Kommentar: Mindre nynorsk = meir nynorsk

Kommunalbanken har som dei fleste andre norske nettstadar hatt eit domene for bokmål og eit for nynorsk. I tillegg til engelsk, japansk og nokre korte, omsette tekstar om banken på samisk og kinesisk. Som særs mange andre nettstadar, vil eg tru, var talet for klikk på nynorsksidene ikkje høge for å seie det mildt.

I ein typisk månad er det 4-5000 besøkande. Av dette var det 40 som fann dei nynorske sidene.

No er kanskje ikkje Kommunalbanken det domenet som mest vert knytt opp mot nynorsk, men dei fleste av dei omlag 150 kommunane som har nynorsk som hovudmålform er kundar hjå Kommunalbanken.

Difor tok me ei avgjerd tidlegare i år: me legg ned nynorsksida vår og flyttar nokre av tekstane over på bokmålsida. Fordelinga kan til dømes vera 25 prosent nynorsk og 75 prosent bokmål. Dette har me sjølvsagt ikkje kome på helt av oss sjølv. Statens pensjonskasse gjorde ei liknande øving for ei tid tilbake. Tilbakemeldinga dei fekk er interessant: ingen brydde seg.

Enno er domene med bokmål som hovudmålform i fleirtal, ofte med parallelt nynorskinnhald som brukaren må velje. Brukaren møter i praksis berre bokmål. Nynorsksidene blir gøymde og gløymde. Vi les annleis på skjerm enn på papir. Vi skifter heile tida mellom til dømes norsk og engelsk, og merkar ikkje så lett kva målform vi les.

På nettet er det berre ein ting som gjeld: finne det du leiter etter fortast mogleg med færrest moglege klikk. Då let vi oss ikkje distrahere av om teksten er i ein anna målform enn vi snakkar til dagleg. Vi søkjer kunnskap og då har ikkje målformen førsteprioritet. Kan det hende at å samla nynorsk- og bokmålstekstane på ein plattform gjer meir nynorsklesing totalt blant brukarane?

Det er også ein god grunn til å blande dei to målformene. Det er krevjande å halde ved like to parallelle innhaldsstrukturar sjølv om akkurat vår nettstad ikkje er særlig omfattande.

Fleirspråklegheit, om ein snakkar om bokmål og nynorsk, eller om norsk og eit framandspråk eller andre konstellasjonar av to språk som ikkje er identiske, tyder forskning på at det skjerpar hjernen å vere fleirspråkleg. Altså skulle blanding av bokmål og nynorsk på ein plattform vere reine hjernetrimmen.

Heilt frå 1814 då grunnlova vart forma har målet i språkpolitikken på overordna plan vore å skape eit felles norsk språk. Gjennom heile 1900-talet var målet å bygge opp jambyrdige målformer. På 2000-talet er det andre krefter enn dei nasjonale som norsk språk slåst mot. Det er vel kan hende nettstadane som lettast kan føra oss eit skritt nærare eit felles norsk skriftspråk. Ikkje nett over natta, men tidene endrar seg.

Me har altså fjerna 75 prosent av nynorsken på nettstaden vår. Likevel dristar vi oss til følgjande påstand: mindre nynorsk gjer at fleire av nynorsktekstane på nettstaden vår blir lest. Og det er det vi vil, er det ikkje?

Utskrift E-post