|
|||
| Dette er ein annonse for Språkrådet! |
|
Det er ikkje sant, men eg fekk lyst til å reklamera for den nye klarspråksgruppa i Språkrådet. Og sidan eg ikkje sit i styret meir, kan eg skryta med godt samvit. Somme av oss har brukt mange år av livet på å kursa offentleg tilsette i å skriva enklare og klårare norsk. Me ser at det offentlege, gjennom språket, nektar mange innbyggjarar innsyn i saker som vedkjem dei. Det kan vera brev frå det offentlege, og det kan vera lover, forskrifter eller retningslinjer. Eit døme: Når ein har mist ektefellen sin, er det mykje å slita med. Det er ikkje berre kjekt å få brev med overskrifta ETTERLATTERETTIGHETER ETTER nn, og lenger nede få vita at ektefellen ikkje har: Mange vil truleg berre oppfatta at dei kanskje ikkje får pensjon etter si eller sin kjære, og så stoppar lesinga fordi teksten er håplaus. Dømet har eg henta frå den friske nettstaden www.klarspråk.no, der Språkrådet gjev råd og rettleiing til deg som er offentleg tilsett og gjerne vil nå mottakarane dine. Sjå innom denne nettstaden, eg garanterer at du finn gode og nyttige råd. Du kan til dømes sjå korleis klarspråksgruppa ville ha skrive det nemnde brevet frå Statens pensjonskasse. Her får du nokre fleire lesetips frå nettstaden: – Er du oppteken av kva trekk i språket som er verstingar for den som skal formidla noko, finst det eigne språkråd. Det finst til og med ei eiga liste, «Kansellisten», med stive ord og uttrykk som me sjeldan ser i daglegspråket, men som blømer frodig i brev og andre tekster frå det offentlege. – Ja, og så kan du prøva deg på ein eigen klarspråks-kviss, eller quiz som det heiter på fint. Det skader ikkje å skjerpa hjernen innimellom, me bli alle sløvare med åra. Og så understrekar klarspråksgruppa ei sanning som er sannare enn dei fleste sanningar, her i dansk utgåve: «Det nytter f.eks. ikke at kræve klart sprog hvis chefen i virkeligheden synes at den snørklede kancellistil er skabt af Vorherre og ikke kan ændres.» Viss du er sjef, får du ta litt ekstra vare på dét sitatet! Jan Olav Fretland er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Sogn og Fjordane
|
| Sist oppdatert ( måndag 07. november 2011 13:48 ) |










