hjartesmil

mariell øyre (20) skapar ei eiga verd av små bokstavar, hjartesmil og kvardagsleg lukke. det har gjort henne til eit nynorsk førebilete.

 – vil de la intervjuet stå med små bokstavar, litt som ein hyllest til estetikken min?

spørsmålet kjem frå suksessbloggaren mariell øyre, som skriv noregs mest populære blogg på nynorsk. på bloggen hjartesmil skriv ho om bryllaupsførebuingar, tedrikking, filmar, daglege utfordringar og kva som skjer i livet hennar. og alt det fine og vakre skriv ho med små bokstavar.

– for meg er det vakre noko som fører hjernen inn i ein prosess som inspirer meg og får meg til å tenkje vidare. eit bilete kan vere pent å sjå på, men ikkje gi meg noko meir enn det. ein mann kan vere kjekk utan å vere starten på ei novelle, liksom. det vakre er det som skaper. sofia coppola-filmar, anna gavalda-bøker og folk med krøller på trikken er vakre.

lesarane strøymer til hjartesmil. med 5500 unike treff i veka er bloggen blitt ein viktig del av mange sin kvardag. og tekstane strøymer til mariell.

– eg set meg aldri ned for å skrive, det berre kjem til meg. på mobilen har eg seksti utkast i form av tekstmeldingar og notat som berre kjem til meg når eg går forbi nokon på gata. eg er så nysgjerrig at hjernen min spinn rundt absolutt alt som skjer rundt meg. eg kan gløyme å gå av trikken fordi eg lurer på kva han som sit ved sidan av meg, har i kjøleskapet, eller om han vaskar klede kvar tysdag eller meir sporadisk. eg kan skrive om alt, men det er mange tekstar som ligg altfor nær hjarta, og som ventar på at eg skal bli modig nok til å vise dei til verda.

ho har vore fasinert av nettet sidan familien fekk heim sin første pc i 1998. som 11-åring bygde ho nettsider med html-kodar og meinte google var det beste som fanst.

– så når bloggverda opna seg for meg, var det berre ei utviding av det fantastiske forholdet mitt til nettet. eg trengte ein plass å få utløp for alt det vakre eg fant rundt omkring, og i starten var bloggen mest nettopp det: å poste fotografar som inspirerte meg. etter kvart ville lesarane ha meir av meg og mindre av andre, og da vart det slik det er no: litt kunst og mest kvardag.

og lesarane skriv på bloggen hennar og, ikkje minst, sender ting i posten. fine ting som hårband, vasskanner og sløyfer.

– fleire gonger i veka dumpar det ned brev og små pakkar i posten. dei sender meg dei søtaste små tinga: snop frå kina, postkort med fine bilder på frå paris, lauskragar dei trur eg ville lika, lange historier om einhjørningar og om hundar som alltid er kvalpar. eg er så himla takksam for den fantastiske lesarskaren min. det er nesten uforståeleg at dei sit på parkettgolv rundt omkring i land og utland og skriv brev til meg, og eg trur aldri dei kan fatte kor viktige dei er for meg. ofte får eg òg e-post av jenter med knuste hjarte. eg er av ein eller annan grunn blitt dr. love, men det er ganske fint å tenkje på: at det er meg dei vender seg til når dei har så vondt og berre treng nokon som seier det skal gå over, at dei snart skal finne ein med krøller som luktar kanel bak øyret.

sjølv fann ho kjærleiken alt som 14-åring. i dag er ho og kjærasten, jostein avdem fretland, sambuarar i Oslo. for ikkje så lenge sidan trulova dei seg også.

– det er så himla fantastisk, langt forbi noko eg kunne ha forestilt meg. me er som nyforelska og snakkar om kjærleik og bryllup heile dagen lang. det er eit vendepunkt i livet på nokre måtar, men samtidig så har eg alltid visst at det skulle vere han, heilt sidan eg var fjorten år, så det er meir ei stadfesting enn eit vendepunkt.

mariell har planane for framtida klare. i februar flyttar ho til paris for å lære fransk, så blir det fotoskule i london hausten 2011.

