Kommentar: Språk som del av den kulturelle grunnmuren

Eg driv for tida og les Enger-utvalet si utgreiing NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014. Eg kjenner at eg vert glad når eg ser kor grundig arbeid utvalet har gjort.

 

 

Eg opplever at utvalet har levert vurderingar og refleksjonar knytt til kulturpolitikken si grunngjeving som inspirerande og viktige. Bruken av pengane som dei to kulturløfta har gitt er godt dokumentert. NOU’en er fullspekka med fakta, analyser og interessante refleksjonar. Tilrådingane er konkrete. Språkleg er utgreiinga lett tilgjengeleg. Å lese dette dokumentet gjer meg motivert til fornya innsats – både på grunn av språket, og på grunn av dei tilrådingane som utvalet har komme med.

Ytringskulturen som utvalet har valt å konsentrere sine vurderingar rundt, handlar djupast sett om verdiar som det moderne demokratiet set høgt, slik som retten til og forståinga av å delta, og til å uttrykke seg. Når utvalet endar opp med ei reell bekymring for den kulturelle grunnmuren som er iferd med å forvitre, forstår eg dette også som ei bekymring for ei svekking av desse verdiane.

Dei to kulturløfta har vore viktige og ført mykje godt med seg for norsk kulturliv. No er det trong for nye løft og nye midlar. At den kulturelle grunnmuren; definert som folkebiblioteka, kulturskulane, kyrkja, dei frivillige må prioriterast, er eg varm tilhengar av. Alle er dei del av ein kvardagskultur som vi ofte tek for gitt er der.

Kunst og kultur er eit gode og ein ressurs som er ulikt fordelt blant innbyggjarane. Dei delane av kulturen som utvalet plasserer i den kulturelle grunnmuren utgjer lågterskeltilbod som når langt ut. Dette bør vere element i grunnleggjande kulturtilbod til alle over heile landet. Engerutvalet har vist oss at om vi vil ha denne grunnmuren på plass, må vi ikkje berre ville det. Vi må også gjere noko med det! Staten må prioritere nye økonomiske midlar til grunnmuren. Men korleis veit vi at midlane kjem fram dit dei skal utan øyremerking? Får vi eit lokalt kulturløft gjennom ei generell styrking av overføringane til kommunane? Eg vil gjerne tru det, men eg er usikker. Skal vi innrømme at dette er ei så grunnleggjande viktig satsing at skal vi lukkast med denne, så må midlane øyremerkast? Eller finst det andre måtar å gjere dette på som vi så langt ikkje har tenkt på, eller prøvt ut? Kanskje kan dette også vere starten på å utfordre kvarandre på nye løysingar i samhandlinga mellom stat og kommune?

Og til slutt - Engerutvalet si framheving av ytringskulturen vel eg å sjå på som eit forsvar av ein aktiv norsk språkpolitikk. La språket få sin plass i den kulturelle grunnmuren.

Utskrift E-post