- Viktig å spegle mangfaldet

Kringkastingssjef Hans -Tore Bjerkaas i NRK vil tilsetje fleire nynorskjournalistar og setje språk på dagsorden.

- Me må våge å tilsetje fleire nynorskjournalistar i bokmålsområde. I tillegg må språk generelt få høgare status i redaksjonane, me må få til meir språkdiskusjonar og evalueringar. Me må alltid ha gode språkbrukarar i journalistikken, sa kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas under NRK sitt mangfaldseminar på tysdag. Han sa og at arbeidet som blir lagt ned i Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skal bli "tatt meir vare på systematisk"  av NRK-leiinga i framtida.

NRK gjennomførte i forkant av seminaret ei kartlegging blant sine nynorsbrukande journalistar. Den viser blant anna at 59 prosent av dei spurde opplev positive haldningar til nynorsk frå sine leiarar. 15 prosent av dei spurde bruker alltid nynorsk i arbeidet sitt. I følgje kartlegginga er det også ein større del kvinner enn menn som fast brukar nynorsk som sitt arbeidspråk. Medan 17 prosent av kvinnene brukar nynorsk skriftleg, er talet 13 prosent menn. Prosentdelen av dei som brukar nynorsk skriftleg er også høgast hjå dei mellom 30 - 39 år.

Berre 5,6 prosent svarer at dei brukte nynorsk tidlegare, men har slutta med det. På spørsmålet kvifor dei slutta å bruke nynorsk var nokre av svara: "fekk berre kjeft", "vart mykje ekstraarbeid" og "eg er mest komfortabel med bokmål".
Ikkje overraskande viser også kartlegginga at majoriteten av dei nynorskbrukande journalistane i NRK er fødde på Vestlandet. Spørjeskjemaet gjekk ut 13. august, og vart sendt til 2000 personar.

- For NRK er det viktig å spegle både det kulturelle og det språklege mangfaldet i landet, sa Bjerkaas vidare under seminaret som sette fokus på å auke mangfaldet i NRK.

Les resultatet frå kartlegginga her.



Utskrift E-post