|
||||
| Vekst i Vågå |
|
Folketalet i Vågå kommune steig i 2009 for første gong sidan 70-talet, skriv Kommunal Rapport. Det var noko av grunnen til at ordførar Rune Øygard (Ap) vart nominert til Kommuneprofilen 2009.Øygard er inne i sin fjerde periode som Ap-ordførar i Vågå. I løpet av denne tida har oppslutninga til Ap auka frå 30 til 75 prosent, skriv Kommunal Rapport.Eit av dei største resultata av Øygard sitt arbeid er eit stabilt folketal. – Ein god skule skal freiste foreldre til å flytte hit for å bli buande, og den skal etter kvart gi ei høgare utdanna befolkning i Vågå. Fleire unge, kompetente folk vil trekkje til seg nytt næringsliv, slår Ap-ordføraren fast. Dei andre nominerte til Kommuneprofilen 2009 er avtroppande ordførar i Sunndal, Tove-Lise Torve (Ap), kommunikasjonssjef for Full City-oppryddinga, Vivi Sævik, bystyremedlem i Oslo og nestleiar i Høgre, Erling Lae, prosjektleiar i Mandal, Siren Vetnes Johannessen, og kommunestyremedlem for Rødt i Vågsøy kommune, Geir Oldeide. Prisen går til ein kandidat som har utmerka seg i løpet av året og gjerne over fleire år. |
| Sist oppdatert ( tysdag 22. desember 2009 08:51 ) |









