|
|||
| Ein ”opplevelse” av forvirring? |
|
Det er fint med val for ein språkmann, det er mykje å humra over. Til vanleg går dei folkevalde i korridorane og snakkar med kvarandre på stammespråket sitt. Det er sikkert trygt og godt, og dei kan diskutera optimalisering av inntekter og minimalisering av utgifter og laga seg agenda når dei skal snakkast, anten det er på noverande eller dåverande tidspunkt. Men så, annakvart år, kjem valet, og dei får melding frå medierådgjevarane og reklamefolka sine at no må dei snakka rett fram (Høyr på han Carl I, seier dei!) og seia no og då og vera tydelege på om ja skal bety ja eller kanskje tja. Det er ikkje så vanskeleg, eigentleg. Problemet er sjølvsagt at det blir lett å finna ut om valløfta held nokre månader etterpå. Men det er teknikkar å ty til der og. Når dei raudgrøne får spørsmål om dei vil beklaga at dei ikkje har oppfylt ein lovnad frå Soria Moria, ja eller nei, så kan du vera sikker på at svaret ikkje blir ja eller nei. Kanskje: ”Eg vil få minna om at Bondevikregjeringa ikkje gjorde det spøtt i denne saka.” Eller: ”Eg meiner det viktigaste no er …” og så vidare. Og når nokon frå borgarleg hald får spørsmål om korleis ei borgarleg regjering blir samansett, er ”God dag mann, økseskaft”-svaret godt å ty til, til dømes: ”Det viktigaste no er at me får ei anna regjering.” Eller: ”Vårt parti vil uansett ta ansvar!” Den store kunsten er å gje klåre veljargarantiar, men greia å få til eit nesten usynleg smotthol om det skulle bli nødvendig. Eg lurer på om det er der Sponheimen er no, på spørsmålet om å støtta Frp. ”Vårt parti vil uansett ta ansvar” kan bety så mangt. |
| Sist oppdatert ( onsdag 09. september 2009 07:53 ) |












