– Regjeringa må ta eit styrkeløft for nynorsk

– Det har vore eit mål for mange regjeringar å styrkje nynorsk skriftkultur. Likevel har den statlege språkpolitikken dei siste tiåra ikkje endra maktfordelinga i den norske språksituasjonen, sa direktør Ottar Grepstad ved Ivar Aasen - tunet i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur i Tromsø fredag.

Det var niande gongen Grepstad gjorde opp status for den norske språksituasjonen. Talen opna med ein kommentar til kortfilmen ”Made by Norway” som Aker ASA har vist på kino og tv dei siste vekene. Der les Anderz Eide heile diktet ”Nordmannen” av Ivar Aasen. Grepstad opplyste at 2,5 millionar har sett denne filmen, og roste Aker for den litteraturformidlinga dette har vore, skriv aasentunet.no.

I årstalen gjekk Grepstad også inn for ein språkleg tiltakspakke som kan gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk. Ikkje minst ved å fokusere på Leseåret 2010.

– Dei lesekampanjane staten har gjennomført, har verka for dårleg. Leseåret må brukast til å endre norsk skriftkultur til det betre, seier Grepstad til aasentunet.no.

Grepstad slo også eit slag for nynorsk barnelitteratur.

– Nynorskbøker utgjer ikkje ein større del av norsk bokproduksjon enn for 100 år sidan. Tilbodet av barnebøker er tredobla dei siste femti åra, men for kvar femtande nye barnebok på bokmål kjem det éi på nynorsk. Dette kallar somme valfridom. Det ser meir ut som eit kulturelt ran, meiner han.

 

Les meir om årstalen her.

Utskrift E-post