Kommentar: Most wanted i kommunen

Avisa Fremover kunne tidleg i januar i år fortelje om ein rådmann i Lofoten som ikkje lenger ville gi nokon kommentar til avisa Lofotposten ut over «ingen kommentar». Avgjerda er eit uttrykk for ei djup krise i forholdet mellom den administrative leiaren i kommunen og den lokale pressa.


Det er ikkje alltid enkelt å handtera media, men som rådmann har ein dessverre ikkje noko val. Det blir skrive enorme mengder artiklar kvart år der rådmannen er med. I 2012 vart tittelen med i over 25.000 artiklar i norske avisar. Det viser eit søk i databasen Retriever Atekst, som dekkjer hovuddelen av norske aviser. Det er langt meir enn andre kommunale stillingar som til dømes teknisk sjef, økonomisjef eller brannsjef. Heller ikkje lensmann og politimeister kan måle seg med omtalen rådmannen får. Det seier ikkje lite.

Det er berre ordføraren som blir omtalt oftare enn rådmannen. Men det er stor skilnad på sakene dei er omtala i. Medan ordføraren får gjere trivelege kommunale oppgåver som opning av skular og besøk på eldreheimar, er det ein klar tendens til at rådmannen langt oftare enn ordføraren er nemnt i saker som handlar om budsjettkutt, nedleggingar, innstramming og så vidare.

Og, medan ordføraren som folkevald er vane med, og til dels er avhengig av, eit godt forhold til media gjennom heile sin politiske karriere, er rådmannen tilsett for sin faglege kompetanse, først og fremst som økonom og administrativ leiar. Eg vil tru mediehandtering i beste fall er eit nødvendig vonde.

Eg trur ikkje nye rådmenn er klare over medierolla som ventar dei i jobben. Men så sluttar då også 15 prosent av dei i jobben kvart år. Det er vel snart berre fotballtrenarar som blir skifta ut  oftare. Ei undersøking KS gjennomførte i 2010 viser at 40 prosent meinte arbeidsbelastninga var større enn anerkjenninga. Mediepresset «døgnet rundt» blei oppgitt som ein av dei største belastningane.

Eg hadde nyleg eit foredrag om mediehandtering for omlag tretti rådmenn på Norsk rådmannsforum si samling i Oslo. Då eg spurde kor mange av dei som hadde hjelp til handtering av media var det vel knapt halvparten av dei som rekte opp handa. Eg trur ikkje eg overdriv om eg anslår at alle norske bedrifter med like mange «kundar» og like stor omsetnad som norske kommunar har ein hel stab med kommunikasjonsrådgjevarar omkring seg.

Eg er klar over at den gjennomsnittlege norske kommunen ikkje har råd til å omgje seg med kommunikasjonsrådgjevarar, så her kjem nokre velmeinande råd:

1. Inviter dei viktigaste journalistane i ditt distrikt på ein kopp kaffi. Avklar kva for rolle administrasjonen og politikarane har.
2. Tenk gjennom kva som er viktig å få formidle i eit intervju. Hald deg til nokre få velvalde bodskap.
3. Finn positive saker kommunen sin administrasjon/rådmann kan presentere i media som ei motvekt mot dei kritiske sakene.

Utskrift E-post