Kommentar: Skal det vere eit skjema på bokmål?

 

Ein arbeidskollega ringte inn og lurte på om det var slik at bedrifter som sel skjemaløysningar ikkje trengde å ha eit på kvar målform. Ho hadde snakka med Lindorff AS, og var no opprådd. Sidan me er ein nynorskkommune hadde ho etterlyst skjema på nynorsk. Det hadde Lindorff AS ikkje.

 


– Kven skal eg snakke med, kvar kan vi påverke, spør ho, for eg finn meg ikkje i at dei som skal nytte skjema frå oss, må velje bokmål?!?!

Ja, kven skal vi snakke med for å få til dette, tenkjer eg. Kvifor kan ei storbedrift frå Oslo-byen ta så lett på det og oversjå at vi har fleire målformar i Noreg?

Men når eg tenkjer etter, så er det ikkje berre store organisasjonar som gjer det slik, eg har og høyrd eit stygt rykte om at det skal vere slik i staten og. No er det over to sidan eg las ein artikkel om nynorskbruken i Staten, etterkvart oppdaga eg at det ikkje var lagt ut noko nytt dei siste åra.

Eg tok kontakt med Språkrådet. Eg spurde dei om det hadde vore nokon endringar på dette sidan 2010 og om det var komen ny data i seinare tid.

Astrid Marie Grov, ein av rådgjevarane i Språkrådet, svarte:

– Nei, det finst ikkje nyare informasjon enn den rapporten. Me held framleis på med å behandle dei siste rapportane frå statsorgana om målbruken i 2011, så det kjem ein ny rapport seinare i haust, men neppe før i oktober. (Den ser eg fram til å lese meir om).

Målbruken ja, så kan vi forvente at dei store bedriftene skal være flinke på å lage skjemaa sine på fleire målformar? Finn vi oss i at vi blir oversett? Eg skal gjere mitt for at det ikkje skal vere slik. Eg tenkjer at det skal vere naturleg at staten og tenkjer slik.

Det er ikkje berre vår jobb som arbeidar i nynorskkommunar å legge press på dei store aktørane? Staten må og legge press på organiasjonane - og samstundes vere eit godt forbilde. Eg lurar og på om dei store bedriftene ville bli påverka, viss staten var flinkare å nytte rette målformane og tok nynorsken og bruken av den meir alvorleg?

Det er som eg seier når eg ser dei store borna syklar utan hjelm i gata.

– Heisann, visste de det at vi har mange små born her i gata vår? Veit de også at de store er førebilete for dei små? Vi har no mange flinke store born som nyttar hjelm i gata vår – og sjølvsagt gjer dei små det og.

Og for den som ikkje greier og sjå kva eg skulle fram til her: Viss staten er flinkare og meir gjennomført i korleis dei nyttar målformene til ein kvar tid, så vert andre rundt dei flinkare og.

Eit litt naivt syn på korleis ein skal gjere det, tykkjer du? Tja, men så er eg og ei dame med enkle verkemiddel på korleis nå eit mål og vere med å påverke.

 

Utskrift E-post