Heim Innspel Høviske ord desember 2009

Høviske ord desember 2009

Høviske ord

Jærmuseet, som er prosjekteigar for Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, fekk ei kjærkomen julegåve i sist veke.

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget følgde opp det fleire politikarar tidlegare har signalisert, og løyvde sju millionar kroner til senteret.  

I innstillinga heiter det m.a.: ”Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer.”

Det er eit særs viktig signal at alle komitémedlemene er med på løyvinga.  

– Eg var aldri i tvil om at me skulle få dette til, sa ein strålande nøgd samferdsleminister, Magnhild Meltveit Kleppa, til Stavanger Aftenblad då ho kom til Jæren med den gode bodskapen.  

– Midlane frå regjeringa sikrar at arbeidet med å byggja opp innhaldet i senteret no kan halda fram etter planen, seier prosjektleiar Einar Schibevaag i ein kommentar.

Nasjonalt Garborgsenter er eit spennande prosjekt. Time kommune har vore ein pådrivar for senteret, som skal byggjast midt i ein ny, moderne bydel. Næraste nabo er eit høghus som alt er blitt eit signalbygg i det flate landskapet på Jæren. Time kommune markerer på denne måten at dei går inn i ei ny tid, og at dei ønskjer å vera ein pådrivar og motor i regionen. Ein annan viktig nabo vert den nye vidaregåande skulen som Rogaland fylkeskommune byggjer like ved. Skulen vert nok ein viktig samarbeidspart for Garborgsenteret, men vonleg aldri så viktig at det nasjonale ved senteret kjem bort. Nasjonalt Garborgsenter skal vera nettopp det – eit senter for heile landet.

I Noreg er det ikkje kvardagskost at kommunar brukar arkitektur til å visa fram ein visjon på denne måten, sjølv om alle kjenner Bjørvika i Oslo. At dei vidsynte personlegdommane Hulda og Arne Garborg, modernistar i si tid, får sitt senter i eit slikt miljø, er gledeleg og heilt på sin plass.  

Det er grunn til å gratulera Jærmuseet, Rogaland fylkeskommune og Time kommune med heile denne satsinga. Me ser fram til å følgja utviklinga i den nye bydelen.

Sjukefråveret

Haukeland universitetssjukehus i Bergen har fått kjeft av Språkrådet for at dei ikkje følgjer mållova når det gjeld skilting av bygga og i administrative rutinar. Styret og administrasjonen legg seg flate og forsikrar om at sjølv om ting tek tid, ønskjer dei skjerpa seg og følgja lova. Stortingsrepresentant Arne Sortevik (FrP) seier derimot til Bergens Tidende at han vert sjuk av heile mållova.
Kanskje ideen om ein karensdag kan ha noko for seg likevel?

Førre artikkelDrøymevegen
Neste artikkelJuleorda

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...