Kommentar: Slapp med skrekken

Skrive av Tom Hetland .

Eg skal nok sova godt om nettene dei neste fire åra, stod det i ei pressemelding som leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, sende ut då regjeringserklæringa var klar 7. oktober.

 

Og sant nok – sett i forhold til det som kunne ha blitt språkpolitikken til dei blå-blå, kom nynorsken greitt ut av det.

Valfritt sidemål, som både Høgre og Framstegspartiet hadde på programmet, er erstatta med ei formulering om at regjeringa vil «støtte opp under begge målformene som hovedmål». Dessutan skal det setjast ned eit utval som skal vurdera norskfaget «med sikte på å styrke norskfaget som språkfag, gjøre sidemålsundervisningen mer engasjerende for elevene og forbedre karaktersettingen».

Det mest problematiske punktet for nynorsken er at regjeringa vil endra mållova. Dagens rett til å få svar frå staten på si eiga målform skal erstattast med ein rett for tilsette i staten og i språknøytrale kommunar til å skriva på si eiga målform – altså ei speglvending av «kunden har alltid rett»-prinsippet, som Høgre og Frp elles held høgt.

Men Vebjørn Sture har sannsynlegvis rett i at dette framlegget ikkje vil bli vedteke i Stortinget. Dermed blir det status quo på dette området òg.

Målfolket slapp altså med skrekken. Truleg kan dei takka Kristeleg Folkeparti og Venstre for at dei blå-blå har droppa det valfrie sidemålet, kanskje også ein del Høgre- og Frp-folk som har klart å overtyda partileiarane om at dette ikkje var noka god sak. Erna Solberg, som er vel kjend med stemningane på Vestlandet også utanom Bergen, har sjølv heller aldri vore blant dei som har stått på barrikadane mot sidemålet.    

Likevel, om Sture reknar med å sova godt om nettene også under Solberg-regjeringa, bør han stå tidleg opp om morgonen og jobba hardt dei neste fire åra. For det er eit faktum at nynorsken aldri har vore så utsett som ved dette valet. Det språkpolitiske byggverket, med grunnmur heilt tilbake frå 1880-åra, som har sikra jamstelling av dei to skriftmåla våre, kan ikkje lenger takast for gitt. Dei partia som vil endra det, har fått ei historisk høg oppslutnad ved val: 43 prosent til saman.

Ennå er det eit stykke til dei blå-blå får reint fleirtal. Men målfolket bør ikkje kjenna seg altfor trygge på alle dei andre partia heller. Venstre, som historisk sett har vore nynorsken sin sterkaste støttespelar, er framleis forplikta på denne arven. Samstundes er Venstre i ferd med å bli Noregs mest typiske storbyparti, med over 25 prosent av stemmene frå Oslo, Asker og Bærum aleine. Held denne utviklinga fram, er det naivt å tru at det ikkje også vil kunna bana veg for andre språkpolitiske haldningar i partiet.

Og frå den raud-grøne perioden veit me at også i Arbeidarpartiet og SV er det krefter som ikkje synest nynorsk og språkleg jamstelling er så viktig.

Målfolket bør derfor vera realistiske nok til å sjå at det blir ein tøffare kamp å forsvara dei språkpolitiske skansane i åra som kjem. Om dei klarer det enn så lenge, vil det over tid vera fåfengt å støtta seg på lovar og reglar dersom det ikkje er ei brei rørsle av aktive språkbrukarar som byggjer opp under jamstellingskravet. Nynorsken må vera eit levande språk, ikkje ein verneverdig museumsgjenstand. På mange område har dei siste åra vore gode for nynorsk språk og kultur. Men utviklinga på skulemålsfronten er illevarslande, med ein nedgang frå 15 prosent til 12,6 prosent det siste tiåret.

Så det er nok å ta fatt i. Og kanskje kan ein henta inspirasjon frå ei line i regjeringserklæringa: «Den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den daglige, frivillige bruken av språket.» 

Utskrift