Meir rom for nynorsk i skolen

Språk er ein sentral del av menneska si identitets- og samkjensle. Derfor er det viktig at den som ønskjer det, framleis kan velja nynorsk som hovudmål gjennom heile skolegangen.

Nærare halvparten av dei 13 % som har nynorsk som hovudmål ved skolestart, går over til bokmål innan utgangen av vidaregåande. I Noregs Mållag si undersøking (2009-2010) svarar fleirtalet at dei skifta til bokmål fordi det er enklare i og med at bokmål er dominerande i media, tidsskrift og bøker. Men kan det vera meiningsfullt – og i språkleg interesse – å sjå på nynorsk som ein del av likestillingsspørsmåla?

Likestilling har tradisjonelt sett handla om å fremja like rettar og gjera det like lett for kvinner og menn å utfalda sitt ibuande potensiale. I dag blir omgrepet brukt også i vidare forstand. Likestillings- og anti-diskrimineringsarbeidet skal famna alle, uavhengig av funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisk bakgrunn, språk, religion m.m.

Et ope og likestilt samfunn, der alle menneske møtest som unike og likeverdige personar, er ein føresetnad for eit levande og velfungerande demokrati, og for at menneske skal føla samkjensle til fellesskapet. Eit ope samfunn, likestilling og likeverd er grunnleggjande verdiar som vi kontinuerleg må arbeida for å halda fast ved og ta med oss i daglege gjeremål. Desse verdiane er ikkje statiske, og dei går ikkje for eiga maskin. Vi er nøydde til å bruka dei aktivt, diskutera dei og fylla dei med innhald. Verdiane våre endrar tyding i takt med at røynslene og kunnskapen i samfunnet også endrar seg. Det gir derfor meining å knytta bruk av norske målformer i skolen til verdiane om likestilling og likeverd, og sjå nærare på om vi har ein utdanningspolitikk som gir nok rom for alle, så dei kan ta vare på sin språklege identitet.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen varsla i februar ein revidering av læreplanen i norsk, slik at han skal bli tydelegare og mindre omfangsrik. Planen kjem til høyring i haust og skal vedtakast neste år. I følgje Halvorsen skal hovudmålet til eleven få større plass og ei tydelegare prioritering enn tidlegare. Det skal framleis vera skriftleg sidemål på ungdomstrinnet og på studieførebuande line på vidaregåande, men standpunktkarakterane skal reduserast frå tre til to, altså berre éin i skriftleg og éin i munnleg. I og med at hovudmålet skal få større plass, vil det for det aller meste bety at nynorsk vil få mindre samla plass i undervisninga, sidan dei fleste har bokmål som hovudmål.

Halvorsen handsamar nynorskbrukarar som ein minoritet når ho grunngjev endringane i læreplanen. Ho seier ho meiner det er viktig at læreplanen framleis legg vekt på nynorsken sin plass i kultur- og samfunnsliv, og ho vil at alle elevar skal lesa fleire nynorske tekstar gjennom heile grunnopplæringa. I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet seier Halvorsen at ho er redd for at nynorsk skal forsvinna som hovudmål, og at ho ønskjer å høyra på alle framlegg som kan gjera norskfaget betre og løfta nynorsk opp og fram.

Kunnskapsministeren meiner med andre ord at nynorsk krev spesiell historisk og kulturelt grunngjeven merksemd for at målforma skal få ein framståande plass i norskfaget i framtida. Dermed lir nynorsk same lagnad som andre marginaliserte språk og grupper; minoriteten får den spesielle merksemda, medan majoriteten i hovudsak legg føringane for den generelle utviklinga.

Viss læreplanen i realiteten skal styrka nynorsk som målform, kan det verka mot hensikta å sjå på nynorsk berre som ein del av kultur- og samfunnslivet vi ønskjer å ta vare på. Nynorsk er eit levande skriftspråk med mange brukarar, ikkje ein kulturell kuriositet som skal konserverast. Nynorsk, og alle elevane som har vakse opp med å skriva det, fortener å kjenna ein reell valfridom til framleis å kunna velja nynorsk som hovudmål.

Signe Opsahl, dagleg leiar i Likestillingssenteret

Utskrift E-post