Enklare å klage for nynorskelevar

Norsk Målungdom (NMU) har sett seg leie på at studentar ikkje får eksamensoppgåvene på nynorsk. No har dei fått Språkrådet til å leggje ut eit klageskjema som skal gjere det lettare å seie ifrå.

Skjemaet kjem etter at NMU bad Kyrkje- og kulturdepartementet om å gjere det enklare å klage på slike lovstridige overtramp.

No har departementet og Språkrådet funne ut at den beste løysinga er eit standard klagebrev, der den som klagar, også sender kopi til Språkrådet. Håpet er at det skal føre til meir «effektiv klagebehandling».
(©NPK)

Utskrift E-post