Vatn, energi og målbruk

Det er mykje målbruk i offentleg teneste, men dette skal ikkje vere eit åtak på New Public Management. Me vil heller seie noko om korleis me jobbar med å vere målmedvitne og lovlydige etter mållova.

NVE driv ikkje fyrst og fremst med nynorsk, det er vatn og energi som er vårt arbeidsfelt. Likevel er me som forvaltar av vassdraga og energisystemet vårt merksame på at nynorsk er eit godt byråkratspråk.

Ein etat som NVE står i dagleg språkleg samhandling med media nasjonalt og lokalt, noko som krev at vi heile tida utfordrar det faglege stammespråket og skriv så klårt som råd. Me meiner nynorsk er eit godt språk å skrive klårt på.
Ikkje ofte, men av og til, seier me: Lik det eller ikkje – slik er lova. Det gjorde vi i tilknyting til mållova. 25 prosent, folkens!

For sju år sidan såg vi at auken i talet på søknadar om løyve til småkraft ikkje kom til å minke med det første, og at småkrafta i stor grad er nynorsk. Sidan vi vel å sende pressemelding ved alle løyver eller avslag, innførte vi at dei konsekvent skulle skrivast på nynorsk. Litt trøblete i starten, men no sju år etter – heilt knirkefritt.

Energiproduksjon og lineføring krev areal, og store delar av arealet i Noreg er nynorskland. Vi held ofte folkemøte i nynorskkommunar der utbygginga potensielt skal finne stad. Etter nokre glipp og klagar frå observante lokalavislesarar har vi no fått inn i kvalitetshandbøkene våre at ein ALLTID sjekkar målvedtaket i kvar einskild kommune før ein annonserer folkemøte i lokalpressa.

Kvar veke i snøsesongen gjev vi ut ein rapport om snøtilhøva i landet. Her har vi ikkje gjeve sentrale føringar om målform, men medvitne medarbeidarar har funne ei veksling mellom målformene som fungerer.

Eit anna tiltak har vore å få på plass ei rutine der årvisse publikasjonar som årsmeldingar m.m. kjem ut kvart fjerde år på nynorsk. I tillegg har vi gjort det klart at ansvaret for å etterleve krava mållova set, ligg i lina, ikkje hjå ein einskild sakshandsamar i kommunikasjonsstaben. Skulle det hende seg at vi får ei klage på målbruken vår frå Språkrådet eller privatpersonar, vert ho alltid ekspedert vidare i organisasjonen til ansvarleg seksjonsleiar. Vår erfaring er at læringseffekten på den måten er større, og me ser at dess betre rutinar seksjonane har, dess færre klager får vi.

Eit tredje måltiltak er å integrere etterleving av mållova i NVE sitt sett med indikatorar/måltal, som vert gjennomgått av direktørgruppa kvar 2. månad. På den måten har vi høve til å korrigere om vi kjem skeivt ut. Etter at denne indikatoren hadde levd eitt års tid, vart han i tillegg døypt om frå nynorskprosent til etterleving av mållova.

Kvar onsdag gjev vi ut kraftsituasjonsrapporten vår. I tillegg gjev vi ut ein større analyse av kraftsituasjonen kvart kvartal.. Onsdag kl. 13 er òg klokkeslettet då vi gjev ut statistikk for kor mykje vatn det er i vassmagasina våre rundt i heile landet.

I fleire år no har alle desse rapportane vorte gjevne ut på nynorsk. Og då Språkrådet for ei tid tilbake påpeika at vi kanskje skulle prøve å få ned nynorskdelen på dei periodiske publikasjonane, sa våre normalt stilfarne analytikarar: – Nei. Vi vil halde fram på nynorsk. Vi har funne ein mal som funkar, så kvifor endre på det? Ganske godt spørsmål, eigentlig. Dette er noko av det som er mest lese på nettstaden vår, og blir mykje referert til i pressa. Difor held vi fram med nynorskonsdag på Nve.no.

Det er med andre ord mykje rutinar og lovfokus som ligg bak NVE sitt arbeid med målbruken. Det kan verke humørlaust og strengt, men for oss har det vore viktig å få klare køyrereglar som lettar skrivinga og senkar terskelen for å kommunisere på begge målformer. Sidan rapportane også går ut på NVE sin Twitter-konto, så har vi utan nokon som helst ekstrainnsats ein fin flyt av nynorskkvitter.

Ein stor del av tekstproduksjonen hjå oss har fleire forfattarar. Slike rapportar er nesten alltid på bokmål. Dersom den fyrste som skriv på prosjektet, har bokmål som hovudmål, vil rapporten verte skriven på bokmål, med mindre noko anna er avgjort.

Det er ein tendens til at forfattarar som har nynorsk som hovudmål, også legg opp til at større rapportar skal vere på bokmål, for å lette samhandlinga med kollegaar. Dersom ein skal gjere noko med dette, må ein på førehand avgjere kva målform eit arbeid skal gjerast på. Akkurat på dette punktet ser me at NVE har litt å gå på.

For oss verkar nynorsken som ei positiv kraft for klårt språk. Nynorsken til fjord- og fjellstammane i Noreg er motstandsdyktig mot stammespråket frå Brussel, Blindern og Bygg-instituttet på Gløshaugen i Trondheim, og krev klårare tale.

Dei tunge faga har lange og innfløkte substantiv. Når ein skal skrive seg inn i eitt av desse faga på nynorsk, lyt ein skrive om til aktive setningar, noko som krev at ein er sikker på at ein har forstått bodskapen.

Me arbeider rett nok lite med bioenergi i NVE, men me arbeider systematisk og byråkratisk for at me ikkje skal gå oss ville i nynorskskogen.

Hanne Bakke er seksjonssjef, seniorrådgjevar NVE
Håvard Hamnaberg er fungerande seksjonssjef NVE

Utskrift E-post