Kommentar: Skalletrengselteorien

Illustrasjonsbilde av kjøleskåpsmagnetarIllustrasjonsbilde av kjøleskåpsmagnetar

Smak på følgjande påstand, stadig å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: «Meir øving i hovudmålet og mindre opplæring i sidemålet vil gjere elevene flinkare i norsk». Er det sant?

Torgeir DimmenTorgeir DimmenSvaret er nei. Eg kjenner ikkje til noko dokumentasjon som støttar ein slik teori. Både internasjonal forsking og våre eigne erfaringar frå Nynorsksenteret tyder på at dess tidlegare born byrjar med andre språk og dess meir variert språkkompetanse dei får, dess flinkare blir dei også i morsmålet. Det å kunne fleire språk eller språkvariantar gir auka bevisstheit om eigen språkbruk, det gir større uttrykksrepertoar og det gir betre evne til å ta andre sitt perspektiv.

Grunnskuleelevar i nynorskfylket Sogn og Fjordane toppar karakterstatistikkane frå dei nasjonale prøvene. Det gjeld ikkje berre norsk, men også i faga matematikk og engelsk. Kan det ha noko med at born frå dette fylket er landets mest tospråklege og at denne dugleiken indirekte kjem til nytte også i andre fag? Slett ikkje utenkjeleg, ifølgje fagfolk som har forska på fleirspråkkompetanse i ulike kulturar.

Språkevna har ikkje ein avgrensa plass i hjernen som kan bli full. Skallen er ikkje innretta slik at læring av eit nytt språk eller ein ny språkvariant fortrengjer plassen til dei språka ein alt kan. Det er altså ikkje slik at språka vi har innabords kjempar om den same plassen. Tvert om. Dei supplerer kvarandre. Særleg gjeld dette her landet med to målformer som er såpass like og med utbreidd bruk av dialektar som er nokså ulike, men samstundes gjensidig forståelege. I Noreg er vi rett og slett privilegerte som kan bade i - og hente inspirasjon frå - eit slikt variert språkmiljø kvar einaste dag.

I løpet av komande vinter skal ein ny læreplan for norskfaget på plass, for alle klassetrinn frå første klasse til og med vidaregåande. Vi reknar med at dei som skal vedta den planen veit at skalletrengselteorien ikkje stemmer. Det som trengst for at born og ungdom i alle deler av landet skal bli flinkare i norsk er ikkje mindre sidemålsundervisning, men ei annleis tilnærming som i langt større grad utnyttar potensialet i den språklege variasjonen vår.

 

Utskrift E-post