Redaktørprisen til Hordaland

stabellstabell

Christian Fredrik Stabell har fått Nynorsk redaktørpris for 2009. Stabell er redaktør i Os og Fusaposten.

 

Stabell har vore redaktør i Os og Fusaposten i 36. I alle år har han lagt vekt på at lokalavisa skal skrivast på eit godt og korrekt nynorsk. Stabells språklege haldning har utan tvil vore medverkande til at nynorsken framleis står så sterkt i Os, like i nabolaget til Bergen. Os og Fusaposten har også vore skule for mange dyktige nynorskjournalistar rundt om i norsk presse, heiter det i grunngjevinga.

 

- Det er flott å gje prisen til ein redaktørveteran og representant for den store og viktige skogen av nynorske lokalaviser, som er heilt avgjerande for framtida for nynorsken som pressespråk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Prisen vart delt ut 2.oktober, under Dei nynorske mediedagane.

Utskrift E-post