Nettavis for ungdom

Kulturdepartementet vil no støtte prosjektet Ung til sinns - på nett med 300.000 kroner årleg i tre år.

Den planlagde nettavisa skal sikre at nynorskbrukarar får eit betre tilbod på internett, og vil ha hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av ungdom. Meininga er at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar.

- Den overordna målsetjinga med prosjektet er å få meir nynorsk for ungdom på nettet, samstundes som ein styrkar posisjonen til ABC Startsida, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland. 

Satsinga er eit samarbeid mellom LNK, Nasjonalt Garborgsenter, nettidskriftet Magasinett, kulturavisa Pirion, ABC Startsida og Kulturdepartementet. Sistnemde har no altså gitt løyve på 300.000 kroner årleg i tre år til prosjektet. 

Nettavisa skal ligge på adressa til startsida.no. I tillegg til at prosjektet skal ha ein eigen redaksjon skal også fleire lokale og regionale aviser bidra med stoff.

- Utan støtta frå departementet ville ikkje dette prosjektet blitt gjennomført. Prosjektet vil bygge på den posisjonen startsida.no har etablert gjennom snart fire og ett halvt års drift og gi prosjektet ein god start. Samstundes vil det bli ein direkte link mellom Ung til sinns og ABC Nyheters posisjon. I tillegg ynskjer me å involvere unge og eldre som ynskjer å bidra med synspunkt og lokal kompetanse i våre spalter, seier direktør i ABC Startsida Espen Udland.

Les også: Sponser nynorsk på nett (Journalisten.no)

 

Utskrift E-post