– det er fotograf eg skal bli. kanskje jobbar eg litt som journalist og kanskje litt i magasinverda i mellomtida, men det er ikkje før eg har hatt vernissage med champagne, og bileta mine heng store og stolte på veggen i eit fint galleri med mange raude prikkar ved sidan av seg, at eg vil ha oppnådd det eg ville.

– eg vil skrive bøker og vere med på meir magasinjobbing og planlegge bryllup. framtida er heldigvis lang.

sjølv ser ho opp til kunstnaren sophie calle og forfattaren frode grytten.

– sophie calle er favorittkunstnaren min og har gjort så mange ukonvensjonelle ting og blitt sett rart på på så mange måtar, men no er ho ein hylla kunstnar verda rundt, og det gir meg håp i magen. frode grytten er den einaste forfattaren eg veit om, som kan få bokmålsfolk til å lese heile bøker nesten utan å merke at dei er på nynorsk.

for mariell er nynorsk heilt naturleg. ein del av den ho er.

– det er ikkje før dei siste åra at eg har byrja å tenke over at språket faktisk kan bety noko meir enn berre kommunikasjon. eg er frå sogn og snakkar ein av dialektane som ligg nærast opp mot nynorsk, men har nok tatt det litt for gitt før. bokmål har aldri vore eit alternativ, å skrive vi i staden for me var aldri noko eg tenkte over, før eg byrja på firda og byrja å omgi meg med nordfjordingar som ikkje kunne forstå at det var lov å skrive me. no er eg så glad for at eg får lov til å skrive nesten akkurat sånn som tankane mine snakkar, og for at eg får lov til å kjempe litt for nynorsken kvar dag.

men å skrive ein blogg på nynorsk betyr at det er vanskelegare å kome opp og fram. nokre gonger så vanskeleg at mariell føler seg som nynorsken sin superhelt og burde hatt ei eiga drakt på medan ho i følgje seg sjølv prøver å selje frode grytten og anna gavalda til folket.

 – er det nokon som seier noko på språket ditt?

– omlag ein gong i året får eg ein eller annan kommentar som at nynorsk er stygt, veldig elegant. men fleire gonger i månaden får eg e-post og kommentarar frå folk som er så glade for at eg skriv nynorsk. mange skriv at dei hata nynorsk før, men at dei har fått eit heilt anna forhold til det etter at dei kom over bloggen min. det varmar i magen.

– men kva må til, trur du, for å styrkje nynorsken?

– eg trur ein må satse meir på levande nynorsk, nye forfattarar og levande medieformer som nettet, film, teater, musikk og magasin. no følest nynorsk så høgtideleg for mange, arkaisk og tungt, og det er ikkje slik forholdet mitt til nynorsk er i det heile. noreg må sniknynorskinfiserast, heilt enkelt, gjennom populærkulturen og ikkje gjennom å lokke med kjeks og druer og loddtrekning. nynorskmiljøet er for lukka, for vakse, i all fall slik eg opplever det, og sånn bør det jo ikkje vere. den eldre garden må henge seg på og støtte dei unge og hippe nynorskingane for å spreie bodskapen, og ein kan starte med å gi meg, og ikkje berre språkrådet – svigerfar min ( jan olav fretland red.merk) – billettar til premiereframsyningar på det norske teatret.

 

som barn i øvre årdal las ho veldig mykje og levde seg heilt inn i andre sine liv og andre univers.

 – eg var nok veldig drøymande av meg. etter sofies verden prøvde eg å overbevise mamma om at sofaen ikkje var ein sofa, eg skreiv dikt til 17. mai-feiringa, vann bokkonkurransar og anbefalte dei andre i klassen min bøker på biblioteket. bøker som hadde stor font, var best.

det var starten på eit liv som kunstnar, fotograf, skribent og bloggar. no er ho også aktuell som redaktør for eit eige magasin med eit opplag på 8000.

