Kommentar: 200 nye år med Ivar Aasen

Neste år er det 200 år sia Ivar Aasen vart fødd. Korleis vert dei neste 200 åra med Ivar Aasen?

 2013 er i språkets namn: Det startar hjå Kilden konserthus i Kristiansand allereie 2.januar med ein stor markering. På same stad på presis same dato, men 100 år tidlegare, hadde Det Norske Teater si fyrste framsyning. 2013 vert det offisielle Språkåret. Gjennom heile året vert det om lag 100 små og store markeringar: Til somme markeringar kan du ta på finstasen, men til andre bør du koma med ermane bretta opp og hjernen kvessa. Det kan verte mykje debatt.

Me skal feire nynorsk, bokmål, samiske språk og det språklege mangfaldet i Noreg som òg minoritetsgrupper har bidrege til. Målet er eit år som samlar, inkluderer og gjer oss meir medvitne om språket vårt.

"Alle har eit språk, og Språkåret vender seg til alle. Vi vil gjere tilskodarane til deltakarar", heiter det i prosjektplanen som Nynorsk Kultursentrum har stått for. Dei står bak og får puslespelbitane til å falle på plass.

Kvifor er Språkåret viktig? Av di den norske språkkulturen er delt, mest til glede men òg til harme. I tillegg har samiske språk gjennom historia vår opplevd å vere under sterkt press, og verdien nye minoritetsspråk har me berre i varierande grad innsett.

Kor sterke reaksjonar språkspørsmål kan vekke såg me ikkje minst då Utdanningsdirektoratet i fjor sendte på høyring eit framlegg om å gjere endringar i norskopplæringa. Denne debatten vil òg prege Språkåret, jamfør at det er samanfall i tid mellom markeringa og den endelege revideringa av læreplanen i norsk. Det kan vere ei styrke for den nye læreplanen - kanskje kan den òg gje naudsynt styrke til den språkpolitiske konteksten norskfaget er ein del av.

Det er i alle fall eit viktig spørsmål for Arbeiderpartiet. No skriv me det neste partiprogrammet vårt, som me skal drøfte og votere over i april. Kva er ein moderne språkpolitikk? Korleis tek me vare på det særeigne norske, samstundes som me er opne for inntrykk frå andre? Ta ordet, fortell kva dine vurderingar er.

Diskusjonane neste år vil ha mykje å seie for korleis dei 200 neste åra med arven etter Ivar Aasen vert.

 

Utskrift E-post