Kommentar: Kva har du gjort for nynorsken i det siste?

Debatten om nynorsken sin plass i Noreg, vert ofte til ein debatt om nynorsken sin plass i skulen. Korleis skal nynorsken, som for dei fleste er sidemålet, verte organisert?

Er det nynorsk som hovudmål eller sidemål ein bør styrke? Kor mange karakterar skal elevane få?

Dette er sjølvsagt viktig. Skulen legg grunnlaget for kva elevane meistrar og dermed og for korleis framtida vert.

Men debatten om nynorsken sin plass bør vere langt breiare. Kva er avisa si rolle? Mediehusa? Forlaga? Kommunane? Offentlege verksemder? Samfunnsaktørar som meistrar, men ikkje skriv, nynorsk? For nynorsken klarer seg berre om aktørar i alle lag av samfunnet er med på å produsere relevant, god og viktig tekst på målforma.

Nynorsk vert gjerne omtala som lyrisk og poetisk. Det er eit språk med kjensler. Det er ikkje ord som gjev autoritet, men som er med på å plassere nynorsken på sia av ein norm.

Det same gjeld ord som kulturarv om nynorsk. Det får målforma til å høyres ut som eitkvart nedstøva, i botnen av ei kiste, som ingen heilt veit kva er, men som museet seier at er viktig. Kulturarv er noko me stiller ut. Ikkje noko me bruker.

Det som er rett morosamt er at òg bokmål er ein del av kulturarven vår. Det er berre det at bokmål er ein del av den dansk-norske kulturarven, medan nynorsken ligg nærare det norske.

Når det er 12 prosent av grunnskuleelevane som har nynorsk som hovudmål, og berre 6,8 prosent som vel å fortsetje med det på vidaregåande, då handlar det ikkje berre om korleis skulen underviser i målforma. Då handlar det vel så mykje om kva plass nynorsken har i samfunnet. For kva rolle speler det om ein meistrar eit språk som berre gjev ein eit smalt publikum?

Det vil vere ein fordel for nynorsken om me gjer debatten breiare. Politikarane kan vedta at ei målform skal vere jamstilt ei anna målform. Men vanlege folk, verksemder, forlag og medier må utøve det for at det skal verte ein realitet i praksis og ikkje berre på papiret.

Difor spør eg no: Kva har du gjort for nynorsken i det siste?

Utskrift E-post