Skal forenkla nynorsken

Ivar AasenIvar Aasen

Ei gruppe på seks kvinner og to menn skal utarbeida forslag til nye nynorske rettskrivingsreglar.

Dei åtte er oppnemnde av Språkrådet og skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer.

Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som brukar nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret i Språkrådet.

Grete Riise (62) frå Bergen skal leia arbeida. Ho er tidlegare dagleg leiar i Noregs Mållag og arbeider no som nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Førsteamanuensis Unn Røyneland (40), Oslo er nestleiar. Ho arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda.

Dei andre medlemmene i rettskrivingsnemnda er: Journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo, lærar Karin Magnetun (46), Ål, lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø, Redaktør Sven Arne Vee (42), Flora, prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo, ordlisteredaktør og språkrettar Aud Søyland (55), Leira i Valdres.

Arbeidet med den nye norsknorma skal vera ferdig 15. mai 2011. (©NPK)

Utskrift E-post