– kunstnaren mariell held korta tett til brystet. eg har veldig klart for meg i hovudet korleis eit bilete eller ein serie skal sjå ut, og så teiknar eg for å få ideen meir handfast før eg til slutt, og det kan ta veldig lang tid, gjennomfører det. eg blir sjeldan nøgd, men kjem i ein slags fødselsdepresjon kvar gong, noko som gjer at det tar tid før eg kan setja pris på arbeidet eg har gjort. inspirasjonen finn eg absolutt over alt, midt i ein setning eller på omslaget av ei bok. eg har alltid vore hyperaktiv og har alltid tusen små idéspirer i hovudet samstundes. framover vil eg jobbe mot å få trykt bilete i eit magasin, då hadde eg følt meg som den kulaste i verda.
 

sjølvmelding:
namn: mariell øyre
alder: 20
bur: oslo, kjem frå øvre årdal
aktuell: skriv den mest leste nynorskbloggen i verda, kjem no med eigeprodusert magasin.
les: history of love av nicole krauss. ei av mine favorittar, sommaren er ei fin tid til å lese opp igjen bøker.
høyrer på: the smiths. no og for alltid, men spesielt på sommaren.
førebilete: alle dei ansiktslause som hoppa og trudde dei kunne fly og aldri såg seg tilbake. folk som tek sjansar og ukonvensjonelle val og ikkje bryr seg om dei vaksne.

Utskrift E-post

Fleire Nyhende

Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivsp…

10-12-2018

– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal. 

Les meir

Stor etterspurnad på Lillegravens thrill…

02-12-2018

Ruth Lillegravens thrillerdebut «Alt er mitt», får stort opplag.

Les meir

Bokhandlarprisen har aldri gått til ei n…

22-11-2018

  Forfattarane Tore Renberg, Maria Parr og Frode Grytten er ikkje imponerte.

Les meir

Språkrådet fryktar for norsk som fagsprå…

24-10-2018

Mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg er norsk. Det viser at universiteta manglar strategi og vilje i språkpolitikken, meiner Språkrådet.

Les meir

Regjeringa vil halde fram med differensi…

20-10-2018

Ein ny rapport viser at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er det beste verkemiddelet for å motverke befolkningsnedgangen i distrikta. Regjeringa er nøgd med resultata og ønsker å føre ordninga vidare.

Les meir

Sp opnar for å oppheve fleire fylkessama…

20-10-2018

Senterpartiet meiner avtalen mellom regjeringa og KrF om forslag til oppgåvefordeling til dei nye regionane er så svak at ingen fylke treng å bli slått saman.

Les meir

Senterpartiet om regionmeldinga: – Eit m…

20-10-2018

Oppgåvemeldinga til regjeringa betyr ingen stor overføring av makt, middel eller arbeidsplassar til fylka, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Les meir

Mållaget til angrep på Forsvaret

20-10-2018

Den nyaste utgåva av magasinet «Innsats» frå Forsvaret er blotta for nynorsk. Noregs Mållag stiller spørsmål om Forsvaret har kapitulert for bokmålet.

Les meir

Sogn og Fjordane Teater vil bli turnétea…

01-10-2018

Sogn og Fjordane Teater har søkt om 12 millionar kroner ekstra for utvida turnéverksemda til nabofylket.

Les meir

Framleis stor motstand mot Vestland

01-10-2018

Rundt to tredeler av innbyggjarane i Sogn og Fjordane seier dei ikkje ønsker samanslåing med Hordaland. Motstanden er omtrent like stor som for eit år sidan.

Les meir

No må TV 2 også skrive nynorsk

01-10-2018

I går vart det klart at TV 2 får halde fram som kommersiell allmennkringkastar - no med språkkrav.

