|
||||
| Få lyspunkt frå Lysbakken |
|
Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken stadfestar at det nynorske læreverket for opplæring av framandspråklege er mangelfullt.I eit skriftleg svar på spørsmål frå LNK-avisa let ministeren vere å svare på om han har mottatt ordføraroppropet med krav om betre nynorskundervisning. – I dag finst det ikkje eit fullstendig læreverk i nynorsk for opplæringa i norsk for vaksne innvandrarar, stadfestar Lysbakken på si side. Nye læremiddel på vegMellom nye tiltak på dette området nemner ministeren at Vox (etat under Kunnskapsdepartementet, red.mrk.) i sommar fekk 200.000 kroner av Arbeids- og inkluderingsdepartementet til utvikling av nynorske læremiddel. – Vox har inngått kontrakt med eit forlag om omsetjing. Tilbodet av nynorske læremiddel vil då omfatte læreverk, lærebok i samfunnskunnskap, nettbasert opplæring, arbeidsbøker, lesehefte og grammatikk, seier Lysbakken. Om ordbøker på begge målformer, som læraren på Voss etterlyser, vil dukke opp, seier han ingenting om. Kommunane bestemmer– Utfordringa for kommunane blir å ta læremidla i bruk. Det er den einskilde kommunen som avgjer om vaksne innvandrarar skal få opplæring i bokmål eller nynorsk, meiner Lysbakken. Han seier vidare i svaret sitt til LNK-avisa at det vil vere kostnadskrevjande å utvikle eit like breitt tilbod av undervisningsmateriell på nynorsk som på bokmål, då det er få deltakarar i nynorskkommunar. Samstundes meiner ministeren at det med to jamstilte målformer i Noreg må leggast til rette for at vaksne innvandrarar i kommunar som har nynorsk som hovudmål, skal kunne få opplæring i nynorsk. Må truleg vente lengerLysbakken argumenterer vidare med at det i 2006 blei gitt støtte til å vidareutvikle det nettbaserte læreprogrammet i nynorsk frå 2002, mellom anna i form av tilpassing til ny læreplan, saman med etterutdanningskurs for lærarar. Barne- og likestillingsministeren svarer heller ikkje direkte på kor lenge Voss kommune og andre nynorskkommunar i same situasjon må vente før undervisningsmateriell for framandspråklege vil finnast på nynorsk i alle fag. Sjølv om noko blir gjort, tyder svaret frå ministeren på at desse kommunane vil måtte vente endå ei stund. |
| Sist oppdatert ( måndag 21. desember 2009 13:58 ) |









