Heim Nyhende Leiar for 500.000 barn og unge

Leiar for 500.000 barn og unge

Stian Seland (23) vart måndag vald til ny leiar for LNU – Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

Seland seier han gler seg til å bidra til at norske barne- og ungdomsorganisasjonar skal kunne halde fram med å redde verda.

Han vart vald på LNU sitt representantskapsmøte – Barne- og ungdomstinget, og med over ein halv million medlemskap i norske barne- og ungdomsorganisasjonar er det eit mangfaldig og viktig verv han tar over.

– Eg ser frem til å jobbe med at organisasjonane skal få gjere det dei kan best. Alle medlema våre bidreg på ulike måtar til å forandre verda til det betre, seier han.

Han ser fram til å leie LNU i tida frem mot stortingsvalet, og å jobbe for å vise kor verdifullt arbeidet til LNU gjør.

– Det er ei myte at barn og unge ikkje lenger engasjerer seg i organisasjonsarbeid. Fleire barne- og ungdomsorganisasjonar blir danna, og talet på medlemer i organisasjonane aukar.
At slike myte får fotfeste er derfor veldig leit. Det gjer det vanskelegare å få til gode ramevilkår for dei meir 500.000 barn og unge som engasjerar seg i organisasjonsarbeid, seier Seland.

Den nyvalde leiaren er fødd og vaksen opp i Oslo, og har vore med i Norges Speiderforbund i 15 år. Han har sete i LNU-styret det siste året, og har også hatt tillitsverv frå andre organisasjonar. Han studerer for tida retorikk ved Universitetet i Oslo.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...