Les meir

Arnfinn Kolerud får jubileumsstipend for…

01-10-2018

Nynorsk kultursentrum deler ut 200.000 kroner til Arnfinn Kolerud for å fullføra den hysterisk morosame trilogien om Bendik Uføre og Vassbygda sin kamp for nynorsken.

Les meir

Snarveg til integrering

01-10-2018

Fjell kommune har oppretta ein «fast track» til integrering. Flyktningar går på jobb i staden for innføringskurs, fortel Bergens Tidende.

Les meir

Nynorsk kultursentrum feirar 25 år!

27-09-2018

Frå å vere ei lita stifting til å verte tre museum, tre festivalar og eit leksikon – Nynorsk kultursentrum er noko heilt for seg sjølv.

Les meir

Ravatn testar filosofi i praksis

25-09-2018

– Lurer du på om dei gamle filosofane har relevans for oss som lever i dag? spør Agnes Ravatn. Ho har testa ut filosofi i kvardagen.

Les meir

Kvardagsmat-Anita på bestseljar-liste

14-09-2018

Noregs største nynorske matbloggar, Anita Stokke Blomvik, kom med kokebok sist veke. No er boka på sjetteplass på Haugenbok.no si bestseljarliste.

Les meir

Søviknes vil bli fylkesordførar i det ny…

10-09-2018

Avgått olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) har som mål å bli fylkesordførar for det nye fylket Vestland, seier han til NRK.

Les meir

Ap sikrar fleirtal mot Viken

03-09-2018

  Fylkespolitikarane i Ap, Frp, SV og Sp i dei tre Viken-fylka vil setje planlegginga av samanslåinga på vent til Stortinget har behandla regionreforma på nytt. I Stortinget kjem Ap til...

Les meir

Bent Høie vil bli fylkesmann i Rogaland

30-08-2018

  Helseminister Bent Høie (47) søkjer embetet som fylkesmann i Rogaland, og har samtidig varsla Høgre om at han ikkje tar attval til Stortinget i 2021.

Les meir

Samanslåingskommunar får arkivtilsyn i h…

30-08-2018

Kommunar som skal slå seg saman er blant dei som har førsteprioritet når Arkivverket i haust skal gjennomføra tilsyn med rundt 60 verksemder.

Les meir

Sykkylven sa nei takk til Ålesund

30-08-2018

Kommunestyret i Sykkylven på Sunnmøre sa måndag nei til ei samanslåing med Ålesund. I staden ønskjer dei forhandlingar med nabokommunen Stranda.

Les meir

Grande vil forlenge fastprisen på bøker

29-08-2018

  Kulturminister Trine Skei Grande vil utvide fastprisordninga for bøker til å gjelde eitt år frå utgjevingsdato. Forslaget blir møtt med jubel frå bokbransjen.

Les meir

Sp-toppar vil ha omkamp om fylkessamansl…

27-08-2018

  Fleire sentrale Sp-politikarar varslar at dei vil ha omkamp om fylkessamanslåinga på Vestlandet.

Les meir

Ny nestleiar i Noregs Mållag

27-08-2018

Peder Lofsnes Hauge tek over etter Jens Kihl.

Les meir

Fritt ord gir 2,3 millionar kroner til b…

13-08-2018

Stiftinga Fritt Ord har løyvd 2,3 millionar fordelt på 40 forskjellige norske folkebibliotek, for å styrke debatt og samtalar i biblioteka.

Les meir

Bykle kommune brukar mest på kultur

10-07-2018

Bykle kommune toppar lista over dei beste kulturkommune i landet i den årlege kåringa til Kommunal Rapport, Kommunebarometeret.

Les meir

Besøksrekord på biblioteka i fjor

01-07-2018

Bibliotektal frå kvar enkelt kommune finn de på bibliotekutvikling.no. Slik blir det høve til å lage lokale vriar for dykkar avis.

Les meir

Kommunalministeren meiner samanslåingar …

01-07-2018

Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner større kommunar og fleire kommunesamanslåingar er løysinga på ei mogleg rekrutteringskrise i distrikta i framtida.

