Trur på eit allspråkår i 2013

– Kanskje vil eit slikt stort allspråkjubileum bidra til større språkleg og demokratisk bevisstheit, skriv Jens Haugan om Språkåret 2013. 

Han viser og til at dette kanskje vil føre til mindre motsetnadar mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, mellom  norsktalande og samisktalande, og mellom alle dei som meiner dei snakkar reine dialektar.

– Og mellom dei som knotar eller som har eit talemål som er påverka av andre språk, skriv Haugan på nm.no Innlegget har også tidlegare stått på trykk i Hamar Dagblad og Hamar Arbeiderblad. 

Språkåret skal vere ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald. Og sjølv om utgangspunktet for feiringa er 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teater som representantar for det nynorske, skal også bokmålet feirast nasjonalt, saman med samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.

– Ifølgje prosjektplanen har det vore om lag 200 språk i bruk i den norske kvardagen det siste tiåret. Dette er eit utruleg stort tal; spesielt når ein tenkjer på at media ofte berre har fokus på at enkelte er misnøgde med at nynorsk skal vere sidestilt med bokmål, skriv Jens Haugan. 

Utskrift E-post