Kommentar: Bokmål i Volda

NotatNotat

I Volda kjem det ut ei lokalavis som skriv nesten berre på bokmål. Det provoserer!

Torgeir DimmenTorgeir DimmenNei, det er ikkje landets nest eldste avis, tradisjonsrike Møre, som har blitt språk-kuppa. Avisa det handlar om her er Næravisa, øvingsavisa til journaliststudentane ved Høgskulen. Nokre veker kvar haust og vår lagar dei avis med stoff frå kommunane på søre Sunnmøre. Den journalistiske kvaliteteten er upåklageleg. Studentane kjem frå alle kantar av landet, og dei leverer stoff med profesjonell kvalitet og med eit forfriskande utanfråblikk på dei lokale sakenet. Men på eitt punkt fell dei altså totalt igjennom: Dei brukar ikkje same språket som lesarane sine.

I nokre utgåver av Næravisa i haust var det så og seie ikkje noko nynorsk å finne. Til og med pressemeldinga frå sjølvaste Ivar Aasen-tunet om direktørens årstale hadde dei omsett til bokmål. Eg vart så provosert av dette at eg sende eit skarpt lesarbrev til avisa (utgåva frå 5.10.2012, side 14). ”Respektlaust av Næravisa” skreiv eg. For folk i kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Herøy og Ulstein er nynorsk ein sjølvsagt del av kulturen og identiteten, og dette meinte eg også burde vise att i språket i avisa.

Nynorsken er viktigare for nynorskfolk enn bokmålet er for bokmålsfolk. Dette er mi forklaring på at slikt som dette kan skje. Dei bokmålsskrivande studentane hadde truleg ikkje tenkt over at dette var noko sak i det heile. Folk i Volda forstår jo bokmål, så kva er problemet?

Skal ei avis vere truverdig og oppfylle samfunnsoppdraget, må ho ta lesarane sine på alvor, inkludert deira språklege identitet. Det er difor så godt som alle vanlege lokalaviser i Noreg skriv redaksjonelt stoff på den same målforma som blir brukt i dekningsområdet.

Med andre ord: Det bør ikkje vere slik at kvar einskild avisjournalist står fritt i val av målform. Ein oslogut må skrive nynorsk derom han får jobb i ei avis i Sogn og Fjordane. Og ei voldajente må finne seg i å ha bokmål som arbeidsspråk dersom ho er journalist i Nordstrands Blad.

Men får ho tilbod om jobb i t.d. Aftenposten, Dagbladet eller VG bør ho krevje å få bruke hjartespråket. Desse publikasjonanen kallar seg som kjent ”riksaviser”, men det er dei ikkje fullt ut før dei  viser språkleg respekt for alle lesarane sine. Dei har titusenvis av nynorskbrukarar som målgruppe, og det er like respektlaust av dei å ignorere desse som det er av journalistrekruttane i Volda å lage ei rein bokmålsavis.

Peikarar:

Næravisa: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/avdelingar/mediefag/ovingsmedier/naravisa-_-sidan-1971

Nærnett, nettavisa til journaliststudentane: http://www.nernett.no

 

Utskrift E-post