Kommentar: Språkåret – Barn og språk

Skrive av Jens Haugan .

Har du nokon gong tenkt over kor lett dei fleste barn lærer å snakke? Det går som regel lett, og det går som regel fort. Samanlikna med kor mykje arbeid og innsats det gjerne kostar når ein seinare i livet skal lære seg eit nytt språk, går språklæring som ein leik for barn.

 

 

Evolusjonen har finpussa på oss menneske over svært lang tid, og vi har rett og slett blitt programmerte til å kunne lære språk. Ut frå eit moderne dataperspektiv vil ein kunne seie at vi kjem med ferdig installert programvare.

Det er likevel ikkje så enkelt. Språkprogrammet må stimulerast for å fungere. Det er ikkje slik at sjølve språket er medfødd; det er berre evna til å lære språk som er medfødd. Det er òg mogleg at vi har ein grammatisk grunnstruktur i hjernen allereie frå fødselen, som Noam Chomsky kalla universalgrammatikk (UG). Men barn må bli utsette for språk; dei må bli stimulerte for at språket skal kunne vekse.

Det finst døme på barn som av ulike grunnar ikkje har høyrt menneskespråk i løpet av dei første ti – tolv åra, og dei klarte aldri å lære eit språk skikkeleg. Dette viser kor viktig det er å stimulere språkevna for at den skal utvikle seg og fungere. På den andre sida finst det då òg barn som veks opp med mange språk.

Når ein tenkjer på korleis ein som vaksen kanskje studerer språkfag i mange år og får vitnemål og gradar som teikn på høg utdanning og kompetanse, kan ein jo filosofere litt over alle desse barna i verda som meistrar både to og tre og fleire språk utan problem. Eit barn har vanlegvis tidleg ein språkleg kompetanse som overgår det meste av andre ferdigheiter ein skal lære seg i løpet av livet. Det tek mange år før barna lærer å smøre sine eigne brødskiver eller å knyte skolissene. Lenge før dei har lært dette, kan dei allereie bøye ord og lage lange, kompliserte setningar. Er det ikkje fantastisk?

Det viktigaste kjenneteiknet på mennesket som art er kanskje språket. Språkevna blir levert med «pakken»; det er berre å stimulere ho, og ho vil utfalde seg og blomstre. La barna lære språk! – I dette ligg det sjølvsagt også at barn kan lære fleire variantar av eitt språk, dersom dei får sjansen tidleg. Heldigvis tek den nye læreplanen i norsk mykje meir omsyn til dette enn tidlegare læreplanar, slik at vi også i framtida kan glede oss over språkleg mangfald.

Utskrift