Les meir

Kjartan Helleve dagleg leiar i Kringkast…

01-07-2018

Kjartan Helleve tek over stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen etter Anne Svanaug Straume.

Les meir

NRK får kritikk for lite nynorsk og sami…

10-06-2018

NRK, P4 og Radio Norge oppfylte i hovudsak forpliktingane som allmennkringkastarar i 2017, ifølgje Medietilsynet. NRK hadde likevel for lite nynorsk.

Les meir

Ellevill nykomar nominert til Hedda

08-06-2018

Kristoffer Olsen kom inn som eit frisk pust i norsk teater med sin elleville rolle i «The Book of Mormon» på Det Norske Teatret. No er han nominert til Hedda.

Les meir

Etter kvart vart Tord Gustavsen ein stor…

08-06-2018

Tord Gustavsen urframfører tingingsverket til Vinje-jubileet under Dei nynorske festspela laurdag.

Les meir

Lovfestar ungdomsråd i alle kommunar

03-06-2018

– Dette er ein kjempesiger for at ungdom skal bli høyrt, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Les meir

30 millionar til leselyst i Bokåret 2019

03-06-2018

  Regjeringa vil bruka 30 millionar kroner til å fremja leselyst i Noreg i Bokåret 2019 .

Les meir

Rune Haugsdal blir ny fylkesrådmann for …

05-05-2018

Fylkesrådmann i Hordaland Rune Haugsdal (58) er tilsett som ny fylkesrådmann og prosjektleiar for det nye storfylket på Vestlandet. 

Les meir

Vart beden om å godta eksamen på bokmål

05-05-2018

Kvart år er det eit tjuetals studentar med nynorsk som hovudmål, som tek kontakt med Målungdommen for å få hjelp til å klage på at dei ikkje får eksamensoppgåvene sine...

Les meir

Rogaland: Uklokt å gå for Vestland

30-04-2018

– Vi kan vel ikkje kalle oss eit vestlandsfylke lenger, sa fylkestingsmedlem Anja Berggård Endresen (V) frå Rogaland i den opne høyringa i Stortinget om framlegget til nye fylkesnamn tysdag.

Les meir

Skald heidra med pris for vakre bøker

30-04-2018

Klassisk verdslitteratur på nynorsk frå Skald forlag er kåra til den vakraste bokserien.

Les meir

Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 20…

15-04-2018

- Noregs Mållag gjev Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

Les meir

Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

15-04-2018

Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale».

Les meir

Vil halde på eldre litteratur- og språkh…

12-04-2018

Eit svekkt norskfag kan gå ut over haldninga til framande kulturar. Slik argumenterer Norges Mållag i sitt forsvar for eldre litteratur- og språkhistorie.

Les meir

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpr…

12-04-2018

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag for boka «Keeperen og havet».

Les meir

– Den beste måten å heidre Vinje på, er …

06-04-2018

Fredag 6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. – Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår, seier Magne...

Les meir

Skirbekk: – Vinje er hyperaktuell

06-04-2018

Det seier professor i filosofi Gunnar Skirbekk. I dag er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd.

Les meir

Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny …

19-03-2018

Tekniske duppedittar som du kan snakka med og som kan tenkja sjølv er på full fart inn i norske heimar, men problemet er at det finst lite norsk språkteknologi til...

Les meir

Norsk Målungdom vil sikra nynorsk i grun…

19-03-2018

Landsmøtet til Norsk Målungdom gjekk denne helga av stabelen i Drammen. Landsmøtet vedtok mellom anna at dei meiner at jamstillinga av nynorsk og bokmål bør stå i grunnlova.

Les meir

Austmannaprisen til Jens Haugan

13-03-2018

Den årlege Austmannaprisen frå Austmannalaget vart i år tildelt Jens Haugan. 

Les meir

Erik Ulfsby blir ny styreleiar i Språkrå…

13-03-2018

Kulturdepartementet har utnemnd teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske teatret til ny styreleiar i Språkrådet.  

