|
|||
| Skal nye landsmenn plagast med nynorsk? |
|
Feil spørsmål, meiner eg. Men me høyrer stadig folk som hevdar at dei som kjem hit frå andre land, bør sparast for nynorsken. Dei har nok å streva med, likevel, les me. Det er oftast nordmenn som har denne omsuta for dei andre. Ein kan ikkje dy seg for å tenkja at kanskje kan det vera greitt å skuva ein tilflytt slovak eller somaliar framfor seg, dersom ein ikkje likar nynorsk. Sjølv representantar for parti som elles er skeptiske til innvandring, syner rørande omtanke i slike høve.
|
| Sist oppdatert ( onsdag 09. september 2009 07:54 ) |












