Kommentar: Det handlar om folk


Vi leiter støtt etter tiltaka som får effekt og kva som får ting til å skje. Det er lett å gløyme at det ikkje er verkemidla som skapar suksess, men folka.

Om du ser på Språkrådet si rapportering av målbruk i forvaltninga eller departementa sine ordningar for å hjelpe til med utviklinga i distrikta, er det mykje det same. Det handlar om å telje. Vi tel til dømes kor mange gonger vi skriv ”eg” og ”ikkje” og ”jeg” og ”ikke” på nettsidene våre. Prosjekt som skal skape så og så mange tilflyttarar eller berre skal gjere ein stad meir attraktiv får pengar frå eit departement. Rapporten tilbake handlar ofte berre om kva dei har brukt pengane til, ikkje kva dei har fått til.

Det er lett å gløyme folka som får ting til å skje. Dei av byråkratane som er opptekne av å bli forstått, skriv godt. Det er dei som syt for å bruke rett målform til rett tid og syt for at målkrava vert følgt opp. Kommunikasjonsrådgjevarane som spring rundt og tel nynorskord og bokmålsord er berre hjelparar. Internt språkpoliti har kanskje effekt, men engasjement og entusiasme har nok betre efekt.

Rundt om i landet vårt blir det brukt mykje tid og krefter på å setje i gang tiltak som på ein eller annan måte skal skape utvikling. Ofte organisert i prosjekt. Ofte med ekstra pengar og andre ressursar sett av i ein avgrensa periode. Det er langt frå uvanleg at ting stoppar opp når prosjektet er ferdig.

Forskninga viser at det ofte er korkje pengane eller organiseringa som er avgjerande. ”Eldsjeler med forandringskraft er gull verdt”, slår Telemarksforsking fast i studien Suksessrike distriktskommuner. Der gjeld det kommunal suksess. Eldsjelene kan ha med seg ei drivkraft som kan løfte engasjement og endringsvilje ut av prosjektet og inn i drifta. Forskarane slår og fast at eldsjelene ikkje får noko til om dei står åleine. Eg er sikker på at det også gjeld språkarbeidet i det offentlege. Dei som får det til, er dei som har folk som arbeider godt. Og som gir eldsjelene rom til å ta med seg andre.

Utskrift E-post