Les meir

Rekordresultat for Nynorsk kultursentrum

13-03-2018

Årsresultatet for Nynorsk kultursentrum i Ørsta blei på 1,3 million kroner i 2017. Det er det beste resultatet nokon gong for institusjonen, som hadde samla inntekter på 28,6 millionar, går...

Les meir

For første gong på 19 år har avisene sam…

10-03-2018

105 norske mediehus hadde opplagsframgang i 2017, viser ferske tal frå MBL. For første gong les fleire på mobil enn på papir.

Les meir

Kuttar i grammatikken – det likar Mållag…

09-03-2018

I det nye norskfaget skal elevane i større grad finne ut av ting sjølv, men Noregs Mållag meiner dei kan trenge hjelp til å hugse på nynorsken.

Les meir

Sluttar som generalsekretær i Noregs Ung…

27-02-2018

Eli Ulvestad har varsla styret om at ho seier opp stillinga si i Noregs Ungdomslag, og at siste arbeidsdag blir 31. mai.

Les meir

Rogaland betalte mest skatt i fjor

21-02-2018

Ingen fylke bidrog med fleire skattekroner i fjor enn Rogaland. Oljefylket stod for nesten ein femdel av 476 skattemilliardar frå fylka.

Les meir

Hundrevis av sunnhordlendingar vil til R…

21-02-2018

Onsdag 14. februar fekk ordføraren på Stord Gaute Straume Epland overrekt 390 underskrifter frå sunnhordlendingar som har skrive under på eit opprop om at Stord bør bli ein del av...

Les meir

Høgskulen på Vestlandet ønskjer framleis…

21-02-2018

Rektor for Høgskulen på Vestlandet (HVL), Berit Rokne, meiner det er viktig at høgskulen etter kvart får status som universitet.

Les meir

Mange nynorskforfattarar nominerte til l…

07-02-2018

Sju av dei seksten som er nominerte til litteraturkritikarprisane for 2017 er nynorskbrukarar.

Les meir

Mållaget vil har rask avgjerd om fylkesn…

26-01-2018

Stortinget må snarast rydde opp i dei omdiskuterte fylkesnamna Vestlandet, Innlandet og Viken før dei festar seg, oppmodar styret i Noregs Mållag.

Les meir

15 av 28 kommunar fekk arealplan-medhald

25-01-2018

  Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav kommunane medhald i 15 av 28 saker der statlege organ, fylkeskommunar, Sametinget eller ein nabokommune hadde levert motsegn mot ein kommunal arealplan.

Les meir

Lokalavisredaktørar kritiserer distrikts…

25-01-2018

  Fleire lokalavisredaktørar meiner problemet til NRK ikkje er for lite sendetid, men tam lokaljournalistikk. 

Les meir

NRK snur og innfører lengre distriktssen…

25-01-2018

NRKs omlegging av distriktssendingane har ført til mange reaksjonar frå misfornøgde lyttarar. No snur kanalen og lovar igjen lengre distriktssendingar.

