsken blir i framtida, er eit ope spørsmål og ikkje noko eg ankar mykje for, seier han. – Til dei som nyttar høgnorsk, seier eg alltid at eg skriv på lågnorsk. Dei fleste som skriv effektivt, operativt nynorsk, skriv lågnorsk. I fall nynorsken har ei framtid, er det som lågnorsk – eit mål som spring ut or daglegtalen i samtida, og som er sterkt nok til å absorbere og inkludere både engelske ord og bokmålsord og likevel halde fram med å vere nynorsk. – Det var kjekt å finne nye talent. Vite at her er det noko, her må forlaget kjenne si besøkstid. Men eg sa tidleg frå om at eg ville ikkje vere den som sat og refuserte. Eg ville berre ha tekstar dei var usikre på om det var noko i. – Men det var lærerikt. Ein ser kva ein sjølv skal halde seg vekke frå. Anten fordi det er for dumt, eller for at andre gjer det betre. Økland er ein av dei som skriv best om morgonen. Det aller meste vert produsert før lunsj. – Eg er eit morgonmenneske. Når eg har fått dei andre ut av huset, set eg på musikk og byrjar å skrive. På ettermiddagen gjer eg andre ting, som å lage mat og betale rekningar. – Kva blir du inspirert av? – Det er ikkje godt å vite kor dikta kjem frå, ofte fører det eine til det andre. Men eg er opptatt av grafiske former. Eg kan godt sjå for meg ein tekst som stjerneforma eller som ein graf i eit diagram. – Ein må bruke kunsten til noko ein ikkje kan bruke journalistikken til. Det er ingen som arbeider på eit krisesenter, som vil råde ei kvinne til å skrive ein roman om korleis mannen mishandla henne, det er berre tull. Det er slikt me har journalistikken til. Eg kan godt meine at kvinnene burde hatt stemmerett i Misjonssambandet, men eg treng ikkje å skrive om det. – Dersom eg ser noko skeivt eller feilaktig i samfunnet, vil eg heller gjere det til ei velferdssak. Det finst uansett uendeleg mange motiv; det sentrale er korleis ein behandlar det, og korleis ein behandlar språket. – Alt gjekk bra, og betre enn frykta og fortent. Stort og vennleg publikum. Blid arrangør. Og som min dag var min styrke, oppsummerer jubilanten. |
| Sist oppdatert ( måndag 22. februar 2010 08:29 ) |












