Talegjenkjenning på nynorsk

Foto: Farhan AmoorFoto: Farhan Amoor

Nasjonal IKT har sett i gang eit forprosjekt som skal vurdere om teknologien brukt til talegjenkjenning kan utvidast til å omfatte nynorsk. Legar bruker talegjenkjenning når dei dikterer journalar og brev, og denne teknologien har til no berre fungert på bokmål.

- Dette er ny teknologisk utvikling som det er viktig at nynorsken er ein del av. Og for oss er det ein siger at det vert gjort så klårt at sjukehusa har ei plikt på seg til å tilby taleattkjenning på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Målla, i ei pressemelding i dag.

Lege Olav Rekkedal ved Sykehuset Innlandet gjorde saka om talegjenkjenning kjend då han i 2008 sende brev til Helsedepartementet og klaga over at talegjenkjenningsmaskinene ikkje takla at han dikterte på nynorsk. Sidan då har saka rulla og gått i helseføretaket og departementet.

Utskrift E-post