Les meir

Nytt frå NRK

14 desember 2018

  • EU vil ikkje endre på brexitavtalen
    Dei 27 andre EU-landa avviser å endre brexitavtalen som no ligg på bordet, men forsikrar at dei vil vere med på å arbeide fram ein ny avtale innan 2021. Dermed vil den midlertidige løysinga rundt irskegrensa berre bli midlertidig, og ikkje permanent.
  • May fryktar «felle» i brexitavtalen
    Statsminister Theresa May seier det er fleirtal for ein brexitavtale i Storbritannia, men at den vil vere trua så lenge britiske politikarar ser på reserveløysinga for irskegrensa som ei felle. EU seier at målet er at løysinga aldri skal bli brukt.
  • IS: – Vi stod bak Strasbourg-terror
    IS hevdar, utan bevis, å stå bak åtaket mot julemarknaden i Strasbourg, og kallar gjerningsmannen for deira «soldat», ifølgje ekstremistgruppas propagandakanal Amaq. Han skal ha ropt «Gud er stor» på arabisk under åtaket, ifølgje vitner.
  • Trump-donasjonar blir etterforska
    Amerikanske statsadvokatar etterforskar kor vidt president Donald Trumps innsettingskomité misbrukte delar av midla den samla inn, ifølgje Wall Street Journal. Spørsmålet er om nokon av donorane gav pengar i byte mot politiske motytingar.
  • Irland opnar opp for abort
    Den irske statsministeren kalla det ein «historisk augneblink for kvinner» då parlamentet i Dublin torsdag kveld for første gang vedtok ei lov om å tillate abort. I ei folkeavstemning i mai sa to av tre irar sa ja til å opne for abort.
  • Skaut mot politifolk - blei drepen
    Den franske innanriksministeren stadfestar at mannen som er mistenkt for terror i Strasbourg, er drepen av politiet. Mannen møtte på tre politifolk på gata. Då dei ville arrestere han, skaut han mot dei og dei skaut tilbake og drap han.

Nytt frå Framtida

14 desember 2018

  • Julekalender 13. desember

    Under dagens nisselue, finn du ein kar med ekte skjegg. Det er Magne Aasbrenn som har vore leiar i Noregs Mållag sidan 2016. I tillegg til sitt engasjement for nynorsken, har han òg vore engasjert i arbeidet for Austfold-dialekta. Mållagsleiaren nyttar høve til å gjera litt narr av bokmålsbøyinga av verbet å dette, når han […]

    The post Julekalender 13. desember appeared first on Framtida.

  • Nynorsk pressekontor får pengar til nynorskrobot

    – Det hadde vore eit kjempeløft for nynorsk i media om dette fungerer. Det vil gjere nynorsk meir tilgjengeleg og synleg i media, og det er det vi jobbar for kvar dag, sa Karoline Riise Kristiansen, redaktør i Nynorsk pressekontor til Framtida.no tidlegare i år. Nynorsk pressekontor (NPK) får 800.000 kroner i ekstratilskot frå Kulturdepartementet for å utvikla ein […]

    The post Nynorsk pressekontor får pengar til nynorskrobot appeared first on Framtida.

  • Julekalender 12. desember

    Dagens nisse er ingen ringare enn målungdomsleiar Fredrik Hope, som slett ikkje synest det var lett å velja ein favoritt blant dei mange gode nynorskorda som er der ute. – Det er kanskje korkje. Litt fordi det kling «gøtt» og fordi det er ein del sure, gamle gubbar som blir litt sure fordi ein brukar […]

    The post Julekalender 12. desember appeared first on Framtida.

  • Eli Kari Gjengedal fekk pris på direkten

    – Eg er heilt overvelda. Eg er så stolt og glad og rett og slett overraska over at eg har fått ein sånn pris. Det har vore ein gledens dag, seier Eli Kari Gjengedal på telefon til Framtida.no. Tysdag avslørte Kringkastingsringen årets pris direkte på TV 2 Nyhetskanalen. Redaksjonssjef for vêret på TV 2 Eli […]

    The post Eli Kari Gjengedal fekk pris på direkten appeared first on Framtida.

  • Ungdomen vert tvinga til å droppa nynorsk

    Visste du at heile 23 prosent av elevmassen på grunnskulen i Rogaland har nynorsk som hovudmål? Då snakkar vi altså om over tusen 14-åringar som har tenkt å skrive nynorsk heile livet. Dei lærte å skriva «eg» som 6-7-åringar. Etter kvart har dei lært seg a-endingar, og dei har lært seg gradbøyingar. Så er det […]

    The post Ungdomen vert tvinga til å droppa nynorsk appeared first on Framtida.

  • Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris 2018

    – Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag. Sogndal Fotball ved sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i […]

    The post Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris 2018 appeared first on Framtida.