|
|||
| Ei naturskildring innanfrå |
|
Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand. Det er sjølve havet, Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt. Stemninga er sett når du kan ta til slik på ein roman. Austhimilen svartnar og svartnar; alle skiftingar av svart er der: ljost gråsvart, tungt gråsvart, likkisteblåsvart, halvgrønt-blåsvart; eg såg aldri slikt. Men frå nordvest stend det liksom ein ljoske, ein uhugleg, unatturleg Hjarta kvelver seg rundt uppe i halsen på meg; fyrr eg fær samla meg att bryt tora ut i ein fæl smell, ein skakande, ein grunnsmell, so jordkula liksom gjev seg på aksen sin. Brake breider seg burt gjennom alle himlar, med skrell og skòt, i lange, skakande rullingar, i tvere, bratte sprang; jagar skangrande og brultande frametter åsryggine med smelling og bròt mot bergsidur og berghamrar og ramlande atterslag frå hausar og høge fjell. So sturtar det ned, fossar, susar, sjoar med regn; himilen slepper seg ned i brå flaum, i vill, skræmeleg syndflod. Og laust gjeng det med skimt i skimt og smell i smell; det er ragnaròk; eg spring som for live. Somme er redde for at nynorsken døyr viss me ikkje endrar norma, gjer språket moderne. Andre vil ha oss med attende til dei klassiske formene. Nei, nynorsken kjem aldri til å døy. Me har diktarar som har gjeve han |
| Sist oppdatert ( måndag 21. juni 2010 06:51 ) |












