Eg drive no helst med å trene


Det var det året ein norsk trålar fekk ein sovjetisk ubåt i trålen utanfor Karmøy. Eg sat på kjøkenet heime hos min gode ven og nabo. Han var to år eldre enn meg og hadde akkurat byrja på ungdomsskolen og – skrekk og gru – byrja med nynorsk.

Eg veit ikkje kor denne skrekken kom frå. Men den hadde alltid vore der. Og den var allment akseptert der eg vaks opp. Når du begynte på ungdomsskulen då måtte du læra nynorsk. Og det var ikkje noko kjekt. Det er rart for det var mye nytt med ungdomsskolen som burde vore minst like skremmande. Sprøytene var større, lærarane meir skumle og timeplanen lenger. Men nynorsken var altså det verste.

Men kor kom denne frykta frå? Ein ting er at ungar likar å skremme kvarandre med kva som ventar på neste skule og i neste klassetrinn. Men akkurat når det gjeld nynorsk synast det for meg som det negative omdømet stikk djupare. Eg trur noko av forklaringa er at dei vaksne i akkurat tilfellet med nynorsken ikkje er det spor betre enn barna. Dei har ofte dei same motførestellingane mot nynorsk som sidemål som det dei unge har. Sjølv i vaksen alder har eg møtt mange, også enkelte man burde venta betre frå, som omtalar nynorsk som grautmål og fjøsnorsk. Det er klart at slike haldningar påverkar dei unge.

Men det forklarar ikkje alt. Det kan også ha noko med måten undervisninga var lagt opp. Nå må eg leggje til for egen del at eg var velsigna med en ekstremt dyktig lærar. Men det var grammatikk og rettskriving som gjaldt. I mykje større grad enn i bokmål handla nynorskundervisninga om å skrive rett. Ofte ble lange kveldar over skriveboka løna med ei tilbakemelding frå læraren som gjorde ein usikker på om stilen opphavleg vart skriven med rød eller blå penn. Eg trur det gjer at svært mange vegrar seg for å skrive nynorsk. Dei er så redde for å skrive feil. Nå kan det leggjast til at det truleg er minst like enkelt å finne feil i ein bokmålstekst skriven av same person. Men det er liksom ikkje like farleg. Eg synest det er et stort paradoks.

Eg er ikkje utdanna pedagog, og for alt eg veit har det vore ei rivande utvikling i måten nynorsk vert presentert på i grunnskulen i dag. Men dei som påverkar morgondagens nynorskelevar har same erfaring som eg.
Mange meiner og at det er bortkasta tid å skulle læra seg eit sidemål. Tida burde heller vore brukt på å bli betre i hovudmålet. Då er det interessant at ei ny undersøking frå NTNU avdekker at personer som ofte skriver nynorsk også les bokmål raskare. Elevane blir altså flinkare i bokmål av å læra nynorsk. Det trur eg ikkje mange motstandarar av nynorsk er klar over.

Vi hadde sete ved kjøkenbordet i vel ein time, kameraten min og eg. Han skulle skrive sin første stil på nynorsk. Oppgåva var enkel nok: «Skriv om dine interesser». Men etter ein time var utbyttet heller magert: «Eg drive no helst med å trene». Det var det einaste han hadde fått ned på papiret. Etter ein heil time. Det var ikkje mykje. Men det var rett. Meinte vi.



Utskrift E-post