Kommentar: Nynorsk i alle avisene i framtida.

Bokmål og nynorsk er to sidestilte skriftspråk med eigen grammatikk, eigne ordbøker og eigen litteratur.

 


KOMMENTAR: Mållova fra 1930 fastset rettar og plikter for bruken, men likevel har me opplevd at nokre aviser driv med språkleg sensur ved at dei nektar journalistar som brukar nynorsk å skrive artiklane sine på nynorsk. 

Aviseigarane/ redaksjonane har sin fulle rett til å drive avisene som dei vil, men i nokre høve kan det få konsekvensar, og her er me ved ”sakens kjerne”.  Det må vera rett å krevje at dei avisene som ikkje godtek båe skriftspråka misser pressestønaden.

Det er på tide at politikarane  tek tak i denne saka og krev at også avisene respekterar og aksepterar mållova fullt ut. Nynorsk og bokmål er likestilde.  Det kan ikkje vera rett at dei avisene som driv med språkleg sensur skal få pressestøtte.

Nokre politikarar hevdar at det beste for nynorsken er valfridom, no er det høve til å stø forslaget om å fjerne sensuren av nynorsken, slik at dei to skriftspråka får like vilkår. Dette er ei sak som høver godt å ta opp i språkåret 2013.

Ragnvald Christenson
Leiar Telemark Mållag 

Utskrift E-post